skulebloggen

Dei gode døma – refleksjon 1

Posted by: margreta on: april 26, 2009

Konferansen Dei gode døma vart avvikla på Flesland torsdag og fredag denne veka. Det er HFK sin konferanse, og arrangementet gjekk av stabelen for andre gong i år. June Breivik har vore primus motor, og all ære til henne for eit fantastisk arrangement, med varierte og gode føredrag, god mat og service, i det heile, alt var heilt på topp.

Det var fleire som blogga direkte frå konferansen, blant anna kjemikeren og Elisabeth. Takk til dei, no er det lett for oss andre å friska på hukommelsen. I tillegg vart mange av føredraga streama og lagt direkte på nett, så ein kan sjå føredraga oppatt når ein måtte ynskja det. Eg har difor ikkje tenkt å referera frå konferansen, i staden skal eg bruka litt tid på div tankar eg gjorde meg der og då, og tankar som har kome i ettertid. Og den første refleksjonen går på min eigen konferanseåtferd. Eg noterte ikkje eit kløyva ord under heile konferansen. Eg hadde ikkje PC’en oppe før på Paul Chaffey sitt føredrag, då eg bestemte meg for å testa ut korleis det var å twitra medan eg høyrte på. Det var ikkje spesielt vellukka, eg konsentrerte meg mykje dårlegare på den måten. Det kan bety at eg er dårlig til å multitaska, og ikkje bør drive med denslags. Det kan sjølvsagt også ha med at konsentrasjonen allereie var begynt å svikta, seint andre dag.

Uansett, det er ikkje så lenge sidan eg alltid tok notat for hånd i slike samanhengar. Eg har ikkje medvite bestemt meg for å slutta med det, det kan godt henda eg hugsa meir på den måten. Men innstillinga mi har endra seg. I staden for å vera mest oppteken av kva som vert sagt, er eg oppteken av dei tankane det set i gang hjå meg. Og det er ein heilt annan innfallsvinkel. Eg hoppar på ein måte over eit steg som eg alltid tok før, nemlig at eg sikra meg at eg kunne reprodusera, for så å kunna bruka eller tenkja i neste omgang.

Kva inneber dette? Og er det ei høgst individuell endring, som ikkje angår andre enn meg? Eg trur ikkje det. Roger Säljö snakka om korleis vi eksternaliserer minne, og alltid har gjort det. Vi kan ikkje hugsa alt, vi må lagra kunnskap utanfor oss sjølve. Og med teknologien i dag, er det ein enkel sak, og kunnskapen kan lett finnast att. Eg kan, som sagt, sjå opp att føredraga når eg vil, kvar som helst. Kvifor skal eg då notera? Eg kan også finna alle føredragshaldarane på nett, lesa artiklar etc.

Eit anna poeng er at eg tek med meg det som er viktig for meg, eg er eklektisk, eg prøver ikkje ein gong å få med meg alt. Det er dei refleksjonane eit føredrag kan setja i gang hjå meg, korleis eg kan passe dette inn i min forståingshorisont og få ny innsikt, som er det viktige. Eg spør: “Kva betyr dette for meg?”, ikkje “Kva er hovudpoenga i dette føredraget?”

Og kva så? Spørsmålet er jo sjølvsagt kva dette inneber for læring. Er elevane slik som meg? Er dei eklektikarar, som i møte med skulens “kunne noko om alt”-paradigme, slit med motivasjonen? Og kva konsekvensar får dette? Det er vel eit slags minimum som alle bør ha med seg, når er det innlært? Og om læringa vert meir “personalisert”, vil elevane då i større grad finna seg nettverk av menneske som er opptekne av det same som dei, UTANOM skulen? Blir klassestrukturen dermed meiningslaus? Håpar nokon vil diskutere!

Merkelappar: ,

2 kommentarar til "Dei gode døma – refleksjon 1"

Jeg synes du addresserer mange interessante spørsmål Margreta. Læring er definitivt individuelt, og utbyttet som hver og en av oss har av undervisning / foredrag avhenger av vårt eget fokus – nettopp fordi det vi hører / erfarer setter i gang tanker og prosesser.
Den store forskjellen på oss og elevene er at vi har en konkret jobb som vi knytter utbyttet fra konferansene til. Jeg tror mange elever mangler oversikt over hva de kan ha nytte av i de ulike fagene (de har tross alt mange flere fag enn oss), og dermed har de ikke mulighet til å filtrere på samme måten som oss – og så blir det kanskje ‘overload’ i stedet?
Hmmm, må tenke videre på dette :-)

[...] noenlunde oppdatert på hva som skjedde på Clarion disse dagene. Noen av deltakerne har skrevet refleksjonsinnlegg etter konferansen, enten med kommentarer om foredragene eller om konferansen som helhet, eller [...]

Legg att eit svar

margreta på delicious

Mine bilete på Flickr

October Frost

Into the blue

Hearts come in many shapes and sizes

More Photos

Kvidderet mitt på Twitter

Blog Stats

  • 8,475 hits