Posted by: margreta on: oktober 24, 2009
Av og til kan det vera godt å stenga verda ute. Krype under dyna litt, eller berre drikka ein kopp te og stirra ut i lufta. Behovet er ikkje blitt mindre etter at nettbruken min har eksplodert. Eg merkar at eg somme tider treng å kobla ut, bokstaveleg tala. Alle mine gode vener på Twitter [...]
Posted by: margreta on: september 20, 2009
Det er tida for doku-såpe/realityshow frå norsk skule. NRK starta med sin “Lærerne”, som føl lærarar og klassar ved Årvoll skole i Oslo. Styrken ved serien er at han viser kor mange ulike utfordringar ein lærar må takle i løpet av skuledagen, og eg syns også lærarportretta er fine. Eg får ein valdsam respekt for [...]
Posted by: margreta on: august 17, 2009
Uha! Alt på onsdag ramlar det inn ei mengd med totalt ukjende unge menneske, og sidan det er første dagen, set dei seg pent ned og ser på MEG. Skrekkblanda fryd er eit særdeles dekkjande uttrykk for den kjensla eg får av å tenkja på det. Eg har så mange ynskje for korleis det skal [...]
Posted by: margreta on: mai 23, 2009
Først to spørsmål: Syns du skulen skal vera den mest relevante staden å opphalda seg for barn og unge? Syns du at det er på skulen dei skal få kunnskapar og kompetanse dei treng for å møta verda slik ho ser ut om 10-20 år? Ja? Då må vi skunda oss veldig! Det fins nemleg [...]
Posted by: margreta on: mai 9, 2009
Ein vanleg kommentar frå lærarar, anten det gjeld nye pedagogiske idear, eller meir bruk at IKT i skulen, er “Men kva med faget, då?”. Eg har vore innom dette tidlegare, særleg lærarar i vidaregåande likar å halda fagfana høgt. Misforstå meg rett, eg er sjølvsagt utruleg glad for at lærarane er opptekne av faga sine, [...]
Posted by: margreta on: april 26, 2009
Konferansen Dei gode døma vart avvikla på Flesland torsdag og fredag denne veka. Det er HFK sin konferanse, og arrangementet gjekk av stabelen for andre gong i år. June Breivik har vore primus motor, og all ære til henne for eit fantastisk arrangement, med varierte og gode føredrag, god mat og service, i det heile, [...]
Posted by: margreta on: februar 10, 2009
Eg kan sjå av bloggstatistikken min at mange som søker på ordet vurdering på nettet, hamnar her. Det gjer innlegget eg skreiv om vurdering og vurderingsverktøy i haust, det mest lesne innlegget på bloggen min. I tillegg kom eg i skade for å seia noko om vurdering på antikonferansen på Gardermoen sist veke, og dette [...]
Posted by: margreta on: februar 5, 2009
I januar skreiv eg om at vi skulle setja oss ned for å revidera IKT-strategien vår på skulen. Vi hadde invitert June Breivik som er leiar for den digitale skulen i Hordaland, og ho stilte ein del spørsmål som var nyttige for oss når det gjaldt å koma vidare. Det endte med at vi bestemte [...]
Posted by: margreta on: februar 1, 2009
Eg veit kven eg vil ha. Eg vil ha dei beste, mest samvitsfulle norsklærarane som er mogleg å få tak i! Eg vil at når sensorane sit der med Kjetil og Sissel sine svar, som dei har sveitta over og grudd seg til å skriva, og som dei har skrive mest mogleg i tråd med [...]