skulebloggen
BETT 2012
Mitt første besøk på BETT er over, og det har vore nokre interessante dagar på mange måtar. Eg hadde blitt kraftig advart på førehand om kor kaotisk og stort det heile var, kor viktig det var med ein plan for besøket, osv. Eg laga ingen plan, i staden justerte eg ambisjonane, og eg er godt nøgd med det eg fekk ut av det. Vi snubla nesten inn på Stephen Heppel sin stand, og der var det akkurat klart for presentasjon av Saltash.net, ein skule (11-18) i Cornwall. Deira utgangspunkt for å satse digitalt, var nettopp at dei ligg i Cornwall, ganske langt ute på landet. Ved å gå frå Saltash til Saltash.net, kunne verda komme nærare. Dei har, i motsetnad til dei aller fleste britiske skular, opna for bruk at sosiale media, mobiltelefonar, etc. Dette gjer dei i kombinasjon med ekstensiv opplæring i nettvett – noko som sjølvsagt gir litt meir meining når nettet faktisk vert brukt fritt. Dei er ein skule med jordbruksfag, og dette har gitt spennande prosjekt som t. d. Recharge the Battery:
Eg kjem definitivt til å kontakta Dan Roberts som hadde presentasjonen, for å få vita meir, for dei er tydelegvis på veg til ein stad der læring ikkje lenger er avgrensa til klasserommet som han seier i videoen, og eg vil gjerne vita kva som skjer med timeplanar og faggrenser. Sjekk ut webkameraet Pigcam forresten!
Eg hadde også ein interessant prat med Connected, som utviklar Playstation brukt i læring. Det eg likte utruleg godt med deira tilnærming til GBL(game based learning), var at dei utviklar programvare som gjer at elevane kan laga spela sjølve. Dei må altså konstruera figurar, problem (som då sjølvsagt kan knyttast til mål i læreplanen) og storyboard. Seinare kan dei dela spela sine med andre på nett. Dette trur eg har stort potensiale, og eg kjem til å skriva meir om dette, førebels slit eg litt med at nettsida deira er litt lite konkret.
Til slutt: Messa fløymde over av læringsplattformar i alle fasongar, og kontroll/styringsverktøy for skulane. Litt kjedeleg. Eg er også einig med Eva som skriv om at det meste framleis handlar om fancy formidling. Men innimellom er det altså lyspunkt som Saltash!
Idealisme og realisme
Eg er ein idealist. Eg lever med eitt bein i dagdraumane og bileta av korleis verda burde vera, og eitt i kvardagen. Eg er i skulen for å endra verda. For å bety noko for nokon, for å utgjera ein skilnad for nokon. Eg har søkt makt no, eg sit i skuleleiinga. Det er fordi eg trur eg kan påverka, gjera endå meir frå ein slik posisjon. Skal ungdomane våre tora å ta det store ansvaret vi ventar av dei, må vi både setja dei i stand til å agera i ei stadig skiftande verd med informasjonsoverflod, vi må gi dei mot til å følgja draumane sine, og kunnskap til å handla på. Vi må gi dei medvitne verdiar, så dei kan velgja mellom rett og gale. Eg ser det som mi oppgåve å få dette til. Eg syns ikkje skulefolk skal ha mindre ambisjonar.
I februar arrangerer vi vår andre framtidskonferanse. Det er ein 3-dagars konferanse for elevane på vår skule. Innhaldet er ei blanding av mindre workshops og store føredrag, og temaet i år er “Teknologi og menneskeverd”. Målet med framtidskonferansen er å inspirera elevane til å våga å tenkja store tankar om framtida, til å ynskja å ta ansvar, og til å finna det motet som skal til. Det gjer vi mellom anna ved å invitera kunnskapsrike og spennande menneske som kan snakka med elevane våre om sider ved denne tematikken. Menneske som kombinerer idealisme og realisme. Mads Gilbert, Eskil Pedersen og Øyvind Strømmen, Jon Wessel-Aas og Synnøve Kvamme, er berre nokre av dei som kjem.
Det er det som skjer i kvardagen som betyr mest, sjølvsagt. Alle timane saman med kunnskapsrike og gode lærarar. Men eg håpar at det å gi elevane noko ekstra, fordi dei er det viktigaste og finaste vi veit, også kan bety noko.
Så – idealisme er grunnleggande, vågar eg å påstå. Også må ein ha eit klima der idealisme kan kombinerast med realisme, der idear kan bli til røyndom. Der du kan leika saman med andre som seier “Det er klart vi får det til!”, i staden for “Joda, men…”. Det kjennest fint å sjå dagdraumar bli til røyndom.
Ansvar for eigen læring
Det er vel ikkje noko omgrep som har vore meir misforstått og meir utskjelt i norsk skule dei siste åra enn “ansvar for eigen læring”. I 2007 tok sjølvaste utdanningsministeren eit oppgjer med omgrepet: “Nå tar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell det endelige oppgjøret med metoden som har gitt tidkrevende, bråkete og resultatløst gruppearbeid i klasserommene”. I går kveld kunne dei som såg Dagsrevyen, få med seg professor Thomas Nordahl, som lista opp “ansvar for eigen læring” som ein av dei faktorane John Hattie har funne ikkje fremmar læring. Når Nordahl skulle forklare kva dette var, sa at det var når ein hadde vekeplanar, og så hadde elevane ansvaret for å læra det som står på vekeplanen. Eg har ikkje Hattie framfor meg, og kan ikkje sjekka om dette stemmer med korleis han definerer omgrepet. Men både slik Solhjell snakkar, og slik Nordahl forklarer, høyrest det ut som “ansvar for eigen læring” er ein metode. Men er det det?
Då eg gjekk på PPU, var noko av det mest grunnleggande vi lærte, at det var skilnad på undervisning og læring. Læring er ein aktiv prosess, den som skal lære, må føreta seg noko, anten det er kognitivt eller praktisk arbeid. Denne artikkelen av Ivar A Bjørgen gir eit fint historisk oversyn over denne tenkinga. På dette grunnleggande nivået er det altså berre individet sjølv som kan lære. Men det tyder jo ikkje at læraren er overflødig, læraren må tilrettelegge for eleven slik at eleven kan lære.
No skal eg bevega meg ut i meir personleg bloggsynsing om emnet: Det må vera eit mål at når eleven går ut av skulen, er han i stand til å ta ansvar for si eiga læring, på same måte som det er å håpa at når barn flyttar heimefrå, er dei i stand til å ta vare på seg sjølve. Dei fleste foreldre gir borna sine gradvis meir fridom og meir ansvar for eigne val, ettersom barna vert eldre og meir mogne. På same måten må skulen syta for å gradvis setja elevane i stand til å ta ansvar for eigen læring. Korleis gjer ein dette? Her er det funna til Hattie, og forsåvidt intensjonen bak mange av lovene og forskriftene som gjeld i skulen, kjem inn. Og for den del Vygotsky, for å vera heilt grunnleggande. Den gode læraren konkretiserer læringsmålet for eleven, og viser han vegen mot målet. Etterkvart er det fint om læraren kan vise eleven fleire vegar mot målet, slik at eleven kan ta eit val. Læraren gir eleven tilbakemelding på arbeidet, og framovermeldingar. Etterkvart støttar han eleven i å vurdere seg sjølv, og ta eigne val om vegen vidare. Slik hjelper han eleven til å bli kjent med seg sjølv, til å vite noko om kva som er gode val for seg, til å ta ansvar for eigen læring.
Dermed blir ein karikert framstilling av eit klasserom der alle virrar rundt og tek ansvar for eigen læring (ja, det har nok skjedd), like misvisande for kva ansvar for eigen læring dreier seg om, som ei karikert framstilling av eit klasserom der læraren har stålkontroll, aldri brukar tid på å snakke om læringsmåla, der elevane lærer til prøva, og er totalt passiviserte.
Ansvar for eigen læring er ingen metode. Det er eit stort og viktig mål for utdanninga.
Arven frå romantikken
Noko av det kjekkaste eg veit som norsklærar, er å jobba med romantikken. Eg har ein sterk og langvarig kjærleik til perioden. Ut frå spennande filosofiske idear veks det fram eit nytt Europa, Noreg vaknar som nasjon, kunstarane får genistatus og produserer verk som framleis grip oss. Det moderne spirer fram. Men det eg syns er aller viktigast i klasserommet, er å hjelpa elevane til å sjå at store delar av romantikkens estetikk og tankegods framleis lever i beste velgåande. Vi er på mange måtar barn av romantikken, om vi likar det eller ikkje. Naturestetikken vår kjem derfrå. Utan den, ingen monstermast-debatt. Våre idear om nasjonen, om oss sjølve som noko særskilt – “typisk norsk”, kjem derfrå. Og ikkje minst kjem våre tankar om kunst derfrå. Vi hyller framleis det inspirerte geniet.
Men romantikkens kunstestetikk har ikkje hatt så heldige konsekvensar i skulen. Så seint som på slutten av 1980-talet, då eg var gymnasiast, var ein anten flink i norsk, eller ikkje. Ein kunne rett nok verta betre i rettskriving, men det å strukturera ein tekst, å skriva ei god novelle – det var ikkje noko ein kunne læra på skulen. Eg leverte pliktoppfyllande inn stilane mine og fekk dei att – med ein eller annan karakter rundt 5 på, og litt skryt. Eg var flink i norsk. Kvifor – kva det var eg gjorde rett, eller kvifor det ikkje gjekk endå betre, ante eg lite om.
Heldigvis øydela nokre gode norsklærarar dette pardigmet omtrent på denne tida. Laila Aase skal ha mykje av æra for å løfta fram klassisismens skriveopplæring, der eksemplum spela ei stor rolle. Elevar fekk jobbe med eksempeltekstar, herme etter dei, plukke dei frå kvarandre og sjå på delane. Skriveopplæringa vart mykje betre av dette, og ein kunne læra å skriva godt, på linje med å læra andre ferdigheiter.
Men framleis sit arven frå romantikken att i skulen. Vårt bilete av eleven har framleis det romantiske geniet som ideal. Aleine, med bøkene, veks ideane fram, og aleine skriv han inspirerte meisterverk. Det er det eleven kan produsera aleine, som betyr noko. Det å arbeida saman med andre er vel og bra, for å trena på sosiale ferdigheiter, men produkta som kjem ut av det, har lita vekt. Elevane forstår dette – skal dei skriva saman, deler dei oppgåva opp i passande delar, og så limer dei i hop til slutt. Og eigentleg forstår ingen vitsen, særleg ikkje dei flinkaste, det hadde vore mykje lettare å berre gjera alt sjølv.
Det er berre det, at livet utanom skulen har gått vidare. Det fins få arbeidssituasjonar der ein sit aleine og jobbar fram sine geniale idear. Samarbeidsevner er noko av det viktigaste arbeidgjevarar ser etter, og ein jobbar fram rapportar, produktidear, finansieringsløysingar etc, saman. Til og med forskarane, dei mest geniale, jobbar i prosjekt.
Skal vi for alvor bryta med romantikkens geniestetikk i skulen, må vi gjera noko med eksamen. Eksamen er heilt og haldent bygt på denne tanken om at det ein kan produsera aleine og uforstyrra, er det som har verdi. Det å kunna noko, betyr å kunna noko aleine. Og berre det. Norskeksamen er eit kroneksempel. Skriv ein lang tekst aleine. Eller skriv ein kort og ein lang tekst aleine. Det er klart at internett er ein stor trussel mot dette. Diskusjonar med andre om viktige problemstillingar blir fusk. Samskriving blir fusk.
Eg trur det er viktig å sjå på kva slags førestillingar som gøymer seg bak det vi gjer og står for. Eg trur romantikken fins i skulen framleis, og eg trur vi bør bli kvitt han, som noko anna enn historisk stoff. Eg kan framleis gleda meg over å undervisa i perioden og peika på kor store konsekvensar han har hatt, men eg kan ikkje tillata meg å ha det romantiske geniet som ideal for elevane mine.
Å starte ein skule
Det er laurdag 21.august 2010, og Nordahl Grieg videregående skole er i gang. På tysdag som kjem er det stor offisiell opning, der elevar som har gått på skulen i fire dagar på det tidspunktet, står for underhaldning, guiding, dokumentasjon og anna aktivitet i bygget. Under kyndig leiing av lærarar som har arbeidd på skulen ca ei og ei halv veke. Same ettermiddag er det ope hus, også med elevar og lærarar i spissen. Det går rykter om ein eigen TV-kanal i emning, Facebook-grupper og -sider blir oppretta…det myldrar! Oppi dette har vi starta arbeidet i faga. Dei fleste elevane har fått PC. Eg trur vi seier oss nøgde med starten! Eg har god tru på at fortsetjinga også blir fantastisk. Eg er utruleg stolt av kva vi har fått til på så kort tid. Og eg er stolt av at dette har mykje med arbeidet leiargruppa har lagt ned på førehand å gjera. Resten av dette blogginnlegget skal handla om våren og sommarens arbeid, kva har vi gjort, og kva har eg lært.
I februar/mars var leiargruppa stort sett på plass. I løpet av nokre hektiske månader skulle vi bli samansveisa, bygga ein organisasjon, laga ein utviklingsplan og læra å leia ein skule. Samstundes skulle potensielle lærarar intervjuast og tilsetjast, samarbeidsplanane med UiB vidareutviklast. Eit bygg skulle ferdigstillast. Pluss ein del anna. Heldigvis hadde rektor Lin jobba med skulen i eitt og eit halvt år allereie. Og ass.rektor Lise, adm. leiar Bjørn Hallvard og fagleiar Anita hadde også nokre månader bak seg. Og ikkje minst: Lin og Lise hadde stor kompetanse i leiing i ein lærande organisasjon.
Vi starta arbeidet med utviklingsplanen tidleg. Gjennom dette arbeidet lærte vi alle utruleg mykje. I ein lærande organisasjon deler ein kompetanse og driv med metarefleksjon, og ein søker stadig å utfordra sine mentale modellar. Ein spør heile tida: Kvifor? Kan vi gjere dette på andre måtar? Eg utfordra og blei utfordra heile tida. Resultatet vart eit dokument som framleis ikkje er ferdig, no er det lærarane sin tur å setja sitt preg på det. Eit viktigare resultat vart ei leiargruppe der alle kjenner eigarskap til planen, og planen gir oss ei felles retning. Vi veit kvar vi vil, og vi vil same veg.
I løpet av våren har eg også erfart og lært at distribuert leiing er alfa og omega i ein lærande organisasjon. I våre møte må alle deltakarar ta ansvar for møteleiing og referatskriving kvar sin gong. Vi evaluerer alltid møta i til slutt, og alle må delta. Å ansvarleggjere alle i organisasjonen er utruleg effektivt. Våre møte fører til resultat og avgjerder, ingen misbrukar andre si tid. Eg kjenner ansvar for alt leiinga driv med, ikkje berre “mitt” område.
Til slutt: Eg har lært at vi ikkje har dårleg tid i skulen. Vi kan faktisk velge å gripe det handlingsrommet vi har, og forme vår eigen kvardag. Det fins eit rom mellom forskrifter og læreplanar, og skulekvardagen. Alt handlar om organisering og leiing. Og då meiner eg leiing på alle nivå.
Lin sa på den første planleggingsdagen at å jobbe på Nordahl Grieg skal vera eit av livets goder. For meg er dette sanning alt.
Her er så underlig
Det er tidleg mai 2010 i Norge. Same veka som ein pedagogikkprofessor i Oslo skriv i papiravisa Klassekampen at eitt hovud, eit papir og ein penn er nok til eksamen, sit nærare 800 skulefolk og nikkar i takt i Trondheim medan Arne Krokan stiller diagnosen på norsk skule, og antyder konnektivisme og sosialkonstruktivisme som medisin. Det er til å få vondt i hovudet av: Kva er røynda? Kvar er skulen eigentleg? Kven var på konferanse? Kven er denne pedagogikkprofessoren?
Eg veit ikkje heilt om eg vil reise på fleire slike konferansar. Tenkologien som vi alle hyller, gjer at eg kan sitja heime og sjå føredraga. Det sparar CO2. Inviterer du meg til ein workshop der vi skal snakke saman og forplikte oss, derimot, kjem eg. Snakke om kva? Om dei vanskelige tinga, om dei store, vanskelege, strukturelle endringane. Vi har ein skule full av teknologi, som køyrer i eit paradigme som ikkje er tilpassa teknologien. La meg bli tydeleg: Formidlingspedagogikken lever i beste velgåande. Det burde den ikkje. Den burde vera stein dau. Den byggjer på eit kunnskapssyn der læraren er den som sit på mest kunnskap, som skal overleverast elevane. I slike klasserom er internett ei kjelde til irritasjon og maktesløyse. Og vi veit det, og vi står framme og underheld som best vi kan like vel. Med pultar i bussformasjon. Vi plasserer elevane i klasser basert på eitt einaste kriterium: alder, fordi vi trur det er nøytralt og rettferdig, sjølv om vi veit at to 14-åringar kan omtrent vera på kvar sin planet utviklingsmessig. Vi har eit vurderingssystem som måler individuell kunnskap. Genuint samarbeid tel ikkje på karakteren. Eg har skrive utviklingsplan med kollegaene mine den siste månaden. Vi har samskrive i eit Google-dokument, fordelt område, kome saman, diskutert og revidert, omdisponert, skrive vidare der andre har starta. Kva om vi skulle få karakter på dette? Umogeleg. George Siemens seier at kunnskapen ligg i nettverk, at den er organisk og flytande. Vi lærer saman. Korleis vurdere denne type læring? Forskning seier dessutan at tilbakemelding som blir gitt saman med ein karakter, har ingen effekt. Vi gir slik tilbakemelding likevel. Er det ikkje på tide å avskaffa karakterane? Og eksamen – individuell, utan kommunikasjon, men med datamaskin. Måler den noko relevant, noko samfunnet i 2010 treng kunnskap om? Lat meg ta norskfaget som døme. Norsklærarar rettar seg forderva, pga at eksamensforma krev at eleven kan skriva ein lang tekst aleine. Så dei trener på dette. Og når dei kjenner at noko er gale, er den einaste løysinga å slutte med eigen karakter i sidemål. Skulle vi ikkje heller seia at vi treng ein annan skrivekompetanse i vår tid? Kva er viktig å kunna? Ikkje minst har vi eit stort problem med fusk. Elevar fuskar i veg ved hjelp av teknologien, og gudane skal vite at det er god hjelp å få. Fusk er eit symptom på eit system som er rotna på rot, det poenget ikkje er å læra, men å spela i det Michael Wesch kallar “The getting by-game”.
Vi kan ikkje venta på at pedagogikkprofessorane skal ta tak i dette. Eg trur ikkje det kjem frå Udir heller, med det første. Eg gidd ikkje sitja å klaga av den grunn. Lat oss koma saman, setja oss ned, og sjå på kva vi har som er verdt å ta vare på, og kva som bør hivast på skraphaugen. Lat oss koma opp med ein relevant skule som tek det vi høyrer på konferanse på alvor. Lat oss så søka Udir om å prøva det ut. Eg er sikker på vi får det, lat Udir gjerne delta i prosessen. Nokon må starta.
Bilete: Image: ‘her name is headache.’
Litt om den nye jobben min – endeleg
Eg starta altså som fagleiar på Nordahl Grieg vidaregåande skule i februar, etter 12 år meir og mindre samanhengande jobb som lærar på Knarvik vidaregåande skule. Det var eit val som kravde litt tenking; det ville innebera store omskifte, også privat, med flytting. Men eg har alltid tenkt at eg bør ta utfordringar som kjem min veg, og stillingsutlysinga fortalde om draumejobben.
Og det er det! Mange spør meg kva eg EIGENTLEG gjer på, i og med at skulen ikkje opnar før i august. Eg skal prøva å seia litt om det. Mine arbeidsområde er ansvar for utviklinga av den pedagogiske bruken av IKT på skulen, og for samarbeidet skulen skal ha med UiB og med næringslivet. Mykje tid har gått med til arbeidet med utviklingsplanen vår, i samarbeid med dei andre i leiinga. Det har vore utruleg givande, og ein god måte å verta kjende på. Å få diskutere pedagogiske spørsmål med så flinke og engasjerte folk, få bryne seg på nye innfallsvinklar og tenkemåtar, er eit privilegium. Du finn rektor sine tankar om prosessen så langt på hennar blogg. På mandag førstkomande har vi invitert lærarutdanninga v. UiB til eit møte med utgangspunkt i utkastet til plan. Vi gler oss til å få deira innspel og til vidare samarbeid.
Skulen satsar tungt på forskningsbasert undervisning og teknologi. Det er eit mål for oss å hjelpe til med auka rekruttering i realfaga. Litt merkeleg at ein norsklærar skal jobba mykje med denne satsinga? Det er så spennande! Vi har fått ein pangstart på dette arbeidet med eit samarbeid med Mat-nat og Vilvite-senteret. Det er nok ikkje mi forteneste, men eg gler meg til å arbeida med det. Og eg lærer noko nytt kvar dag.
Når det gjeld kva grep vi skal ta innan pedagogisk bruk av IKT, skal eg koma tilbake til dette når utviklingsplanen er komen litt lenger.
Sjølvsagt driv vi også med meir trivielle ting, det er ein heil del som skal vera på plass når ein opnar ein skule! Rutinar og skjema, etc. Vi delar arbeidet mellom oss på desse tinga. Og ikkje minst må vi tenkje på opningsvekene – der alt er nytt for alle, både lærarar og elevar. Korleis får alle ein god start? Det er IKKJE trivielt, men frykteleg viktig.
No etterkvart har det gått opp for meg kva som har hendt. Eg har fått enorme utfordringar på ein ny arbeidsplass med nye  nysgjerrige, kompetente, reflekterte, kritiske kollegaer.  Kvar dag møter eg nye tankar og må utfordra meg sjølv. Eg har det fantastisk!
Inspirasjon frå Dei gode døma 2010: Stephen Heppell
Årets store konferanse i Hordaland, Dei gode døma, er over. Det var to flotte dagar saman med tidlegare og noverande kollegaer, og ikkje minst mange venner frå twitter, facebook og bloggosfæren. Eg undrar meg over kor godt eg føler eg kjenner desse menneska som eg møter for første, kanskje andre eller tredje gong. Sosiale medier har gjort livet mitt rikare, og dei som då tenkjer at eg må ha hatt eit trasig liv i utgangspunktet, syns eg synd i.
For meg kom den store inspirasjonen denne gongen frå professor Stephen Heppell. Dei to føredraga hans var fulle av gode døme på skular der born og unge får realisera sitt enorme potensial: “How good can our children be?” Vi bør ikkje stenga for teknologi, forbi mobiltelefonar, etc, for ungane kan bruka dette til læring på måtar som vi ikkje har fantasi til å førestilla oss. I det heile bør vi høyra mykje meir på ungane når vi planlegg skular og læring.
Eg skal ikkje prøva å gjengi alle dei gode poenga til Heppell, eg tilrår alle å sjå føredraga hans. I staden vil eg ta fram eitt moment: Skulen som ein institusjon born, foreldre, lærarar, leiarar og lokalsamfunn er stolte av! Vi bør i mykje større grad løfte fram arbeidet elevane gjer og vise det fram, i lokalsamfunnet, til foreldra. Heppell føreslo å bygga læringssenter i storgata, i butikkar som vert nedlagte pga auka netthandel. Dette var både eit konkret forslag, og ein metafor for kva som bør vera i sentrum i samfunnet i dette hundreåret: læring. Han snakka også om lærarar som hadde som ambisjon at alle elevane deira skulle vera stolte av å gå i deira klasse. Og om elevar som sat saman tre og tre og fortalte kvarandre kva dei hadde gjort på skulen den dagen som dei var stolte av: Praisepod!
Det er utruleg spennande tider å vera lærar i, tenk så priviligerte vi er som får vera med i denne enorme utviklinga. Vi har alltid hatt eit viktig yrke, no er det viktigare enn nokonsinne: Korleis hjelper vi born og unge til å bli så gode som dei kan? Korleis førebur vi dei på å leva i ei verd som utviklar seg i eit enormt tempo? Korleis skal vi gjera ungdomane stolte over å gå på vår skule? I vår klasse? Korleis gjer vi dei stolte av seg sjølve? Er vi stolte av oss sjølve? Og kan vi vera det, samstundes som vi torer å vera i ein situasjon der vi ikkje har alle svara, samstundes som vi torer å la ungane overraske oss? Og der vi heile tida torer å spørja oss sjølve korleis vi kan bli litt betre?
Treng ein ein lærar for å læra noko?
Nei, det gjer ein ikkje. Alle veit at barn lærer ekstremt avanserte ferdigheiter og tek til seg enorme mengder kunnskap FØR dei byrjar på skulen. Å utvikle eit språk er jo noko barn klarer berre ved å vera i eit språkfellesskap. Ein treng jo forsåvidt ikkje skular heller, for å læra noko. Eg lærer stadig vekk noko nytt, og eg har ikkje gått på skule på aldri så lang tid. Eg nektar også å vera med på ein teori om at det er fordi eg stadig oppheld meg på skular!   Så kvifor treng vi lærarar? Vel, det må jo vera fordi dei er ekspertar på noko. Og etterkvart som barn blir eldre, kan vi ikkje stola på at berre det å slenga rundt i eit eller anna miljø, vil gjera at dei lærer. I alle høve ikkje det vi vil at dei skal læra. Vi treng ekspertar på dei områda samfunnet har bestemt at det er verdifullt å lære om.
No er det berre det vesle utidige faktum at desse “områda” som lærarane er ekspertar på, endrar seg i rasande fart! Det skal noko til å følgja med. Og dessutan har elevar tilgang til både ikkje-autoriserte og autoriserte ekspertar via nettet. Tenk om desse er vel så bra som læraren? Og tenk om elevane har lyst å læra noko utanfor dei områda lærar-ekspertane syns er viktige? Ja, då har han ikkje lærarar til å hjelpa seg, og kan like godt finna seg ein annan stad å vera, eit anna miljø for å læra. Ei litt anna side av dette er jo “Hole-in-the-wall”-prosjektet til Dr. Sugata Mitra, som syner at ungar kan tileigna seg eit nytt språk, og avanserte kunnskapar, berre veld hjelp av ein PC kobla til nettet. Ingen lærar naudsynt!
Dette må vi ta inn over oss. Vi må finne oss ei anna lærarrolle snarast, elles er vi rett og slett ikkje nødvendige. Will Richardson skriv denne veka om “Teachers as Master Learners”. Han knyter an til George Siemens, som skriv om “Teaching in Social and Technological Networks”. Omtrent samstundes publiserer David Warlick sin bloggpost, som er inne på noko av det same. Richardson brukar analogien til “apprenticeship”, altså at vi kan sjå på elevane som lærlingar i faget “å læra”. Og læraren vert då meisteren, som ikkje så mykje veit, som kan. Læraren må kunne å læra, i eit moderne samfunn, som inkluderer dei rike høva til læring vi finn i på nettet:
We can’t teach kids to learn unless we are learners ourselves, and our understanding of learning has to encompass the rich, passion-based interactions that take place in these social learning spaces online. Sure, I expect my daughter’s science teacher to have some content expertise around science, no doubt. But more, I expect him to be able to show her how to learn more about science on her own, without him, to give her the mindset and the skills to create new science, not just know old science.
Dette inneber at det er heilt naudsynt å endra praksis i eigen læring, å starta å læra på nettet, å skapa seg eit læringsnettverk. Det er den aller viktigaste etterutdanninga for lærarar i dag.
“Blogging er berre for personar med enormt eksponeringsbehov”. “Twitter er berre tull”. “Eg forstår ikkje når du har tid til all denne nettbruken”.
-Våg å lata vera seier eg, våg å lata vera.
Norsk vg1 haust 09
Då held eg fram med å dela haustens røynsler, planer og vurderingsskjema, denne gongen i norskfaget, vg1, studiespesialiserande. Eg var tidleg i haust inne på nokre av tankane vi hadde om kva vi ville få til. Kven er vi? -I haust har det vore eit team på tre, som har jobba utruleg godt saman, hatt store diskusjonar og lært mykje! Tusen takk til Mona og Hege!
Sjølv om nemninga “grunnkurs” forsvann med Reform-94, tykkjer eg det er meiningsfullt å tenkja på Vg1 som eit år der mykje grunnleggjande ferdigheiter og kunnskap skal inn. I haust konsentrerte vi oss særleg om oppbygging av tekstar og kjeldebruk. I tillegg ville vi gjerne etablera ei tekstsamling som vi kunne koma attende til i vår. Slik håpa vi på å få elevane til å lesa tekstane fleire gonger, og få ei forståing av at det går an å lesa tekstar på ulike måtar. Vi knytte tekstane opp til måla i læreplanen om å samanlikne eldre og nyare tekstar, og i tillegg nytta vi tekstane til adaptasjonsøving. I vår kjem tekstanalysen inn, og håpet er at det då er ein føremon at dei kjenner tekstane. Munnleg øving har vore knytt til presentasjonen, den kjende og kjære, grei og ty til tidleg i vg1 når det å stå framfor ei ukjend forsamling er ei stor utfordring. Då er det godt å kjenna sjangeren. Men vi drilla på kjeldebruk, og gode powerpointark her, og det var det slett ikkje alle som var like vande med frå før. Før jul introduserte vi den litterære samtalen, eit spennande prosjekt elevane likte godt.
Nokre ord om vurdering og vurderingsskjema: Skjema har vore nytta i opplæringa, difor er dei fleste svært detaljerte og inneheld referansar til lærebok. Dei har også ein progresjon, der t.d avsnittsoppbygging er nøye skildra i skjemaet for debattinnlegg, seinare reknar vi det som kjent kva vi meiner med god avsnittsoppbygging. Skjemaa kan bli mykje betre, men det positive er at mot slutten av terminen begynte elevane verkeleg å forstå poenget, dei kom med innvendingar til formuleringar i skjemaet, og kunne vera med på å laga formuleringar sjølve.
Så versågod, håpar nokon kan ha nytte av dette!   Det er sikkert meir som kunne vore kommentert, spør gjerne.
Plan fram til haustferien
Eigenvurdering appell
Vurderingsskjema presentasjon
Arbeid med debattinnlegg
Vurderingsskjema debattinnlegg
Arbeid med bokmelding
Vurderingsskjema bokmelding
Tekstar i fortid og samtid
Vurderingsskjema heildagsprøve
Vurdering litterær samtale
Sjekkliste kortsvar