Posted by: margreta on: februar 10, 2009
Eg kan sjå av bloggstatistikken min at mange som søker på ordet vurdering på nettet, hamnar her. Det gjer innlegget eg skreiv om vurdering og vurderingsverktøy i haust, det mest lesne innlegget på bloggen min. I tillegg kom eg i skade for å seia noko om vurdering på antikonferansen på Gardermoen sist veke, og dette var nemnt på fleire bloggar. Difor kjenner eg eit visst ansvar for å skriva litt meir her om dette emnet.
Eg har vore svært oppteken av dette emnet dei siste åra. Først som medlem i arbeidsutvalet for norskfaget i Hordaland (FAUnorsk), ei av dei første oppgåvene vi fekk, var å samarbeida med skulane om å utarbeida konkretiseringar av læreplanmåla i norsk, slik at desse konkretiseringane kunne nyttast som vurderingskriterium. Døme: Ta eit kompetansemål, konkretiser og nivådel i tre nivå. Kva er det du kan når du har middels kompetanse i dette kompetansemålet? Denne oppgåva førte til av vi tidleg måtte tenkja i gjennom korleis læreplanen kunne konkretiserast. Vi kom raskt fram til at ei slik tredeling av alle kompetansemåla i planen ikkje hadde noko føre seg, ikkje minst fordi vi stort sett aldri jobbar med eitt einskild kompetansemål om gongen, vi må vurdera fleire mål samstundes. Dessutan var vi skeptiske til den nivelleringa som låg i dette, at den heilskaplege kompetansen i faget forsvann ut av sikte. Arbeidet med vurdering i regi av FAUnorsk har etter dette stort sett gått ut på å arrangere samlingar for lærarane for å diskutera korleis vi legg opp undervisninga og korleis vi vurderer. Dette har vore nyttig, og er eit steg på vegen mot å etablera ein felles praksis på skulane. Neste steg på vegen no er ei ny samling, der vi har fått inn ein god del materiale frå skulane om korleis dei arbeider med vurdering, som vi skal diskutera, og kanskje kan vi etablera ein slags bank på It’s learning der lærararne kan dela gode vurderingskjema og anna.
Etter at dei nye vurderingsføreskriftene kom, har presset på dei einskilde skulane auka når det gjeld å dokumentera vurdering, og for lærarane er det meir enn før viktig å heile tida vita kva ein vurderer, og gjera elevane kjende med dette. Eg høyrer til dei som syns det er godt å få tatt alle diskusjonane som kjem i kjølvatnet av dette. Vi blir meir medvitne om eigen praksis, og vi lærer av kvarandre. Målet må jo vera å driva ein vurderingspraksis som er open og etterprøvbar, og ikkje minst å driva med vurdering som kjem elevane til nytte, som dei lærer noko av. Men for den einskilde lærar kan nok arbeidsbyrda kjennast endå tyngre enn før. I norskfaget skal tre karakterar setjast, og det er krevjande.
I den førre posten om dette emnet skreiv eg om kurset Henning Fjørtoft hadde i haust. Etter den tid har eg arbeidd mykje med å utvikla rubrikkar til bruk i norskfaget. Eg har laga vurderingsrubrikkar til dei fleste tekstar elevane har skrive, og også til dei fleste munnlege vurderingssituasjonane. Hovudpoenget med denne måten å tenkja på er å ligga i forkant. Vurderingsrubrikken skal vera kjent for, og bli teken i bruk av elevane i arbeidet fram mot vurdering. Vi må altså først vita kva vi vil vurdera, kva kriterier vi har, så kan vi laga eit undervisningsopplegg ut frå dette. Kriteria i rubrikken må vera så enkle at elevane forstår kva som ligg i dei – og her ligg kanskje skilnaden i høve til eit sensorskjema – eit sensorskjema skal ikkje føra til læring for eleven. Dersom vi jobbar på denne måten, og lagar gode skjema, vert vurderingsarbeidet i ettertid mykje greiare, og det går raskare unna. Og i staden for lange kommentarar i ettertid som eleven lærer lite av, fører arbeidet med rubrikken på førehand, til læring. Og då har vi oppnådd mykje, og det er eit meir motiverande arbeid.
Eg er ikkje nøgd med alle rubrikkane eg har laga i haust. Eg syns nokre formuleringar er for vage, og eg har fleire gonger sett i ettertid at andre kriterier burde ha vore med. Eg må også bli flinkare til å jobba med rubrikkane med elevane enn eg har vore. Men dei som har lyst å sjå kva eg og kollegaene mine har gjort, finn arbeidet på denne wikien.
Heilt til slutt: No i vår kjem boka til Henning Fjørtoft om vurdering ut. Det blir ei viktig bok å lesa for fleire enn meg no i vår, det er eg overtydd om. Eg vil også tilrå kurs med Fjørtoft på skulen!
Posted by: margreta on: februar 5, 2009
I januar skreiv eg om at vi skulle setja oss ned for å revidera IKT-strategien vår på skulen. Vi hadde invitert June Breivik som er leiar for den digitale skulen i Hordaland, og ho stilte ein del spørsmål som var nyttige for oss når det gjaldt å koma vidare. Det endte med at vi bestemte oss for å skriva ein heilt ny strategi, og det arbeidet står vi midt oppe i no. Vi har ei arbeidsgruppe som består av rektor, dei to pedagogiske leiarane, superbrukaren i It’s learning, IKT-konsulenten, e-koordinatoren og eg.
I den nye strategien konsentrer vi oss om kompetanseheving på tre ulike nivå. Det første nivået har vi kalla grunnkompetanse. Der prøver vi å seia noko om kva kompetanse alle lærarar og elevar på vår skule må ha innanfor IKT. Det gjeld alt frå forståing av mappestrukturar i Windows, via forståing av reglar for opphavsrettar, til grunnleggjande bruk av It’s learning og Skolearena.
Det andre nivået treng vi hjelp av avdelingsleiarane og avdelingane for å definere, det dreier seg om IKT i ein fagspesifikk samanheng. Eit døme kan vera bruk av MathType for matematikklærarar, eit anna div. simuleringsprogram på elektrofag.
Det tredje nivået dreier seg om IKT og pedagogikk. Vi må formulera ein strategi for å hjelpa alle lærarane til å få kunnskap om korleis IKT kan endra skulen grunnleggjande, og få alle til å delta i ein debatt om dette. Her har eg fått eit spesielt ansvar for å skriva eit utkast. Det eg er oppteken av, er at denne delen av planen skal vera like konkret og målbar som resten, i alle høve så langt det går. Det er lett for at dette endar opp i ein festtale med visjonar og vyar, men eg vil ha konkrete tiltak – korleis startar vi opplæringa og samtalen? Døme: Det skal setjast av tid avdelingsvis til å sjå føredrag (på nettet) og diskutera innhaldet.
Eg vil gjerne diskutera dette, og tek i mot alle innspel med takk!
Posted by: margreta on: februar 1, 2009
Eg veit kven eg vil ha. Eg vil ha dei beste, mest samvitsfulle norsklærarane som er mogleg å få tak i! Eg vil at når sensorane sit der med Kjetil og Sissel sine svar, som dei har sveitta over og grudd seg til å skriva, og som dei har skrive mest mogleg i tråd med alt eg har masa om i tre år, så skal sensorane vera vakne og litt andektige, dei skal ha delteke på god og omfattande sensorskulering slik at dei har ein agenda mest mogeleg lik alle andre sensorar sin agenda, dei skal ha tid og rom til å gjera jobben! Dei skal ha tatt innover seg at det har kome nye læreplanar, og dei skal ikkje straffa elevane for at dei også har tatt det innover seg. Når dei kjem på sensormøtet, skal dei ta seg tid til å diskutera svar dei er usikre på, særleg no i vår når eksamen er ny, f. eks i høve til kjeldebruk. Dei skal bruka oppmann når dei treng det, og oppmannen, som også er ein av desse beste, skal smilande ta i mot og skjerpa seg litt ekstra.
Og eg får det nok slik eg vil ha det. Eg kjenner mange norsklærarar, dei er ekstremt samvitsfulle og har stor resepekt for sitt eige fag. Det einaste som bekymrar meg, er at det skal vera nok av dei. Det manglar sensorar. Det er eit såpass stor problem i mange fag, at Udir har laga reklamebrosjyre for sensorjobben. Skal tru kvifor?
Kan det vera fordi våre beste kvinner og menn sjanglar rundt med posar under augene kring 25. mai, når eksamen kjem? Og det er ikkje utagerande feiring av nasjonaldagen som er problemet. Etter å ha retta non-stop frå etter påske og framover, først 3. klassane som skal ha eksamen, så resten, er det siste dei ynskjer seg 200 eksamenssvar som skal rettast på ca. 20 dagar. I tillegg til full jobb. Udir reklamerer med lønna – ikkje det ein gong hjelper. Når det er slutt på kreftene, er det slutt på kreftene.
No ynskjer Udir seg unge og friske folk, brosjyra rettar seg særleg til desse. Og eg er så einig, det er grueleg viktig at desse kjem i gang, vi er vitne til eit enormt generasjonsskifte. Men kven er aller mest sliten i mai og juni? Nettopp desse, som endå ikkje har opparbeida seg så mykje rutine at dei har fått pressa tida per stil ned under ein halvtime, som jobbar omtrent døgnet rundt med å laga verdens mest gjennomarbeida kommentarar. Som lurer på om det skal vera slik resten av karrieren, og i så fall, bør ein skifta beite?
Så kva kan ein gjera? Eg er overtydd at det vil hjelpa mykje å redusera talet på svar per sensor. Eg forstår at det inneber endå fleire sensorar, men eg trur dei vil melda seg om det er t. d. snakk om 120 svar. Ein må gå tidleg ut og informera skikkeleg om dette, så folk får tid på seg. Eg syns også ein kan auka sensoropplæringa for nye sensorar til meir enn ein dag. Ein kan starte allereie om hausten, og sjå på eksamenssvar leverte inn sist vår, i tillegg til å diskutera prinsipielle problemstillingar. Eg trur det vil gjera nye folk tryggare.
Det er eit under at vi har sensorar i det heile, spør du meg. Når eg har vore sensor i tre år no, er det fordi eg ikkje har hatt full undervisningsstilling. Andre kan ikkje eg svara for, det går sannsynlegvis nokre supermenn – og kvinner rundt blant oss. Men det er altså ikkje nok av dei.
Image: ‘Asleep at the Wheel’
www.flickr.com/photos/34653106@N00/64368770
Posted by: margreta on: januar 24, 2009
Ok, då svarar eg på oppfordringa frå June om å bli med på den siste bloggfarsotten som kjem over dammen (sjølvsagt) “7 things you don’t need to know about me”. Dette er eit slikt blogginnlegg som eg eigentleg hadde tenkt å halda denne bloggen kjemisk fri for, men Guttorm seier det er bra for googlejuice’n min, og kva gjer ein ikkje for googlejuicen??
Her kjem det:
1. Då eg testa hjernen min på “hjerne-utstilling” i Bergen, viste det seg at eg var mann. Var det ikkje det eg visste.
2. Ein gong spurte eg ein elev: “Have you been sleeping around?”, då eg ville vita om han hadde “sove rundt” – dvs sove i 24 timar. Eg er engelsklærar.
3. Sjølv då eg tok hovudfag i nordisk, var eg heilt overbevist om at eg ikkje kom til å bli lærar.
4. Eg blandar a- og e-infinitiv heile tida, og gidd omtrent aldri rette det opp.
5. Eg har, i likskap med Inger-Hilde og Marita, heller aldri vore i Syden. Interessant dette!
6. Eg har aldri laga ei vellukka sjokoladekake.
7. Eg er heilt i mot at sosialt samvær mellom vaksne skal involvera badestampar.
Så skal ein tagge sju nye, dei eksisterer ikkje, her er det eg klarar: Solveig, Kari, Torbjørn og Jo Magnar – fleire av desse bloggane ligg i dvale, så det er eigentleg fusk.
Posted by: margreta on: januar 14, 2009
Som norsklærar veit eg at det er lettare å skriva ein god tekst dersom du veit kven om skal lesa han. Ein må ha medvit om mottakaren, som det heiter så fint. Når ein bloggar, er ikkje dette medvitet til stades på same måten som i ved annan tekstproduksjon. Ein har ein slags aning om kven som les, men ein veit det ikkje heilt. Eg trur likevel ein ikkje klarar å lata vera å sjå føre seg ein mottakar når ein skriv. Når eg ser litt tilbake på blogginnlegga mine, ser eg at det er veldig ulikt kven eg skriv for. I grove trekk er det to grupper: Lærarane på skulen min, og dei som eg snakkar med på Twitter, les bloggane til, rett og slett dei eg reknar som del av nettverket mitt. I utgangspunktet er denne bloggen tenkt til lærarane på skulen min, som ein del av det arbeidet eg skal gjera – hjelpa til med den pedagogiske bruken av IKT. Eg tenkjer meg at skildringar av det eg gjer i timane, refleksjonar omkring kvifor og korleis, kan vera med på å hjelpa andre. Like eins prøver eg å tipsa om ulike 2.0 verktøy, men eg ser at eg ikkje har vore så veldig flink til det. Det er lett å bli fagspesifikk, eg er no ein gong norsk- og engelsklærar. Då skriv eg jo sjølvsagt for berre ein del av kollegaene mine, men eg håpar jo at noko av det skal ha overføringsverdi.
Det som er med desse innlegga, er at eg omtrent aldri får kommentarar på dei frå kollegaer, sjølv om eg veit at noko av dei les det. Det er lite motiverande, og eg trur det som har skjedd i løpet av hausten, er at eg får meir respons frå nettverket mitt, og då er det lett å sjå desse menneska for seg som mottakarar i staden for. Men eg veit ikkje om eg har så mykje å tilføra dei, dei fleste er jo mykje lenger komne i pedagogisk bruk av IKT enn eg.
Ein tredje kategori innlegg er dei eg skriv mest for min eigen del, og håpar at nokon skal ha nytte av, sjølv om det ikkje er hovudsaka. Det som er skilnaden på å tenkja høgt på bloggen, og å tenkja høgt i ei privat lærardagbok, er at bloggen er meir disiplinerande. Ein må uttrykkja seg klarare (prøve, i alle fall…) og fullføre resonnementa. Det er nyttig og viktig for eiga utvikling.
Så…kva skal eg blogge om? Og for kven? Og er det noko vits for andre enn meg sjølv? NB! Eg fiskar ikkje etter “Du er så flink, atte”, eg vil gjerne ha konstruktive forslag, og gjerne litt kritikk. Bloggsfæren har ein tendens til å bli litt vel koseleg, sikkert fordi vi vil oppmuntra kvarandre til å stå på og fortsetja med blogginga og arbeidet, men no seier eg det: Eg tåler litt motstand!
Posted by: margreta on: januar 11, 2009
I går hadde eg ein interessant samtale med ein tidlegare elev via MSN messenger. Vi var innom mykje, og eg nytta sjansen til å spørja han litt ut om bruken av IKT i dei studiane han driv med. Så fortalte eg litt om korleis eg lærer mykje via bloggar og twitter no, og vi hadde ein liten diskusjon om korleis elevar kan ha nytte av noko liknande. Av og til er det fascinerande korleis noko du har tenkt lenge og mykje på, vert klårare ved hjelp av ein annan som ser det frå ein litt annan vinkel. Det han foreslo, var å samarbeida om ei oppgåve eller eit prosjekt på tvers av skular, og la samarbeidet føregå via bloggar. Eg trur gjerne at ein wiki er vel så eigna.
Eg trur at eit slikt prosjekt ville gjera bruken av ein wiki meir realistisk for elevane, og det ville kjennast meir nødvendig. Det ville kanskje også føra til at dei tok i bruk diskusjonssidene i wikien? Kanskje ville dei også føla eit større ansvar for å vera konstruktive og gi gode tilbakemeldingar til elevar dei ikkje kjende. Den store gevinsten hadde vore om at dette førte til at elevar som oppdaga felles interesser for fag, eller som oppdaga at dei kommuniserte godt, ville fortsette samarbeidet. Men det er kanskje litt mykje å håpa på?
Kanskje føregår det slike prosjekt allereie, kva veit eg. Mange har jo late elevar kommunisere med elevar i andre land i språkundervisninga, så bruk av IKT for å kommunisera på tvers av skular er jo ikkje noko nytt. Men å jobba fram noko som kanskje gir dei eit personleg læringsnettverk, hadde ikkje det vore flott? Om nokon er interessert i å prøva ut noko slikt, eller har erfaring, ta gjerne kontakt.
Moralen er i alle fall: Ein lærer alltid mykje av elevar, også dei som ikkje er elevar lenger!
Og MSN, Facebook etc. er fine saker når det gjeld å halda kontakten med dei!
Posted by: margreta on: januar 10, 2009

“Og eg var sorg”
Og eg var sorg og heldt til i ei hole.
Og eg var ovmod og bygde attum stjernorne.
No byggjer eg i næraste treet,
og um morgonen når eg vaknar,
trær furua gull på nåli.
Olav H. Hauge, frå Dropar i austavind, 1966
Biletet tok eg med mobilen på tur i dag.
Posted by: margreta on: januar 5, 2009
Godt nyttår til alle!
Det kjem til å bli ein spennande vår. Allereie i morgon startar vi på KNV med å sjå på kvar vi skal gå vidare med IKT-strategien og arbeidet. Vi har invitert June Breivik for å få litt impulsar utanfrå, og eg gler meg veldig. Eg har nytta litt tid i dag til å sjå på kva i strategien vi ikkje har fått gjort noko med, og det vi har kalla “fleksibel organisering av skuledagen”, merkjer seg ut. Tanken var at dersom elevane arbeider meir sjølvstendig, med læraren som rettleiar, vil lengre økter med eitt fag vera betre. Då kan dei konsentrera seg og få gjort eit skikkeleg arbeid, og sleppa å bli avbroten av eit heilt nytt fag fleire gonger om dagen. Vi tenkte også på ei meir fleksibel organisering av grupper her, med meir oppløysing av klassestrukturen. Det er snart to år sidan vi skreiv dette, og det er mange grunnar til at det ikkje har skjedd noko på dette feltet. Eg trur mange ser på dette som ei veldig stor omvelting i kvardagen, og ein må ha forståing for at med alle dei andre endringane som skjer knytta til nye læreplanar, IKT og vurdering, kan det bli nok. Kanskje vi skal moderera oss, og innsjå at dette kjem vi ikkje til å koma i gang med på fleire år enno? Men vi treng ikkje legga tankar om betre organisering av skuledagen heilt vekk. Til hausten får vi eit nytt, flott og stort auditorium på skulen. Eg vil gjerne har parallellagde timar på trinna, slik at vi kan utnytta dette godt! Vi kan senda alle på trinnet inn i auditoriet for felles orientering/film, etc, her kan det vera ulikt kva lærar som har ansvaret alt etter kva det dreier seg om. Så kan vi samarbeida om å rettleia og hjelpa elevane i ettertid. Helst ville eg hatt blokkdagar der ein kunne starta i auditoriet, og så jobba med faget utover dagen. Men parallellegging hjelper!
Eit anna spennande moment som eg håpar vi får snakka litt om i morgon, er større bruk av elektroniske læremiddel, til dømes NDLA. Vi har høyrt at fylkeskommunen ynskjer at vi i større grad tek i bruk dette, og at dei vil gi mindre pengar til innkjøp av tradisjonelle lærebøker til hausten. Dersom vi skal starta opp med mindre bruk av bøker til hausten, må vi bruka god tid i vår på å planleggja, diskutera og læra. Eg syns det er viktig at vi klarar å lata vera å tenkja enten/eller, for det første er det lettare å diskutera då, for det andre er bøker framleis ein god ting! I norsk kan det til dømes vera vanskeleg å klara seg utan ein god tekstantologi, sjå kva Marita Aksnes skriv om dette her. Vil vi kunna klare oss med novelle- og diktsamlingar på biblioteket? Kanskje?
Eg trur at 2009 må bli året då endå fleire lærarar testar ut kva PC’en har å by på utanom Word, It’s learning, Wikipedia og Powerpoint. I strategien vår har vi sagt at vi skal ta i bruk nettstader som baserer seg på kommunikasjon mellom likemenn. I resten av avsnittet kan ein sjå utstrakt bruk av verb som “oppmuntre til”, i staden for “skal”, når det gjeld å ta i bruk wikiprinsippa, til dømes. Det er som sagt to år sidan vi skreiv dette, vi hadde akkurat vore på kurs med Arne Krokan, og høyrt om desse omgrepa for første gong. Det kan nok forklara den forsiktige verbbruken, men no kan vi vel slå fast at delingskultur i alle former er kome for å bli? Skal vi kanskje bli litt meir bastante her?
Vel, dette var berre litt av det eg tenkjer om viktige spørsmål vi må jobba med i år, og korleis skal eg vita kva eg meiner før eg har blogga om det?