Posted by: margreta on: august 17, 2009
Uha! Alt på onsdag ramlar det inn ei mengd med totalt ukjende unge menneske, og sidan det er første dagen, set dei seg pent ned og ser på MEG. Skrekkblanda fryd er eit særdeles dekkjande uttrykk for den kjensla eg får av å tenkja på det. Eg har så mange ynskje for korleis det skal [...]
Posted by: margreta on: desember 18, 2008
For ei som er grunnleggjande forviten og elskar å lære! Mykje var nytt i august: Nye klassar, nye læreplanar og til dels nye utfordringar, i og med at eg møtte min første klasse med eigne bærbare PC’ar. Sjølv om eg har jobba mykje med problemstillingar knytta til Kunnskapsløftet og IKT i skulen tidlegare, var det [...]
Posted by: margreta on: desember 3, 2008
Eg skal diskutera fordjupingsemnet med ein del andre lærarar i Hordaland neste veke, og som innleiing skal eg problematisera ulike sider ved fordjupingsemnet. Eg er oppteken av at vi ikkje berre skal tenkja “særemnet” framleis, men tenkja på nytt om dette. Her kjem dei punkta eg har tenkt å ta opp, og eg vil gjerne [...]
Posted by: margreta on: desember 1, 2008
Den siste veka har det gått ein diskusjon på bloggane til Ingunn, Arne Olav og June om blogging og elevar. Alle er nok einige i at blogging bør bli ein av fleire måtar å lære elevar digital lesing og skriving, men ikkje den einaste. Dette innlegget til Ingunn viser forresten ein flott elevblogg som er [...]
Posted by: margreta on: november 28, 2008
Inspirert av gjemmesiden, oppfordrar eg no alle kollegaer til å blogge! Årsakene er lista opp i innlegget til Svend Andreas Horgen, men eg kan godt formulera dei med mine eigne ord. Bloggar du som lærar, får du eit høve til refleksjon kring eiga undervisning som er sunt! I tillegg fører det med seg kontakt med [...]
Posted by: margreta on: oktober 19, 2008
Eg har hoppa rett inn på Vg3 no i år, utan å ha gått gradene på Vg1 og Vg2. I Vg3-planen er det berre to kompetansemål under hovudområdet muntlige tekster: “sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært program” og “analysere og vurdere sammenhengen mellom innhold, virkemidler og hensikt i muntlige sjangere”. Men dette kan umogleg [...]
Posted by: margreta on: oktober 19, 2008
Ja, då var det lenge sidan eg skreiv noko her. Det var ikkje kvardagen som tok meg, det var feberen. Eg har tenkt ein god del lurt medan eg har lege rett ut med feber, men eg har ikkje orka å skriva noko, og det ein ikkje skriv ned… Men altså, her er eg, og [...]
Posted by: margreta on: september 10, 2008
Noko skal jo det vera. Vi hadde ein del startvanskar med nettet i dag, og med å få elevane inn i wikien. Og så hadde jo eg gjort ein skikkeleg teit tabbe: Elevane sat og skreiv på ulike ting på same side – noko som resulterte i at når ei gruppe lagra det dei hadde [...]
Posted by: margreta on: september 9, 2008
I dag har eg oppretta ein wiki for 3STF-klassen, som eg har i norsk. Det første eg skal prøva på i morgon, er å bruka den når vi skal jobbe med ei novelle av Kielland. Eg vil dela elevane i grupper, ei gruppe skal jobba med komposisjon, ei med personkarakteristikk, ei med miljøskildringa. I tillegg [...]
Posted by: margreta on: august 29, 2008
Sjekk ut denne. Fann han på wiki’en til Ingunn Kjøl Wiig, som du finn her.