Lesa og skriva og rekna er bra

men å få pece litt, men å få pece litt, det gjer oss glad! (Til alle norsklærarar: Beklagar infinitivsrotet! Det måtte bli slik!) Ja, er det slik? Eg tenkte denne posten skulle handla om dei tre første aktivitetane i sangen faktisk, som også svarar til tre av grunnferdigheitene i Kunnskapsløftet. I alt kavet som har vore i haust med dei nye planane, har eg høyrt lite om korleis vi jobbar med dette i dei ulike faga. Det forundrar meg ikkje, det har som sagt vore nok å stri med. Men kanskje vi kan starta diskusjonen no etterkvart? Korleis ser de for dykk at de skal jobba med lesing, skriving og rekning i dykkar fag? Eg er spesialist på lesing og skriving, er det ein ide at eg og dei andre norsklærarane hjelper til med noko her? Og at matte-lærarane hjelper til? Ein tanke som slår meg, er at dette krev auka samarbeid mellom lærarane. Einige? Korleis får vi dette til? Eg blir glad for alle som vil vera med å tenkja om dette, og ein av grunnideeane med denne bloggen er at her er det lov å letta frå bakken! Dei som vil grava seg ned, kan gjera det ein annan stad!

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

6 thoughts on “Lesa og skriva og rekna er bra”

  1. Eg blir gjerna med på å letta litt fra bakken eg:-) Syntes det er møkje spennande me kan finna på ut i fra det eg har lært sålangt, men eg merka kor «usikker» eg blir når eg ikkje heilt vett ka eg skal gjøre med ein gang….må bli tøffare til å teste ut ting altså….
    Som dere norsklærere sikkert skjønner så skriver eg på dialkt. Då har eg hvertfall ein unnskyldning for alle dei gramatiskt feilå som garantert vil dukke opp i mine innslag:-)
    Meir samarbeid mnå til, men kossen kan det gjøres? og mellom kim? Personligt så ønsker eg å samarbeide mer med folk som har mine fag, i det å utvikla mer spennande undervisningssituasjoner….dette kan eg gjøre både via wiki og it`s learning (vel…på nyåret her hvertfall) og «face to face»…. Når eg føler at eg har fått det i sving er eg veldig interessert i å samarbeide mer på tvers av fagå….med kossen fag avhenger litt av kalla tema eg har lyst å jobbe med…. Nei, detta må eg tenke møkje mer på ser eg….skriver meir seinare heller. Men et veldigt bra tiltak detta Margreta!!!

  2. I dag kåret The Times akkurat DEG til årets person.
    http://www.time.com/time/magazine/article/0,9171,1569514,00.html
    De har tradisjon for å kåre en «årets person» sånn ved juletider, og denne gangen, i web2.0-tidens tegn, ble det altså YOU som ble årets person.
    Da er det fint å tenke på at dere faktisk vet hva dette betyr, dere vet hvorfor dette skjer og dere vet mye om hva som kommer til å skje framover. Jeg ser at mange av rektorene og de andre lederne faktisk har opprettet blogger og dere har begynt å bruke dem, begynt å stille spørsmål, begynt å dele informasjon, undring, kunnskap og ideer om framtidig utvikling. Jeg synes det er helt strålende, og helt å kursets ånd.
    I tillegg har fylkeskommunen som skoleeier tatt det første steget. Dette er nesten mer enn vi kunne håpe på, og jeg er svært fornøyd med det dere har fått til. Ikke gi dere selv om det noen ganger går litt tregt. Skriv et nytt innlegg, be noen kommentere det. Finn fram noen av elevenes blogger, og skriv kommentarer til dem. Dere kommer til å se at dette vil endre skolen deres over tid, og jo fler som blir involvert, jo fler som bryr seg, jo kortere tid tar det før dere ser resultatene.
    Lykke til videre.
    Hilsen fra Arne

  3. Denne kommentaren er inspiret av Margreta sin invitasjon til å diskutere kva vi gjer med opplæringa i dei tradisjonelle grunnleggjande ferdigheitene. Eg vil gjerne lansere ein tanke som eg trur somme vil oppfatte som upassaande snakk i kyrkja. Denne tanken er slik: Eg trur vi kan klare oss utan Leseboka i norsk. I år underviser eg ein Vg1-klasse på Studiespesialisering i norsk. Leseboka, som elevane har måtta betale omlag 400 kroner for, er stor og fin, og eg veit at når året er omme, vil svært mykje av boka vere ulesen. Vi har altså bede elevane betale for meir enn dei trong, og det er ikkje så kjekt å tenkje på. Viktigare – for meg – er et likevel at denne mursteinen av ei bok ikkje verkar særleg inspirerande på elevane. Det er ei bok det står SKULE skrive på med store bokstavar, og blar dei i henne, så ser dei ikkje alle dei fine novellene og dikta for berre hjelpespørsmål og prosjektoppgåver. Dermed får dei stadfesta det dei har hatt ein mistanke om lenge: Litteratur er noko som høyrer til i skulen og berre der. Gjesp! I haust var det tilløp til ein debatt omkring litteraturformidlinga i skulen, og ein del forfattarar meinte at norsklærarar effektivt tek knekken på elevane si leseglede med sine evindelege spørsmål om «bodskap» og «djupare meining». Eg er tilhengar av å hjelpe elevane med å stille spørsmål til det dei les, la no det vere sagt, men enn om vi i ei tid då tekstar i alle fall er langt meir enn det Leseboka rommar, oppmoda elevane – og kvarandre – til å finne tekstane der dei verkeleg finst, sjølv om dei ikkje alltid er utstyrte med pedagogisk korrekte spørsmål. Alle norske lesebøkers fag, Nordahl Rolfsen, hadde meir å seie for danninga og utdanninga i Noreg enn ei fleste andre, men så var då også leseboka hans den viktigaste tekstsamlinga som fanst for mange elevar. Samfunnet flaut ikkje over av tekst, og kven hadde råd til shoppe i aust og vest i alle fall? Dette er det eg har lyst å gjere i norskfaget frametter: Dei samansette tekstane, som eg i alle fall ikkje finn i Leseboka, vil eg hente der dei finst, t.d. på nettet. Dei tradisjonelle litterære tekstane, som er og blir kjernen i norskfaget for meg, vil eg elevane skal lese meir av, om dei aldri så mykje har ein merkeleg lett sekk fordi Leseboka manglar. Eg ser gjerne at dei les fleire heile verk, på bekostning av ei mange korte – romanar, skodespel, ei diktsamling(!). Skulen kan gjerne utvide samlinga av klassesett, det er ikkje så dyrt som det hyrest ut, men framfor alt kan elevane få lov å kjøpe nokre bøker. Billegutgåvene av gamle og nye romanar kostar omlag det same som eit pizzastykke med skinke og ost og ein stor Cola, og då får dei ekte bøker med innbydande omslag som det ikkje står SKULE på. Når skuåret er omme, vil dei ha lese dei tekstane dei har kjøpt, og dei vil kanskje ha betalt halvparten av det dei betaler i dag. Som lærar må eg nok skjerpe meg, for Leseboka har vore ein mjuk og behagleg pute å kvile hovudet på. Kansje har eg ikkje vondt av det.

  4. Robertinos poeng om at mye i leseboka forblir ulest, er et viktig økonomisk moment når vi eventuelt skal be elevene om å kjøpe bærbar PC. Bærbar PC og nett-tilkobling hvor som helst er en annen måte å tenke skole på og kanskje en mer fremtidsrettet måte. Dersom vi ikke tenker slik, ender vi opp med at elevene må ha to sekker på seg når de skal på skolen (på magen: sekken med den bærbare PCen, mage=forover=framtid(?), og på ryggen, bakover=fortid(?), sekken med de gamle skolebøkene som i mange fag nesten er utdaterte når de kommer fra trykkeriet).

    Bruk av bærbar PC vil tvinge oss til å tenke annerledes når det gjelder pedagogikk og didaktikk. På samme måte som Nordahl Rolfsens lesebok var med på å bygge norsk identitet, var radio og TV med på å knytte de som hadde den samme identiteten sammen (jfr. Rolf Kirkvåg, Erik Bye, «Åpen post»). I våre dager er denne identiteten ikke så åpenbar (se diskusjonen provosert fram av Språkrådets definisjon av hva en nordmann er). Uansett er vi ikke lenger nødt til å godta den autoriteten som en tilfeldig lærebokforfatter står for).

    Vi kan helt sikkert finne de fleste tekster som vi ønsker å bruke på en eller annen side på nettet. Det eneste problemet er kanskje at vi ikke finner alle de «kanoniserte» tekstene. Eller kanskje er dette en del av bildet: kanoniseringa står for fall (i allefall den kanoniseringa som vi har stått for).

    Jeg er videre enig med Vetle Robert i at vi i større grad bør fokusere på større tekster og tekster i sin helhet (utdrag fra noveller er en uting). Utbyttet av lesing av «verk» er vesentlig større en de tilfeldige utdragene, og prismessig så burde ikke det være avskrekkende heller.

  5. No har Audun (for det er Audun!)starta ein viktig diskusjon her. Eg syns i utgangspunktet at det er ein god ide at vi kan køyre utan lesebok og finne fram til/lata elevane finna fram til tekstar på eiga hand. Men kva med bøker som inneheld både tekstar og lærestoff, slik begge dei nye norskbøkene på Vg1 gjer? Skal vi køyre uten norskbok i det heile då? Det går an det også, men det krev mykje arbeid frå vår side. Eller er det eg som tenkjer lite nytt no? Ei løysing er sjølvsagt å velja bøker for Vg2 og Vg3 som har separat tekstsamling, og så heller takla Vg 1 på eit vis, der trur eg det, på litt lang sikt i alle høve, hadde vore mogeleg å klara seg uten bok.

  6. Eg har ikkje norsk, så den delen har eg vanskar med å blande meg inn i. Men til Bjørn vil eg seie at dette kan vere fagavhengig. I matematikk blir ikkje fagbøkene særleg utdaterte av andre årsaker enn at læreplanane vert «fornya»/endra på. Og eg trur (bakstreversk som eg kan verke) at det er vanskeleg eller i alle fall arbeidskrevande for både lærarar og elevar å fjerne lære-/oppgåvebøker i matematikk. Dei er eit nyttig verktøy og bør forbli det, etter mitt syn. Kanskje nokre bøker kunne ligge att på skulen i låsbare skap? Det er også eit forslag for framtida. Hehe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s