Endå ein post til elevane:

Er du ein Homo Zappiens?

Eg har nettopp lese ei bok om dykkar generasjon, som i boka får namnet Homo Zappiens. Når eg få att boka frå ho som les ho no, skal eg skriva meir om dette. Men førebels har eg nokre spørsmål til dykk, som eg har forma ut ifrå måten de blir skildra på i boka:
1. Kva for nokre av desse nettressursane/sidene kjenner du til: flickr, netvibes, wiki, blog, del.icio.us?
2. Bruker du chattesider som f. eks MSN?
3. Har du venner som du berre treff på nettet?
4. Bruker du nettet til å skaffa deg informasjon om interessene dine?
5. Spelar du dataspel? Og har du venner du spelar saman med?
6. kan du halde på med mange ting samstundes og likevel få med deg informasjon frå alle kildene? T.d. ein samtale, ein chat, tekstmeldingar, fleire tv-kanalar, musikk frå Ipod?

Viss du ikkje har lyst å legga svara dine ut som ein kommentar til denne posten, kan du senda dei til meg på mail!

Eg har laga ein wiki!

Yes, ganske stolt no. For dei som ikkje veit det, ei wiki-side er ei nettside som gir medlemmene av sida like rettar til å vera med å redigera tekst, setja inn ny tekst, diskutera, etc. Det er rett og slett ei stor kladdebok der dei som blir invitert, kan vera med å skriva. Og alle i heile verda kan lesa det som står der. Systemet kjenner sikkert dei fleste frå Wikipedia, leksikonet som er bygt opp rundt dei same prinsippa.

I første omgang skal eg bruka wiki’en min, som heiter “tankestova”, til å jobba med utviklingsplanen for IKT her på skulen, i lag med resten av gruppa som går på kurs. Håpar eg! Førebels har eg lagt ut notata vi gjorde etter siste samling, og oppgåva vi jobbar med fram mot neste samling. Alle som vil, er hjarteleg velkomne til å besøka tankestova, og eg tek gjerne i mot forslag og idear til ting som vi må tenkje på i arbeidet vårt. Her er

Kan klasselærarmøta bli betre?

Vel, i mitt hovud har vi eit stort forbetringspotensiale her. Eg seier ikkje meir om det, eg vil ikkje bruke tid på klaging her. I staden går eg rett på sak: I fjor vår var eg på eit kurs i noko som heiter “Årsopplegg for lærersamarbeid”. Opplegget består rett og slett av ein perm med tre delar: ein teoridel som tek føre seg verdigrunnlaget for opplegget og litt om teamarbeid og kommunikasjon. Så kjem det praktiske delen med delvis ferdiglaga møteinnkallingar gjennom heile året, der ein reknar med to møte i månaden. Innkallingane skal hjelpe til med å sikre at ein får koma igjennom det ein skal, i høve til dei lovpålagte oppgåvene. Dei er også meint for å sikre at det vert tid til pedagogisk diskusjon og refleksjon i teamet. Så er det ein vedleggsdel med skjema og hjelpeark som kan nyttast både i arbeidet med elevane og i klassemøta. Det er, slik eg forsto det, to hovudpoeng med dette opplegget: Møta vert effektive, og ein får gjort det ein skal. Riset bak spegelen er at lærarane må førebu seg til møta… Eg trur, når eg ser på opplegget, at det hadde vore ei svært god investering, og til saman hadde me spart tid.

Dei kloke hovuda bak opplegget heiter Bente Vetland Thorkildsen og Bodil Dale Stormyr, dei er lærarar på Kvadraturen vgs. i Kristiansand, når dei då ikkje kursar lærarar. Dei har hatt suksess med opplegga sine så dei har starta eige firma, det finn nettsida her: