Kan klasselærarmøta bli betre?

Vel, i mitt hovud har vi eit stort forbetringspotensiale her. Eg seier ikkje meir om det, eg vil ikkje bruke tid på klaging her. I staden går eg rett på sak: I fjor vår var eg på eit kurs i noko som heiter «Årsopplegg for lærersamarbeid». Opplegget består rett og slett av ein perm med tre delar: ein teoridel som tek føre seg verdigrunnlaget for opplegget og litt om teamarbeid og kommunikasjon. Så kjem det praktiske delen med delvis ferdiglaga møteinnkallingar gjennom heile året, der ein reknar med to møte i månaden. Innkallingane skal hjelpe til med å sikre at ein får koma igjennom det ein skal, i høve til dei lovpålagte oppgåvene. Dei er også meint for å sikre at det vert tid til pedagogisk diskusjon og refleksjon i teamet. Så er det ein vedleggsdel med skjema og hjelpeark som kan nyttast både i arbeidet med elevane og i klassemøta. Det er, slik eg forsto det, to hovudpoeng med dette opplegget: Møta vert effektive, og ein får gjort det ein skal. Riset bak spegelen er at lærarane må førebu seg til møta… Eg trur, når eg ser på opplegget, at det hadde vore ei svært god investering, og til saman hadde me spart tid.

Dei kloke hovuda bak opplegget heiter Bente Vetland Thorkildsen og Bodil Dale Stormyr, dei er lærarar på Kvadraturen vgs. i Kristiansand, når dei då ikkje kursar lærarar. Dei har hatt suksess med opplegga sine så dei har starta eige firma, det finn nettsida her:

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

4 thoughts on “Kan klasselærarmøta bli betre?”

  1. Det høyrest ut som ein god ide. Eg skal prøve å få sett nærare på sidene deira. Var så vidt innom no. Mitt første spørsmål er då, kva er eit humanistisk læringssyn eigentleg? «… hvor troen på at elever kan gjøre valg og ta ansvar er sentral», høyrest bra ut det, men kva meir ligg det i det?

  2. Jeg vil tro dette er et godt opplegg, og jeg er for å bedre lærersammarbeidet i klassene.

    Realistisk sett, har vi nok sett at det er vanskelig å få folk med på en økning av tid til klasselærerråd? Å øke fra et møte annenhver månde til to i månden er nokså mye. Tenker spessielt på lærere som har klasser på begge avdelingene. Noen vil sikkert si at det blir vel mye farting. Jeg vil kalle det god mosjon, dessuten har vi jo internettet….som vi begynner å bli flink til å bruke.

    Jeg sier, kjør på!

  3. Ja, jeg støtter absolutt en ny organisering av klasselærermøtene. Det kan føles ensomt å være kontaklærer (i klasser med 15 elever), når du møter dine samarbeidspartnere så sjelden som vi gjør. Når det endelig er et møte, er det mest sannsynlig at noen er borte. Slik ordningen er i dag vil det alltid være flere lærere som skulle vært flere plasser samtidig. Ingen god løsning! Dette betyr at vi trenger mer samarbeidstid. I tillegg er jeg enig med Jo Magner i at vi kan bli flinkere til å utnytte digitale muligheter – nå når vi etterhvert blir «på nett» alle sammen!!

    Men tilbake til damene – la oss få de hit! 🙂

  4. Takk for kommentarar! Til Torbjørn: Dette med det humanistiske læringssynet er nærare forklart i permen som inneheld opplegget, den kan du få låna av meg. Til Jo Magnar og Kari: Det dei hadde gjort på sin skule med det at mange skal vera fleire stader samstundes, var å oppretta såkalla kjerneklasselærarråd, slik at alle som hadde klassen ikkje måtte møte på kvart møte. Dei sette alle referata i perm, slik at det var lett å orientera seg om kva som hadde blitt sagt. Eg trur også at dei gjerne samarbeidde to og to yrkesfagklassar, dersom menge lærarar gjekk att i begge klassane, men dette er eg litt usikker på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s