Delingskultur – javisst! (Hæh?)

«Delingskultur» er det nye honnørordet i Hordaland fylkeskommune. Det ser ut til at det også er det nye honnørordet på Knarvik vidaregåande skule, og det er då eg seier: Vent no litt! Har alle klart føre seg kva vi snakkar om her??? Snakkar vi om det same? Kva meiner eg når eg brukar omgrepet, og kva meiner rektor, og kva tenkjer alle lærarane som får dette slengt i andletet? Og kvar kom det ifrå? Det siste er lett å svara på: Det kom frå leiaropplæringa i IKT som vart gjennomført i HFK sist skuleår. Noko av det viktigaste i denne opplæringa var å forstå korleis nettet har endra seg dei siste åra, frå å vera eit medium som likna mykje på medium vi kjente frå før (avisa, boka, TV), der nokon publiserer noko som andre les, til å verta ein brukarstyrt arena, der alle kan vera med å endra tekstar og sider, alle kan legge ut det dei vil på ein veldig enkel måte, slik eg gjer no, f. eks. Wikipedia er eit godt døme, dersom du ser at ein leksikonartikkel er ufullstendig eller inneheld feil, kan du rett og slett endra han, ingen spør kva bakgrunn du har for å gjera det. Tenk etter kor uhørt det hadde vore for få år sidan: Du går på biblioteket og tek eit leksikon ut av hylla. Så ser du eit oppslag som er blitt forelda. Kva gjer du? Du tek ein penn, set eit stort kryss over artikkelen, og skriv det som er rett i margen!

Dette har mange og store konsekvensar, ikkje minst for korleis vi tenkjer om opphavsrettar. Film- og musikkindustrien har kjent dette på kroppen lenge. Kvifor betale for musikk, når andre på nettet gladelig deler med seg? Men også: Kven har skrive artiklane i wikipedia? Kven er opphavsmann, når 5 personar har vore inne og redigert ein artikkel? Og då begynner vi å nærma oss omgrepet «delingskultur». Dersom eg legg ut bileta mine på Flickr.com, kan eg velge å lata dei vera tilgjengelege for alle. Då kan ein person i USA, som treng eit illustrasjonsfoto av ein schnauzer til ein artikkel han skriv, søke på «schnauzer» på Flickr, finne eit av mine bilete, og bruke det heilt fritt. Biletet er ikkje mitt lenger! Eg opprettar ein wiki, der startar eg på ein artikkel om norske samtidslyrikarar. Eg har nokre gode poeng eg veit ingen har tenkt på før. Eg inviterer inn nokre venner som også interesserer seg for emnet. Men dei nøyer seg ikkje lenger med å koma med nokre kommentarar til meg i ein e-post, som eg kan takka dei for i eit føreord, nei, dei går direkte inn i min tekst, endrar mine formuleringar, og legg til opplysingar dei syns er viktige. Kven skreiv artikkelen?

Dette er delingskulturen i praksis. Som vi kan sjå, kan den koma til å endra idear vi har hatt med oss i alle fall frå romantikken, om at ein tekst har ein opphavsmann, og at når ein tekst er publisert, er den ukrenkeleg. Dette kjem nok til å ta tid, men på visse område er det alt røyndom.

Og så: Hordaland fylkeskommune og Knarvik vidaregåande. «Delingskultur» som honnørord. Det må bety eit mål om at lærarane deler filene sine med kvarandre, at ein legg ut undervisningsopplegg som andre kan gå inn og hente, og fritt endre på, at ein jobbar etter wikiprinsippa med å lage nye opplegg, at elevane skriv oppgåver saman i wiki. Trur eg. Dersom andre har andre idear om kva omgrepet inneber, må dei vera vennlege å skriva om det her, slik at vi kan nærma oss ei felles forståing av omgrepet.

Advertisements

Nytt skuleår!

Endeleg nytt skuleår! Og endeleg eit nytt innlegg på bloggen min! Eg vart så motlaus i vinter av at elevane var så lite interesserte i å delta på bloggen, at eg la vekk heile blogginga. Dessutan var det nok av andre ting å ta seg til, merkeleg det der. Men no! Blir det andre bollar. Eg kan lova innlegg om pilotprosjektet på skulen vår, der eg skal vera prosjektleiar. Eg kjem også til å reklamera hemningslaust for alt eg måtte finna på av 2.0-relatert undervisning, det kan bli overkommeleg. Og kven veit, plutseleg har det blitt OBLIGATORISK for elevane å skriva eit innlegg på bloggen min! Eg blir ikkje mykje god no! Men alle som kjenner meg, veit at alt dette må venta til ei morgonstund, for på denne tida av døgnet er eg dum i hovudet, rett og slett. Godt nytt skuleår til alle!