Litt om engelskundervisninga

Etter to år utan engelsktimar, er det godt og heilt naudsynt å vera i gang i gjen, men også frustrerande. Møtet med ny læreplan og lærebok har ikkje vore enkelt, noko som spegla seg litt i førre post! Eg trudde eg skulle kunne bruka kapittelinndelinga i boka (At Work1, Aschehoug) ganske greitt, men når eg skulle laga plan for undervisninga som inkluderte læreplanmåla som var i fokus, kom problemet. Eg klarte ikkje å sjå at boka reflekterte kunnskapsmåla i særleg grad. Ho er mykje betre på “ferdigheter”. Det som viser seg, er at dei har spart mange av tekstane og oppgåvene knytt til kunnskapsmåla til Vg2-boka. Men eg har ikkje lyst å dille rundt med tekstar som berre skal lesast som språktrening i heile år! Det eg fann ut at eg måtte gjere, var å lesa gjennom heile boka, og så plukka og setja saman på nye måtar. I tillegg må eg sjølvsagt bruka tid på å finna gode nettressursar, der reknar eg med at eg etterkvart får hjelp av nettverket eg prøver å bygga meg både her og der no: Twitter, Delicious, Teachertube, og no sist Diigo.

Prioriteringane vert å få elevane til å jobbe med små føredrag, samansette tekstar, novelleanalyse, flimanalyse og litt oversynskunnskap om den engelskspråklege verda. Pluss gjerne aktuelle nyhende frå den engelskspråklege verda.

Eg vurderer å laga ein wiki, der eg legg ut planane mine, og kanskje eg får elevane med etter kvart. Då kan eg kanskje få litt kommentarar frå andre lærarar? Gjerne med same bok?

God praksis i Kunnskapsløftet

Det er jo ironisk, eg har meint mykje om dei nye læreplanane i årevis alt, og det har eg jo vore nøydd til, både som fagkoordinator og FAU-medlem. Men det er ikkje før i haust at eg er i gang med å praktisera. Å gå rett inn på Vg3 er ikkje berre berre, heldigvis har eg gode samarbeidspartnarar som hadde Vg2 i fjor, og veit meir enn meg om kva som har vore prioritert. Det eg tenkjer litt på no om dagen, er korleis praksis festar seg, og kva faktorar som spelar inn. Lærebøkene tolkar læreplanen på sin måte, og det er lett å henge seg opp i deira prioriteringar som dei einaste saliggjerande. Praksis hjå røynde kollegaer er ein annan viktig faktor, det veit alle som hugsar korleis det var å vera ny lærar. Lojalitet til andre lærarar på same trinn er også med å festa ein praksis; vi vert einige om korleis vi gjer det. Og sjølvsagt vert det vi veit om eksamen styrande. Men i tillegg til desse faktorane, trur eg at måten vi skal vurdera elevane sitt arbeid på, kjem til å bli veldig viktig framover. God praksis vil verta praksis som gjev godt høve til god vurdering, og god vurdering vil då seia vurdering som er knytt til kompetansemål, og som elevane kan bruka i læringa si. Dette er ikkje lett, og eg kjenner at alle desse faktorane ikkje dreg i same retning heile tida. Særleg merkar eg det i engelsk Vg1 yrkesfag, der eg verkeleg har lyst å kasta læreboka! Ho er rett og slett til hinder for meg når eg prøvar å planlegga ut frå kompetansemåla. Eg vert låst i tekstane der, slik kjennest det no, i alle høve. Men elevane har jo kjøpt bok, så…

Klassewikien er oppe og går, men…

Noko skal jo det vera. Vi hadde ein del startvanskar med nettet i dag, og med å få elevane inn i wikien. Og så hadde jo eg gjort ein skikkeleg teit tabbe: Elevane sat og skreiv på ulike ting på same side – noko som resulterte i at når ei gruppe lagra det dei hadde skrive, forsvann alt dei andre hadde lagt inn. Så i ettertid fekk eg ein liten jobb med å gå inn i history og henta opp att dei ulike sitt material. No veit vi det! Men eg håpar dette ikkje skremte dei, eg har laga ein diskusjonstråd på wikien om korvidt novella vi jobbar med har relevans i dag, og alle har i lekse å skriva noko i diskusjonen. Mitt store ønske er at dei gjer mykje meir enn det, opprettar nye sider og tullar seg litt, men eg trur nok dei treng litt meir oppvarming. Uansett, dei tok systemet utruleg lett – sjølvsagt. Her er wikien.

Ein klassewiki

I dag har eg oppretta ein wiki for 3STF-klassen, som eg har i norsk. Det første eg skal prøva på i morgon, er å bruka den når vi skal jobbe med ei novelle av Kielland. Eg vil dela elevane i grupper, ei gruppe skal jobba med komposisjon, ei med personkarakteristikk, ei med miljøskildringa. I tillegg har eg nokre opne kategoriar: forfattaren, og tema/bodskap, som alle kan skriva i. Eg har laga ei side om novella i wikien, det einaste eg har skrive inn der er desse stikkorda: komposisjon, etc. I tillegg har eg laga ei side om det første kapitlet i læreboka, som vi no er ferdige med, som eg tenkjer dei kan bruke til å repetera, med at dei legg inn stikkord, forklarar omgrep, finn bilete, etc. Det same har eg gjort med kapittel to, som vi no er i gang med.

Eg trur det er viktig at dei kan bruka wikien ganske fritt, så eg skal oppmuntra dei til å laga dei sidene dei har lyst til, berre det har litt med faget å gjera. Det som også er viktig, er at dei forstår kor lett det er å redigera, og å finna fram til tidlegare versjonar av sida, det kan kanskje løfte nokre sperrer som kanskje nokre har.

Og takka vera Kari, har eg no fått til å legga wikien inn på netvibes-sida mi, slik at eg får beskjed om alle oppdateringar! Eg ser klart at dersom ein skal bruka 2.0 på alvor, er ein heilt avhengig av ei side som netvibes, ellers blir det kaos.

Refleksjon om refleksjon

No er eg glad eg har bloggen min. Eg får så mykje tankar og idear av å surfe rundt på bloggane til flotte lærarar som jobbar med 2.0-verktøy så det kostar etter, og eg trur at i staden for å få kompleks for at eg ligg så langt etter, skal eg prøve å sortere litt her. Som eg skreiv tidlegare, prøver eg å sortere litt og ta ein ting om gangen, det er no ein gong slik eg fungerer. Men eg begynner å ane ein samanheng mellom ulike tankar som har sveva rundt oppi knollen dei siste dagane. Blogging som refleksjonsverktøy for elevar. Og god vurderingspraksis/ gode vurderingskriterier som kan vera med på å hjelpa elevane i læringa. No kan det godt henda eg finn opp kruttet på nytt, i forhold til f. eks Ingunn Kjøl Wiig (tanketråder, sjå blogroll’en), men eg treng å tenkja, så: Dersom vi gir elevane gode, funksjonelle vurderingskriterier når vi startar arbeidet med f. eks ein fagtekst i norsk, og hjelper dei med å forstå dei, kan vi då, når dei får igjen tekstane sine med vurdering, be dei skriva ein refleksjon rundt sin eigen tekst? Slik lærer dei kanskje noko? Eller er det kanskje betre å be dei reflektera rundt teksten sin ved hjelp av vurderingskriteria før dei får lærarvurderinga? Vi treng ikkje vurdere refleksjonen, men kanskje den likevel kan vera obligatorisk – er ikkje den med, får dei ikkje karakter på teksten sin? AM I MAKING ANY SENSE??? Eg trur dette kan utviklast i fleire fag, så ikkje nøl med kommentarar, uansett fag.

Min nye jobb

Her kjem arbeidsinstruksen min:
Arbeidsinstruks for pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga•:
-Prosjektleiaren rapporterer til rektor og deltar i styringsgruppa for IKT-prosjektet som elles har desse medlemmane: rektor, og studieinspektørane
-Stillinga er ei toårig prosjektstilling
-Prosjektleiaren har 20% stillingsressurs
-Prosjektleiaren har følgjande arbeidsoppgåver:
-hovudansvaret for å setja IKT-strategien ut i livet
-ansvar for å hjelpa avdelingane/avdelingsleiarane med pedagogisk bruk av IKT,hjelpa til med å få konkretisert måla i strategien i dei ulike avdelingane
-etablera og leia grupper av lærarar som driv utviklingsprosjekt innan IKT på dei ulike avdelingane
-arbeida med å knyta utviklingsarbeidet med IKT saman med skulen sine andre pedagogiske satsingsområde

Så slik er det, ja… Dei som er nysgjerrige på IKT-strategien på vår skule, må venta litt, så kjem det ein link her, men nett no trur eg ikkje den oppdaterte versjonen er å finna på nettet – ironisk nok! I mellomtida kan eg opplysa om at eg snarast skal setja meg ned for å laga ein slags konkretisering av arbeidet mitt denne terminen, og så får vi sjå kva resten av gruppa syns om det eg kjem fram til. Og du som les dette – kva synest du det er viktig at eg startar med? Eg er glad for alle forslag og innspel!