Bærbar PC i klasserommet kan vera ein styggedom!

Takka vera Kari som tipsa meg om Ingunn Kjøl Wiig sin blogg, kom eg takka vera Ingunn skikkelig igang med Delicious, og takka vera Delicious fann eg blogginnlegget eg skal skriva om her, takka vera Leif Harboe som hadde tagga det. Dette er pointet med nettverk, folkens!

Men altså: “Why I Ban Laptops in my Classroom” av David Cole, professor i juss ved Georgetown university. Blogginnlegg på Britannica Blog, bloggen til Encyclopedia Britannica. Her blir det blogga av spesielt inviterte smartingar med evne til å skriva. Vel verdt å bruka litt tid på, det skal i alle høve eg gjera.

Poenga til Cole er 1) Studentane hans tek notat på laptop, men det fører til at dei blir meir fokuserte på å skriva nøyaktig det han seier enn å formulera sine eigne notat – poenget med å ta notat blir borte. 2) Studentane gjer på alt mogleg anna, som å legga kabal, surfa på nettet…etc. Han har difor lagt ned forbud mot bærbare PC’ar på førelesingane, og studentane er godt nøgde.

Eg har ikkje nokre nye argument å koma med i høve til dei svara Cole har fått på innlegget, men sidan dette er relevant i høve til diskusjonen “her heime”, vil eg gjerne kommentera det likevel: Ja, dersom det er notatskriving elevane skal bruka PC’en sin til i timen, er investeringa til fylkeskommunen heilt bortkasta. Særleg det trådlause nettverket! Eg vil ikkje ha elevar som brukar PC medan eg snakkar i det heile – då skal dei sjå på MEG. Og fylgja med! Eg er nemleg ikkje så interessant at eg kan konkurrera med Facebook og MSN. Men stort sett er ikkje dette noko problem, eg føreles ikkje så veldig mykje, og når eg gir instruksar om kva vi skal driva med, forklarar, oppsummerer, når vi har klassesamtalar, når elevar har innlegg, skal Pc’en vera lukka. Ned med loket!

Det er klart, dersom ein berre føreles, har ein eit problem. Då kan ikkje elevane bruka PC’en i det heile om dei ikkje skal notera. Men det er det ingen som gjer i vidaregåande skule, i alle høve svært få. Poenget er sjølvsagt at lærarane og elevane må få kunnskapar og verktøy til å bruka Pc’en på andre måtar enn som ei avansert skrivemaskin.

Nokre lærarar seier at elevane forlangar å notera, og at dei då har mykje betre orden på notatane enn i ei skrivebok. OK. Då har eg følgande forslag: Ein elev får i oppgåve å notera kvar gong. Så lagar læraren ein klassewiki, der elevane legg ut notata etter kvart. Så kan dei andre legga til kommentarar, bilete, fylla ut notata, finna relevante lenker, etc. Då vert notata utgangspunkt for vidare læring.

Eigentleg trur eg ikkje vi klarar å utnytta PC’en fullt ut som læringsverktøy i klasserommet før lærarane ser behovet for å endra undervisningspraksis som følge av den digitale revolusjonen. Eg trur f. eks at vi i mykje større grad treng å arbeida i lengre bolkar med kvart fag i slengen, slik at elevane får tid til å gjera større oppgåver, og ikkje vert avbrotne heile tida. Men det er emne for eit eige innlegg, trur eg!

(photo: Selva Morales, flickr cc)

Skriftleg og munnleg i det nye norskfaget

Eg har hoppa rett inn på Vg3 no i år, utan å ha gått gradene på Vg1 og Vg2. I Vg3-planen er det berre to kompetansemål under hovudområdet muntlige tekster: “sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært program” og “analysere og vurdere sammenhengen mellom innhold, virkemidler og hensikt i muntlige sjangere”. Men dette kan umogleg bety at det er berre desse to kompetansemåla som utgjer den munnlege kompetansen på Vg3. Ein må tenkja seg at mange av dei andre måla kan vurderast ved hjelp av munnlege sjangrar. Det mest opplagte er måla under hovudområda “Språk og kultur” og “Sammensatte tekster”. Men også fleire av måla under “Skriftlige tekster” kan vurderast munnleg, fordi dette hovudområdet også om handlar lesekompetanse, ikkje berre skrivekompetanse. Desse måla kan godt vurderast munnleg: “bruke begrepsapparat fra retorikken for å analysere og vurdere tekster i ulike sjangere”, “vurdere argumentasjon i andres tekster og underbygge egne påstander ved saklig argumentasjon”, “beskrive utviklingen av egne tekster”.

Den andre sida av dette, er at ein kan godt vurdere såkalla “kunnskapsmål” skriftleg, og la kompetansen visa på den skriftlege karakteren. Ta dette målet: “gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk fra 1830-årene til vår tid”. Min norsklærar-ryggmarg seier at kompetanse i denne målet skal gå på den munnlege karakteren i norsk, men det kan godt testast med ein såkalla “skriftleg-munnleg” prøve, berre ein også testar eleven i meir “reine” munnlege sjangrar gjennom året. Dette meiner eg no er feil. Vel eg å testa elevens kompetanse i dette v. hjelp av skriving, skal det vurderast i skriftleg.

Forstår andre norsklærarar dette på same måte?

Vurdering og vurderingsverktøy

Ja, då var det lenge sidan eg skreiv noko her. Det var ikkje kvardagen som tok meg, det var feberen. Eg har tenkt ein god del lurt medan eg har lege rett ut med feber, men eg har ikkje orka å skriva noko, og det ein ikkje skriv ned… Men altså, her er eg, og sjølv om eg har fått lite respons i det siste, er bloggen nyttig for meg, så det så!

7. oktober arrangerte FAU-norsk eit kurs om vurdering og vurderingsverktøy, v. Henning Fjørtoft, stipendiat v. NTNU. Han jobbar med lyrikk der, men driv i desse dagar og skriv bok om vurdering, og han reiser rundt og kursar lærarar i dette. Bakgrunnen hans for dette er IB-systemet slik han vart kjent med det som lærar på Trondheim International School. Dei brukar mykje vurderingsrubrikkar og sjekklister i vurderingsarbeidet. Døme på dette kan ein finna i Norsklæraren nr 2, 2007, der Fjørtoft har ein artikkel.

For å seia det kort og sikkert grusomt forenkla, poenget er å gjera våre vurderingskriterium tydelege for elevane (og oss sjølve), og gjera dei til ein viktig del av læringsarbeidet til elevane. Rubrikkane og sjekklistene er verktøyet.

Eg har prøvd dette ut litt i det siste, og eg trur det kan bli svært nyttig. Det er jo ikkje nytt for meg at det er viktig at elevane veit korleis dei skal bli vurdert, men eg syns verktøya til Fjørtoft var svært gode i dette arbeidet. Eg har laga sjekkliste til små føredrag saman med elevane, og eg driv også, i samarbeid med andre lærarar, å prøva å laga rubrikkar for teksttypar. Dei som er interessert i å følgja arbeidet vårt, kan sjå på wikien.

Det er mykje om rubrikkar på nettet, og eg skal kom tilbake til gode sider når eg finn dei.
http://rubistar.4teachers.org/index.php er ein rubrikkgenerator – som hjelper deg med å laga rubrikkar. Det er rett nok på engelsk, så ein får litt jobb med omsetjing, men pytt. Eg skal i alle høve prøva dette ut.

Tek gjerne i mot erfaringar med vurderingsverktøy!