Vurdering og vurderingsverktøy

Ja, då var det lenge sidan eg skreiv noko her. Det var ikkje kvardagen som tok meg, det var feberen. Eg har tenkt ein god del lurt medan eg har lege rett ut med feber, men eg har ikkje orka å skriva noko, og det ein ikkje skriv ned… Men altså, her er eg, og sjølv om eg har fått lite respons i det siste, er bloggen nyttig for meg, så det så!

7. oktober arrangerte FAU-norsk eit kurs om vurdering og vurderingsverktøy, v. Henning Fjørtoft, stipendiat v. NTNU. Han jobbar med lyrikk der, men driv i desse dagar og skriv bok om vurdering, og han reiser rundt og kursar lærarar i dette. Bakgrunnen hans for dette er IB-systemet slik han vart kjent med det som lærar på Trondheim International School. Dei brukar mykje vurderingsrubrikkar og sjekklister i vurderingsarbeidet. Døme på dette kan ein finna i Norsklæraren nr 2, 2007, der Fjørtoft har ein artikkel.

For å seia det kort og sikkert grusomt forenkla, poenget er å gjera våre vurderingskriterium tydelege for elevane (og oss sjølve), og gjera dei til ein viktig del av læringsarbeidet til elevane. Rubrikkane og sjekklistene er verktøyet.

Eg har prøvd dette ut litt i det siste, og eg trur det kan bli svært nyttig. Det er jo ikkje nytt for meg at det er viktig at elevane veit korleis dei skal bli vurdert, men eg syns verktøya til Fjørtoft var svært gode i dette arbeidet. Eg har laga sjekkliste til små føredrag saman med elevane, og eg driv også, i samarbeid med andre lærarar, å prøva å laga rubrikkar for teksttypar. Dei som er interessert i å følgja arbeidet vårt, kan sjå på wikien.

Det er mykje om rubrikkar på nettet, og eg skal kom tilbake til gode sider når eg finn dei.
http://rubistar.4teachers.org/index.php er ein rubrikkgenerator – som hjelper deg med å laga rubrikkar. Det er rett nok på engelsk, så ein får litt jobb med omsetjing, men pytt. Eg skal i alle høve prøva dette ut.

Tek gjerne i mot erfaringar med vurderingsverktøy!

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Vurdering og vurderingsverktøy”

  1. Jeg likte også kurset til Fjørtoft og fikk nyttige innspill til egen refleksjon omrkring vurdering. Fordelen med skjematenkningen er åpenbar: tydeliggjøring og dokumentasjon for læreren. Samtidig er jeg skeptisk til det firkantete i tenkninga: både oppsettet og denne måten å tenke på som den eneste saliggjørende. Den voldsomme vektlegginga på skjemaene (som det faktisk ble ved at hele kurset munnet ut i en fokusering på dette vurderingsverktøyet)er faktisk litt skremmende. Det overordnede er jo å finne fram til måter å evaluere elevene på der de også er orientert om vurderingskriteriene. Jeg har liten tro på at den ordrikdommen som preger noen av de skjemaene vi så, er egnet til å få i gang en dialog med elevene om vurdering. De er derimot svært godt egnet til å dokumentere mitt eget syn på hva som skal vektlegges og derfor også godt egnet som grunnlag for en faglig diskusjon omkring evaluering med mine kolleger.

  2. Vel, den faglege diskusjonen om evaluering er jo nyttig og viktig, den. Eg syns likevel at det er eitt av områda der vi har vore flinke lenge, med å sjå over prøvar og stilar for kvarandre. Eg er faktisk no meir oppteken av å hjelpa elevane med å forstå kva det er dei skal bli vurdert etter, og eg syns skjemaa kan hjelpe med det. Det er sikkert rett at mykje av ordbruken i skjema kan verka framand, men det kan jo bli kjent? Eg trur og at den einaste måten vi finn ut kva desse verktøya kan brukast til og kor verdifulle dei er, er ved å prøva dei ut, og justera etterkvart.

    Eg syns ikkje dette er så skremmande, eg syns det er meir skremmande dersom det er sant som Fjørtoft sa, at forskinga viser at det ikkje ligg noko læring i tilbakemeldinga vi gir i etterkant. Då er det mange bortkasta timar som ligg bak meg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s