Bærbar PC i klasserommet kan vera ein styggedom!

Takka vera Kari som tipsa meg om Ingunn Kjøl Wiig sin blogg, kom eg takka vera Ingunn skikkelig igang med Delicious, og takka vera Delicious fann eg blogginnlegget eg skal skriva om her, takka vera Leif Harboe som hadde tagga det. Dette er pointet med nettverk, folkens!

Men altså: «Why I Ban Laptops in my Classroom» av David Cole, professor i juss ved Georgetown university. Blogginnlegg på Britannica Blog, bloggen til Encyclopedia Britannica. Her blir det blogga av spesielt inviterte smartingar med evne til å skriva. Vel verdt å bruka litt tid på, det skal i alle høve eg gjera.

Poenga til Cole er 1) Studentane hans tek notat på laptop, men det fører til at dei blir meir fokuserte på å skriva nøyaktig det han seier enn å formulera sine eigne notat – poenget med å ta notat blir borte. 2) Studentane gjer på alt mogleg anna, som å legga kabal, surfa på nettet…etc. Han har difor lagt ned forbud mot bærbare PC’ar på førelesingane, og studentane er godt nøgde.

Eg har ikkje nokre nye argument å koma med i høve til dei svara Cole har fått på innlegget, men sidan dette er relevant i høve til diskusjonen «her heime», vil eg gjerne kommentera det likevel: Ja, dersom det er notatskriving elevane skal bruka PC’en sin til i timen, er investeringa til fylkeskommunen heilt bortkasta. Særleg det trådlause nettverket! Eg vil ikkje ha elevar som brukar PC medan eg snakkar i det heile – då skal dei sjå på MEG. Og fylgja med! Eg er nemleg ikkje så interessant at eg kan konkurrera med Facebook og MSN. Men stort sett er ikkje dette noko problem, eg føreles ikkje så veldig mykje, og når eg gir instruksar om kva vi skal driva med, forklarar, oppsummerer, når vi har klassesamtalar, når elevar har innlegg, skal Pc’en vera lukka. Ned med loket!

Det er klart, dersom ein berre føreles, har ein eit problem. Då kan ikkje elevane bruka PC’en i det heile om dei ikkje skal notera. Men det er det ingen som gjer i vidaregåande skule, i alle høve svært få. Poenget er sjølvsagt at lærarane og elevane må få kunnskapar og verktøy til å bruka Pc’en på andre måtar enn som ei avansert skrivemaskin.

Nokre lærarar seier at elevane forlangar å notera, og at dei då har mykje betre orden på notatane enn i ei skrivebok. OK. Då har eg følgande forslag: Ein elev får i oppgåve å notera kvar gong. Så lagar læraren ein klassewiki, der elevane legg ut notata etter kvart. Så kan dei andre legga til kommentarar, bilete, fylla ut notata, finna relevante lenker, etc. Då vert notata utgangspunkt for vidare læring.

Eigentleg trur eg ikkje vi klarar å utnytta PC’en fullt ut som læringsverktøy i klasserommet før lærarane ser behovet for å endra undervisningspraksis som følge av den digitale revolusjonen. Eg trur f. eks at vi i mykje større grad treng å arbeida i lengre bolkar med kvart fag i slengen, slik at elevane får tid til å gjera større oppgåver, og ikkje vert avbrotne heile tida. Men det er emne for eit eige innlegg, trur eg!

(photo: Selva Morales, flickr cc)

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

4 thoughts on “Bærbar PC i klasserommet kan vera ein styggedom!”

  1. Ja, jeg er så enig med deg Margreta – trenger ikke å tilføye noe.

    Men om noen har prøvd akkurat det med bruken av wiki som du foreslår – til en felles notat/oppsummeringsplass – ville jeg gjerne visst det. At det er gjort på høgere nivå i utdanningen finnes det eksempel på (har ikke adressen tilgjengelig akkurat nå, fordi jeg fant den siden før jeg fant delisious…), men i videregående??

    Utfordring til den som les: Test det ut!
    Del med oss andre adressen til wikien – jeg er i alle fall interessert!

    Og forresten, skulle en ikke tatt en diskusjon med elevene uansett, om dette kan være lærerikt? En ny måte å lære på – gjennom å dele og supplere. Kanskje de ikke i utgangspunktet ønsker det, men… Det var det med å se mulighetene til utvikling ved hjelp av andre…

    Det stiller krav til elevene å produsere noe som andre skal bedømme. Da blir det med en gang mer alvorlig. Ta en diskusjon etterpå – om de har lært noe av det.

    Lykke til fra en som ikke akkurat nå har muligheten til å teste det ut.

  2. Jeg kan bare slutte meg til dette. Elevene mine får ikke ha pc-en framme når jeg introduserer, diskuterer eller oppsummerer fagstoff med dem, og det tror jeg er helt nødvendig så lenge vi ikke bruker mer tid på denne typen undervisning enn vi gjør i dag. Notater kan de alltids ta likevel, men min erfaring er at de ikke er flinke til å bruke notater, ei heller å ta dem, så hva skal de med dem da? Av og til lager jeg en screencast til dem av foredraget med kommentarer innlest, så da finnes det egentlig ingen argumenter for å sitte med nesa i pc-en mens jeg snakker. Vi har fagdager hos oss, så ofte begynner dagen med en introduksjon – den kan også foregå i et auditorium med opptil 90 elever – og deretter får de oppgaver der de ofte må samarbeide for å få et resultat. Tidsfrister er også viktig, gjerne i form av innleveringer på It’s. Det er ikke nødvendig å rette alt, bare se over og godkjenne dersom det er greit utført. Der kommer pc-en til sin rett. Wikien vår blir oppdatert med stof elevene har produsert i forbindelse med oppgaver de har fått. Dette fungerer greit. 180 elever deler samme wiki, og jeg tror den kommer til å bli bra.

  3. Metodisk tips: notat i tankekart får ein ofte til å tenkja litt meir på samanhengar og mindre på å skriva. Freemind er eit starttips for tankekartprogramvare ein kan nytta.
    IHMC Cmap er eit anna. Eller så kan ein jo bruka «Wiki» prinisppet på tankekart i mindmeister, comapping eller bubbl.us. (Fleire finst…)

  4. Takk for tipsa, Guttorm! Digitale tankekart har eg berre såvidt brukt – det står på lista mi. Einig med at det sikkert gir godt læringsutbytte for ein del.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s