Ministerblogg!

Då bloggar ministeren også!

Advertisements

Den evindelege rettinga – digitalt?

Det er no to-tre år sidan eg starta å retta elevtekstar digitalt. Eg har heile tida drive vekselbruk mellom det og papirretting, fordi elevane ikkje har hatt PC tilgjengeleg på alle prøvar. No prøver eg å gjera det mest mogleg digitalt, også fordi det då er lett å kopiera kommenterte arbeid inn i Skolearena. Men eg er ikkje fornøgd med reiskapane mine. Eg har laga meg eit ganske rotete system med gule markeringar over ord som har feil staving, og merknadsfunksjonen i Word til grammatikkkommentarar og anna. Problemet blir når eg har behov for å kommentera ein del i teksten. Det blir snart kaos med raude stipla linjer overalt, og det er omtrent håplaust for eleven å sjå kva som er kommentarar til kva. Bruk av rubrikkar gjer sjølve skrivinga av sluttkommentar enklare, men tekstrettinga – der slit eg. Via Leif Harboe fekk eg nyss i eit program som heiter markin – men det kostar pengar. Kva erfaringar har andre – korleis løyser de dette? Er Markin så bra at skulen bør investere?

Blogg i veg!

Inspirert av gjemmesiden, oppfordrar eg no alle kollegaer til å blogge! Årsakene er lista opp i innlegget til Svend Andreas Horgen, men eg kan godt formulera dei med mine eigne ord. Bloggar du som lærar, får du eit høve til refleksjon kring eiga undervisning som er sunt! I tillegg fører det med seg kontakt med andre, inspirerande kollegaer frå heile landet, og i det ligg det motivasjon og læring!

Som eg skriv i kommentaren til Svend Andreas, er mitt mål no først og fremst å få rektor til å blogge. Eg er sikker på at det hadde vore svært samlande for skulen og motiverande for elevane og lærarane. På bloggen kunne han skriva små innlegg om det han arbeider mest med og er mest oppteken av for tida, spørja elevane om kva dei meinte om saker og ting – og dermed hadde han gjeve alle norsklærarane ein sjanse til å bruka tid på å la elevane skriva kommentar på bloggen til rektor.

Inge – tek du utfordringa?

Nettverk – nettet blir menneskeleg!

I går kveld slo det meg brått at det er lenge sidan eg har utført eit godt, gammaldags google-søk. Kvifor det? Jau, fordi eg brukar nettverka mine til å skaffa meg informasjon i staden for. Ved hjelp av kontaktane eg har fått i Delicious og Twitter, og ved hjelp av bloggane eg les, får eg stadig nye tips om interessante sider og verktøy. Eit døme kan vera at eg lurer på noko med bruk av bloggar i klasserommet. Før ville det ha vore naturleg for meg å søka i google: blogg+elev. No ser eg heller på Tanketråder, Ingunn Kjøl Wiig har sikkert skrive noko om dette, tenkjer eg, og finn det eg treng der, evt. føl eg hennar lenker vidare ut på nettet.

Dette gjeld nok ikkje berre meg, men er ein høgst menneskeleg måte å bruka nettet på: Kven vil du helst spørja om noko du lurer på: Ein vilt framand, eller ein du har fått gode svar av før?

Eg føler rett og slett at dette gjer nettet meir menneskeleg, og eg føler i større grad at eg brukar nettet, og ikkje omvendt. Og for meg er dette ei god utvikling!

Dette har nok nokon tenkt på før meg, og dei som vil, må gjerne supplera med gode tips til artiklar og filmar som handlar om akkurat dette!

Det store spranget

det-store-spranget
I dag startar eg opp eit prosjekt i engelsk Vg1 yrkesfag: «The New President in the USA». Eg har tenkt at elevane skal jobba i grupper, og det som skal vurderast er ein felles munnleg presentasjon og ein individuell skriftleg prøve i det stoffet akkurat den gruppa har jobba med. Dette blir ein samla karakter. Så er spørsmålet: Skal eg laga ein wiki til dei der dei kan jobba? Evt. skal eg laga ein wiki for publisering av presentasjonane deira i eitt eller anna format? Eg veit at alt dette er heilt nytt for dei, og eg har vore litt tilbakehalden med å gå i gang, fordi dei rett og slett har hatt mykje nytt å tenkja på, også digitalt (SkoleArena, It’s learning…) Dersom nokon har gode idear til ein «mjuk digital start», tek eg gjerne i mot!
Foto: nutmeg66 flickr cc

Nye tips og inspirasjon frå Arne Olav Nygard

Sist fredag arrangerte FAU-norsk kurs på Bryggens museum, vi hadde to vidt forskjellige tema og to vidt forskjellige føredragshaldarar. Førstemann ut var Erik Bjerk-Hagen, som vi hadde bedt om å snakka om «Det moderne prosjektet». Det håpar eg å skriva meir om seinare, i eit anna innlegg, no vil eg gå rett på det som har interesse for fleire enn norsklærarar. Arne Olav Nygard er doktorgradsstipendiat ved UiS, i lesevitskap. Der jobbar han med digitale tekstar. Vi hadde invitert han til Bergen for å snakka om digitale verktøy til bruk i norskfaget, og han kom med fleire gode tips. Det første han viste oss, var korleis han hadde brukt Google Documents i skriveøkter med elevar. Fordelen var at elevar lett kan dela dokument med kvarandre, og hjelpa kvarandre med skrivinga. Det er også lett å gå tilbake til tidlegare versjonar av ein tekst. Han viste også korleis han hadde kommentert elevtekstar fortløpande, medan dei skreiv, ved hjelp av dette.

Jumpcut er eit enkelt filmredigeringsprogram, som såvidt eg kunne sjå, gjerne kan erstatta MovieMaker. Føremonen er at ein lagrar filmane sine på nett istaden for på maskina, og slik kan unngå å måtte oppbevara, lasta ned og opp såpass store filer. Det såg ut til å vera svært enkelt i bruk. Nokre lurte på om du ikkje kunne lasta ned filmane dine, og eg har kome på i ettertid at dersom du lastar ned RealPlayer, kan du faktisk det på ein svært enkel måte, då får du alltid, når du spelar av film, spørsmål om du vil lasta ned videoen.

Eg forelska meg i GoAnimate! eit verktøy for å laga animasjonsfilmar. Like enkelt i bruk som JumpCut/Moviemaker, og eg trur elevane vil elska det. Du har ei rekkje ferdige figurar, effektar og bakgrunnsbilete, men du kan enkelt lasta opp dine eigne. Her er det mange bruksområde – animering av engelske tekstar i engelskfaget, animering av historiske hendingar og personar, f. eks har eg lyst å laga tungetaledebatten i dette verktøyet.
Her er mitt første forsøk i GoAnimate!

Han viste også eit verktøy til som eg har gløymt kva heitte, det skal eg koma tilbake til når eg får sjekka det.

Eg vil tilrå å invitera Nygard til skulane for å jobba med desse og andre verktøy, eg hadde det veldig moro på fredag, i tillegg til at eg lærte ein heil del!

Å legga til bilete i bloggen


Hah! Der var jo Stella, min vakre hund! Ho har absolutt ingenting i denne bloggen å gjera, men eg har streva sånn med å legga til bilete her, og så kom eg på at eg berre hadde prøvd å legga til direkte frå nett, og at det kanskje gjekk betre med bilete eg hadde lagra på PC’en! Og det stemte! Då var det plutseleg berre å følga oppskrifta. Då blir vel sannsynlegvis løysinga å lagra bileta frå nettet på PC’en, og så legga dei inn her. I alle fall til nokon opplyser meg om noko anna.