Å legga til bilete i bloggen


Hah! Der var jo Stella, min vakre hund! Ho har absolutt ingenting i denne bloggen å gjera, men eg har streva sånn med å legga til bilete her, og så kom eg på at eg berre hadde prøvd å legga til direkte frå nett, og at det kanskje gjekk betre med bilete eg hadde lagra på PC’en! Og det stemte! Då var det plutseleg berre å følga oppskrifta. Då blir vel sannsynlegvis løysinga å lagra bileta frå nettet på PC’en, og så legga dei inn her. I alle fall til nokon opplyser meg om noko anna.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

3 thoughts on “Å legga til bilete i bloggen”

  1. Men ein hund er ikkje berre ein hund. Der finst store og små, tunge og lette. Den som ligg ved innlegget om berbar PC er 10 kb, medan din eigen, knytt til dette inseratet, er 1, 4 MB, sjølv om det ikkje ser slik ut. Ikkje noko stort problem no, men truleg vil det vera ein føremon å redusera storleiken før du legg biletet ut. For om det vert for mange av den dimensjonen, vil det ta lengre tid å lasta sida. — 4 sekund venting ? er det ikkje det som er maksgrensa før ein zippar over til noko anna . . .

  2. Tusen takk for tipset Jarle! Eg er heilt grøn når det gjeld biletredigering, så dette tenkte eg ikkje på i det heile. Eg skal øva, og sjå om eg får til å redusera storleiken, elles må eg nok spørja nokon – hm… kanskje e-koordinatoren?;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s