Det store spranget

det-store-spranget
I dag startar eg opp eit prosjekt i engelsk Vg1 yrkesfag: «The New President in the USA». Eg har tenkt at elevane skal jobba i grupper, og det som skal vurderast er ein felles munnleg presentasjon og ein individuell skriftleg prøve i det stoffet akkurat den gruppa har jobba med. Dette blir ein samla karakter. Så er spørsmålet: Skal eg laga ein wiki til dei der dei kan jobba? Evt. skal eg laga ein wiki for publisering av presentasjonane deira i eitt eller anna format? Eg veit at alt dette er heilt nytt for dei, og eg har vore litt tilbakehalden med å gå i gang, fordi dei rett og slett har hatt mykje nytt å tenkja på, også digitalt (SkoleArena, It’s learning…) Dersom nokon har gode idear til ein «mjuk digital start», tek eg gjerne i mot!
Foto: nutmeg66 flickr cc

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Det store spranget”

  1. Tror ikke du skal være så redd for å utsette elevene for en «digital overload»… Jeg satte i gang et prosjekt i vg 1 der elevene skulle lage digitale fortellinger. Dette gjorde vi allerede 2. uken, og elevene hadde aldri brukt pc til noe slikt før. Jeg viste noen eksempler, og så var de i gang. Resultatene ble ok, og elevene syntes det var kjekt å utforske de digitale verktøyene.

    Lykke til.

  2. Ja, digitale forteljingar lagar vi også no, men eg syns det er skilnad på å bruka den type verktøy og wikiar, det siste inneber endringar i arbeidsprosessar, aksept av tanken om at ein publiserer det ein skriv, etc. Men eg har nok ikkje tenkt å unngå det – det er berre å finna ei god «opning».

  3. Ja, det er noe annet med wiki – enig i det. Det som jeg har gjort for å få elevene i gang med å jobbe i samme dokument, er det vi kaller tekstkart. Dette er et slags kolonneskjema der de fyller inn litt om handling, sjanger, periode, virkemidler osv. om en tekst vi har lest og jobbet med – eller en film…

    Elevene jobber i par, og skal lage tekstkart sammen i et google-dokument. Dette gjør de som skriveoppgave hjemme. Tesktkartene publiseres slik at alle elevene i klassen kan ha tilgang til disse . Dermed får de øvd seg på å redigere samme dokument, samt å publisere det de har laget…

  4. Det høyrtest lurt ut! Eg har ikkje sett meg inn i google-doc, det er det neste på lista. Kan passe godt når vi skal jobbe med noveller om ikkje lenge.

  5. Spennende prosjekt. Flott at du/skolen tar i bruk de nye verktøyene og de mulighetene det gir. Lykke til med det videre arbeidet. Vi snakkes 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s