Dei samansette tekstane og vurdering

Eg høyrer definitivt til dei som syns større vekt på såkalla samansette tekstar, er noko av det beste med den nye læreplanen. Men den store plassen slike tekstar har fått i læreplanane, speglar seg ikkje på nokon måte i vurderingssystemet for faget, der det ikkje har skjedd endringar.

Ein ting er eksamen. Måten eksamen i norsk skal gjennomførast på, gjev lite rom for analyse av samansette tekstar, i alle høve dei som tek i bruk lyd og levande bilete. Her er det ein samansett problematikk som gjeld både opphavsrettar og det tilgjengelege teknologiske utstyret rundt på skulane.

Ei anna sak er at ingen har tenkt på, så vidt eg veit, at det ikkje på nokon måte er klart kvar karakterane elevane får gjennom året på samnsette tekstar, skal førast. Er dette karakterar som tel i munnleg norsk? Eller skriftleg?

Kva gjer de andre med dette?

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

2 thoughts on “Dei samansette tekstane og vurdering”

  1. Dette er definitivt noko som er annaleis og som er nødvendig å reflektera over! I det siste har dette vore noko også eg har tenkt ein del på. Kva er eigentleg munnleg norsk i høve til tidelgare?

    Ein ting er i alle fall sikkert at denne kompetansen har ein større plass i kunnskapsløftet enn før. Eg tenkjer no at samansette tekstar kan nyttast både i høve til skriftleg og munnleg alt etter kva type samansett tekst ein har med å gjera.

    Dessutan kjenner eg eit behov for å definera samansett tekst i og med at eg opplever dette omgrepet har ulike tydingar i ulike samanhengar (utan at eg har forska på det) Til slutt hadde det vore nyttig med ein gjennomgang av dei 11 munnlege kompetansemåla og gjerne sett dei i lys av R 94 for å sjå kva som eigentleg er annleis og kva for retning det er lurt å røra seg i. Altså må me kanskje gjennom ein del omgrepsavklaringar saman?

    Mona

  2. Takk for innspel Mona! Eg har blogga litt om skriftleg og munnleg i norskfaget også, du finn det her. Det er heilt klart viktig å diskutera kva ein samansett tekst er, omgrepet er jo laga spesielt til læreplanen, men ikkje av læreplanforfattarane – dei opererte jo som kjent med multimodale tekstar. Mulig det kan vera lurt å starta med å sjå på kva det er, for der fins det jo teori og definisjonar. Det skal eg prøva å koma tilbake til når eg har forska litt på det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s