Vegen vidare

Godt nyttår til alle!
Det kjem til å bli ein spennande vår. Allereie i morgon startar vi på KNV med å sjå på kvar vi skal gå vidare med IKT-strategien og arbeidet. Vi har invitert June Breivik for å få litt impulsar utanfrå, og eg gler meg veldig. Eg har nytta litt tid i dag til å sjå på kva i strategien vi ikkje har fått gjort noko med, og det vi har kalla «fleksibel organisering av skuledagen», merkjer seg ut. Tanken var at dersom elevane arbeider meir sjølvstendig, med læraren som rettleiar, vil lengre økter med eitt fag vera betre. Då kan dei konsentrera seg og få gjort eit skikkeleg arbeid, og sleppa å bli avbroten av eit heilt nytt fag fleire gonger om dagen. Vi tenkte også på ei meir fleksibel organisering av grupper her, med meir oppløysing av klassestrukturen. Det er snart to år sidan vi skreiv dette, og det er mange grunnar til at det ikkje har skjedd noko på dette feltet. Eg trur mange ser på dette som ei veldig stor omvelting i kvardagen, og ein må ha forståing for at med alle dei andre endringane som skjer knytta til nye læreplanar, IKT og vurdering, kan det bli nok. Kanskje vi skal moderera oss, og innsjå at dette kjem vi ikkje til å koma i gang med på fleire år enno? Men vi treng ikkje legga tankar om betre organisering av skuledagen heilt vekk. Til hausten får vi eit nytt, flott og stort auditorium på skulen. Eg vil gjerne har parallellagde timar på trinna, slik at vi kan utnytta dette godt! Vi kan senda alle på trinnet inn i auditoriet for felles orientering/film, etc, her kan det vera ulikt kva lærar som har ansvaret alt etter kva det dreier seg om. Så kan vi samarbeida om å rettleia og hjelpa elevane i ettertid. Helst ville eg hatt blokkdagar der ein kunne starta i auditoriet, og så jobba med faget utover dagen. Men parallellegging hjelper!

Eit anna spennande moment som eg håpar vi får snakka litt om i morgon, er større bruk av elektroniske læremiddel, til dømes NDLA. Vi har høyrt at fylkeskommunen ynskjer at vi i større grad tek i bruk dette, og at dei vil gi mindre pengar til innkjøp av tradisjonelle lærebøker til hausten. Dersom vi skal starta opp med mindre bruk av bøker til hausten, må vi bruka god tid i vår på å planleggja, diskutera og læra. Eg syns det er viktig at vi klarar å lata vera å tenkja enten/eller, for det første er det lettare å diskutera då, for det andre er bøker framleis ein god ting! I norsk kan det til dømes vera vanskeleg å klara seg utan ein god tekstantologi, sjå kva Marita Aksnes skriv om dette her. Vil vi kunna klare oss med novelle- og diktsamlingar på biblioteket? Kanskje?

Eg trur at 2009 må bli året då endå fleire lærarar testar ut kva PC’en har å by på utanom Word, It’s learning, Wikipedia og Powerpoint. I strategien vår har vi sagt at vi skal ta i bruk nettstader som baserer seg på kommunikasjon mellom likemenn. I resten av avsnittet kan ein sjå utstrakt bruk av verb som «oppmuntre til», i staden for «skal», når det gjeld å ta i bruk wikiprinsippa, til dømes. Det er som sagt to år sidan vi skreiv dette, vi hadde akkurat vore på kurs med Arne Krokan, og høyrt om desse omgrepa for første gong. Det kan nok forklara den forsiktige verbbruken, men no kan vi vel slå fast at delingskultur i alle former er kome for å bli? Skal vi kanskje bli litt meir bastante her?

Vel, dette var berre litt av det eg tenkjer om viktige spørsmål vi må jobba med i år, og korleis skal eg vita kva eg meiner før eg har blogga om det? 🙂

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Vegen vidare”

  1. Det er spanade å lesa om kva de tenkjer på KNV.
    I Hordaland er me så heldige at me no har arbeidd med ein IKT-plan i 1-2 år og denne planen er ferd med å verta eit viktig verktøy på mange skular, også på KNV. Eg er overtydd om at arbeidet med IKT-planen kjem til å verta ein modell for korleis skulane skal arbeida med ein utviklingsplan for heile skulen i framtida.
    Fylkeskommunane i Noreg (utanom Oslo) har brukt mange millionar på å utvikla NDLA, og er villige til å satsa vidare. Då er det viktig at skulane tek i bruk desse læringsressursane etter kvart som dei vert ferdige.
    Korleis skal me då marknadsføra desse ressursane? Det kan vera ein god ide å ha korte innføringar på fagseksjonsnivå. Det bør gjerast av ein lærar som har prøvd dette ut.
    Den digitale verda er fasinerande for mange, også lærarar, men ikkje alle. Det er difor viktig at ein ikkje gløymer dei lærarane som framleis er usikre på korleis ein skal bruka PCen i læringsarbeidet.Rettleiinga («oppmuntringa»)bør difør skje på ulike nivå.
    Lukke til vidare arbeid!

  2. Tusen takk for kommentar! Eg er glad for at e-pedagogen vår har funne bloggen min! Vi kjem til å skriva ein heilt ny plan no, der vi prøver å seia noko om kva digital kompetanse kan vera på ulike nivå, og kva digital kompetanse vi treng. Eg er heilt einig i at det er viktig å møta lærarane der dei er – akkurat som med elevane!

  3. Du sier at du kunne tenke deg blokkvis undervisning. Dette har vi gjort i stor grad i flere fag jeg underviser ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og jeg liker formen veldig godt. Typisk vil en dag ha ett tema/fag, for eksempel «Linux» på mandag, tirsdag og onsdag, «prosjekt» på torsdag og «Java-programmering» på fredag. Da er det opp til foreleser å legge opp til en fin dag. Vi har typisk undervisning noen timer og veiledning/øvingsarbeid i noen timer og selvstudium noen timer. Studentene har gitt gode tilbakemeldinger på blokkvis undervisning, selv om det betyr at de plutselig kan få fri fra «Linux» i 2 uker, og så gå mer intenst inn på Linux igjen i en periode. Vi tenker rett og slett slik at fagene henger sammen og da er det viktig at vi kan legge opp slik at de tema som er relaterte fremheves, og kommer i naturlig rekkefølge. Jeg tipper at det samme gjelder for en rekke fag på videregående skole, og at en blokkvis oppdeling kan ha noe for seg.

    Det positive med blokkvis, er at en kan få dypere fokus enn ved å bare hoppe fra det ene til det andre, fra time til time (slik jeg gjorde når jeg selv gikk på videregående). Jeg tenker også at en lærer kan introdusere et tema, så overlate dem til å jobbe på egenhånd med PC (altså igangsette digitale aktiviteter) og så samle sammen alle etter en viss stund for en oppsummering. Da kan de vel i prinsippet jobbe hvor som helst (på skolen) i mellomtiden, bare de jobber. Ja til trådløst nettverk i fullskala på alle skoler!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s