Kan elevane få sitt eige personlege læringsnettverk?

I går hadde eg ein interessant samtale med ein tidlegare elev via MSN messenger. Vi var innom mykje, og eg nytta sjansen til å spørja han litt ut om bruken av IKT i dei studiane han driv med. Så fortalte eg litt om korleis eg lærer mykje via bloggar og twitter no, og vi hadde ein liten diskusjon om korleis elevar kan ha nytte av noko liknande. Av og til er det fascinerande korleis noko du har tenkt lenge og mykje på, vert klårare ved hjelp av ein annan som ser det frå ein litt annan vinkel. Det han foreslo, var å samarbeida om ei oppgåve eller eit prosjekt på tvers av skular, og la samarbeidet føregå via bloggar. Eg trur gjerne at ein wiki er vel så eigna.

Eg trur at eit slikt prosjekt ville gjera bruken av ein wiki meir realistisk for elevane, og det ville kjennast meir nødvendig. Det ville kanskje også føra til at dei tok i bruk diskusjonssidene i wikien? Kanskje ville dei også føla eit større ansvar for å vera konstruktive og gi gode tilbakemeldingar til elevar dei ikkje kjende. Den store gevinsten hadde vore om at dette førte til at elevar som oppdaga felles interesser for fag, eller som oppdaga at dei kommuniserte godt, ville fortsette samarbeidet. Men det er kanskje litt mykje å håpa på?

Kanskje føregår det slike prosjekt allereie, kva veit eg. Mange har jo late elevar kommunisere med elevar i andre land i språkundervisninga, så bruk av IKT for å kommunisera på tvers av skular er jo ikkje noko nytt. Men å jobba fram noko som kanskje gir dei eit personleg læringsnettverk, hadde ikkje det vore flott? Om nokon er interessert i å prøva ut noko slikt, eller har erfaring, ta gjerne kontakt.

Moralen er i alle fall: Ein lærer alltid mykje av elevar, også dei som ikkje er elevar lenger! 🙂 Og MSN, Facebook etc. er fine saker når det gjeld å halda kontakten med dei!

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

1 thought on “Kan elevane få sitt eige personlege læringsnettverk?”

  1. Eg har same erfaring, lærer mye av bloggar, twitter, MSN og Facebook. Det som kan vere nyttig er å få elevane til å lage sine eigne bloggar og få dei til å kommentere bloggane til kvarandre. Ved det trur eg dei etter kvart lærer å byggje opp si eiga læringsplattform på nettet, dei i blir i alle fall medvitne på at dei kan kommunisere på denne måten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s