Kva skal eg blogge om?

Som norsklærar veit eg at det er lettare å skriva ein god tekst dersom du veit kven om skal lesa han. Ein må ha medvit om mottakaren, som det heiter så fint. Når ein bloggar, er ikkje dette medvitet til stades på same måten som i ved annan tekstproduksjon. Ein har ein slags aning om kven som les, men ein veit det ikkje heilt. Eg trur likevel ein ikkje klarar å lata vera å sjå føre seg ein mottakar når ein skriv. Når eg ser litt tilbake på blogginnlegga mine, ser eg at det er veldig ulikt kven eg skriv for. I grove trekk er det to grupper: Lærarane på skulen min, og dei som eg snakkar med på Twitter, les bloggane til, rett og slett dei eg reknar som del av nettverket mitt. I utgangspunktet er denne bloggen tenkt til lærarane på skulen min, som ein del av det arbeidet eg skal gjera – hjelpa til med den pedagogiske bruken av IKT. Eg tenkjer meg at skildringar av det eg gjer i timane, refleksjonar omkring kvifor og korleis, kan vera med på å hjelpa andre. Like eins prøver eg å tipsa om ulike 2.0 verktøy, men eg ser at eg ikkje har vore så veldig flink til det. Det er lett å bli fagspesifikk, eg er no ein gong norsk- og engelsklærar. Då skriv eg jo sjølvsagt for berre ein del av kollegaene mine, men eg håpar jo at noko av det skal ha overføringsverdi.

Det som er med desse innlegga, er at eg omtrent aldri får kommentarar på dei frå kollegaer, sjølv om eg veit at noko av dei les det. Det er lite motiverande, og eg trur det som har skjedd i løpet av hausten, er at eg får meir respons frå nettverket mitt, og då er det lett å sjå desse menneska for seg som mottakarar i staden for. Men eg veit ikkje om eg har så mykje å tilføra dei, dei fleste er jo mykje lenger komne i pedagogisk bruk av IKT enn eg.

Ein tredje kategori innlegg er dei eg skriv mest for min eigen del, og håpar at nokon skal ha nytte av, sjølv om det ikkje er hovudsaka. Det som er skilnaden på å tenkja høgt på bloggen, og å tenkja høgt i ei privat lærardagbok, er at bloggen er meir disiplinerande. Ein må uttrykkja seg klarare (prøve, i alle fall…) og fullføre resonnementa. Det er nyttig og viktig for eiga utvikling.

Så…kva skal eg blogge om? Og for kven? Og er det noko vits for andre enn meg sjølv? NB! Eg fiskar ikkje etter «Du er så flink, atte», eg vil gjerne ha konstruktive forslag, og gjerne litt kritikk. Bloggsfæren har ein tendens til å bli litt vel koseleg, sikkert fordi vi vil oppmuntra kvarandre til å stå på og fortsetja med blogginga og arbeidet, men no seier eg det: Eg tåler litt motstand!

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Kva skal eg blogge om?”

  1. Godt skrive, eg må seie det. Eg kjenner meg så utruleg godt att, særleg fordi eg har vore i eit ingenmannsland for kven eg skal blogge til, heilt sia i haust. Stå på, lat oss støtte og oppmuntre kvarandre:))

  2. Du er kanskje også inspirert av Will Richardson, som skrev om at han ønsket mer motstand fra nettverket sitt her om dagen? Jeg har tatt utgangspunkt i at han er i en helt annen kategori enn meg selv – det er greit nok for ham å ønske seg litt mer motstand og mindre «jeg er enig med deg, Will …» når et innlegg kanskje avstedkommer 20 eller 30 eller 50 kommentarer. For meg er det storveis inspirerende om det av og til kommer en kommentar eller to på en post jeg skriver. Jeg synes den overveiende positive tonen i edublogsofæren har vært veldig oppmuntrende og noe som har gjort det lettere å skrive (mange klager jo ellers over at bloggere får altfor mye negative og usaklige kommentarer).

    Når det gjelder kolleger som ikke kommentarer, kjenner jeg meg igjen i det. Jeg har av og til tenkt at ingen på skolen leser det jeg skriver, men så viser det seg jo faktisk at de gjør det. Tror ikke vi skal undervurdere hvor stort steg det er for mange å skulle legge igjen en kommentar – en av mine kolleger som gjorde det snakket om det som om det var litt av en milepæl. Kanskje du har større påvirkningskraft på nærmiljøet enn du tror?

    Men jeg har ellers alltid tenkt at jeg først og fremst skriver for meg selv. At det av og til kommer kommentarer, er en ekstra hyggelig bonus!

  3. Som en forholdsvis erfaren blogger (skal snart legge ut innlegg nr 400) var mitt utgangspunkt da jeg begynte at jeg skrev dette for meg selv. Det var en type erfaringslogg som var en naturlig videreføring av fotologger, mange år med egne nettsider osv. Det er relativt ofte at jeg går tilbake i egen blogg fordi jeg vet jeg har notert noe som jeg trenger. Jeg vil gå igang med et nytt bokprosjekt om 8-9 måneder og vet at jeg da har notert en god del som jeg vil gjenbruke. Det er noe med det å gi tankene form, å legge ut bilder, og dykke i egne erfaringer
    Så er det det skumle med blogger at de også blir lest av andre etterhvert, og jeg får også av og til kommentarer. Stort sett hyggelige, men jeg har også opplevd det motsatte når jeg har «slengt med leppa» (fikk en mail fra en akademiker som karakteriserte bloggen min som en kompost etter at jeg hadde vært litt vel frisk), men det står man jo over.
    Det grunnleggende er å tro på at man har noe å bidra med, og at man kan lære av andre.

  4. Tusen takk for kommentarar!
    Jørn: Ja, eg las Will Richardson rett før eg skreiv dette, men eg tenkte faktisk ikkje på koblinga før eg hadde skrive ferdig! Sånn fungerer vel hjernen av og til. Eg er heilt einig med deg, det er klart at for oss som er små, er det viktig med støtte og oppmuntring. Eg ville berre understreka på slutten at dersom f.eks ein kollega har ei meining om kva eg skal skriva om, er eg veldig interessert i å få vita det. Eg ønsker sjølvsagt ikkje å bli utsett for dritslenging eller sure oppgulp som ikkje fører nokon stad.

    Leif: Kompost???? OK, kompost er jo særdeles fruktbart!!! Faktisk! 🙂 Men alvorlig, det kan godt henda at bloggen blir best om ein tenkjer det som refleksjon for seg sjølv, først og fremst. Kanskje det er då det blir interessant for andre?

    Liv Marie: Eg skjønar godt at du syns det er vanskeleg når du er litt utanfor jobben for tida. Og ein gong til: Sjølvsagt må vi støtte kvarandre! Eg kan godt vera publikum for deg:)

  5. Tilbakeping: Bilingualism

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s