Sju ting du ikkje treng å vita om meg.

Ok, då svarar eg på oppfordringa frå June om å bli med på den siste bloggfarsotten som kjem over dammen (sjølvsagt) «7 things you don’t need to know about me». Dette er eit slikt blogginnlegg som eg eigentleg hadde tenkt å halda denne bloggen kjemisk fri for, men Guttorm seier det er bra for googlejuice’n min, og kva gjer ein ikkje for googlejuicen?? 🙂 Her kjem det:
1. Då eg testa hjernen min på «hjerne-utstilling» i Bergen, viste det seg at eg var mann. Var det ikkje det eg visste.
2. Ein gong spurte eg ein elev: «Have you been sleeping around?», då eg ville vita om han hadde «sove rundt» – dvs sove i 24 timar. Eg er engelsklærar.
3. Sjølv då eg tok hovudfag i nordisk, var eg heilt overbevist om at eg ikkje kom til å bli lærar.
4. Eg blandar a- og e-infinitiv heile tida, og gidd omtrent aldri rette det opp.
5. Eg har, i likskap med Inger-Hilde og Marita, heller aldri vore i Syden. Interessant dette!
6. Eg har aldri laga ei vellukka sjokoladekake.
7. Eg er heilt i mot at sosialt samvær mellom vaksne skal involvera badestampar.

Så skal ein tagge sju nye, dei eksisterer ikkje, her er det eg klarar: Solveig, Kari, Torbjørn og Jo Magnar – fleire av desse bloggane ligg i dvale, så det er eigentleg fusk.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Sju ting du ikkje treng å vita om meg.”

  1. Kva treng ein eigentlig vita?

    4.
    Eg vart sers roa av at du med hovudfag i nordisk let a-ene og e-ane flyta fritt.

    2.
    Eg har nett lært, for meg, nyordet «å døgne» dersom ein ikkje søv på 24 timar.

    Ikkje oppmod meg. Eg har allereie laga liste på 9 ting du ikkje visste om meg.

  2. Morosam liste:-) eg er heilt og haldent (kan ein seie det) einig i punkt sju. Ei ufyseleg samversform. Sjå det, no vart eg inspirert til å skrive nynorsk eg og. Sjølv om eg gjer feil heile tida.

  3. Disse listene var fornøyelig lesing. Ble veldig nysgjerring denne badestampen. Har aldri vært i en forresten, og nå har jeg ikke lyst til å prøve heller 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s