Bok eller ikkje – feil spørsmål!

I have rised up by my university booksFørst to spørsmål: Syns du skulen skal vera den mest relevante staden å opphalda seg for barn og unge? Syns du at det er på skulen dei skal få kunnskapar og kompetanse dei treng for å møta verda slik ho ser ut om 10-20 år? Ja? Då må vi skunda oss veldig! Det fins nemleg drøssevis med andre aktørar som sit klare for å ta over. Ingen MÅ gå på vidaregåande skule. Tenk om ein kan læra vel så mykje ein annan stad?

Det er stor motvilje blant lærarane i Hordaland mot at «fylket» no tvingar oss over på læremiddel frå NDLA. Diskusjonane går på møter og i nettsamfunn. Motførestillingane er mange. Det vert for mykje skjermlesing, det er for uoversiktleg for elevane, kvaliteten på læremidla er for dårleg, etc etc. Det som er sikkert, er at mange lærarar definitivt ikkje er klare for å legga frå seg læreboka. Vi har hatt PC i klasserommet i to år, og eg mistenkjer opplæringsavd. for å tru at det skulle vera nok til å ha endra undervisninga på så grunnleggjande måtar at ein er klar for utelukkande digitale lærmiddel. Not so! Til det har skulane (som eg kjenner til) gjort alt for svake strukturelle grep, om dei har gjort noko i det heile. Skuleleiarane i Hordaland sat på skulebenken for over to år sidan og fekk innsikt i den nye nettverda, mellom anna v. hj. av Arne Krokan. Det viktigaste snakka kanskje Hans Donali Tilset om – korleis gjennomføra store endringar i ein organisasjon. Så reiste skuleleiarane heim til kvardagen att. Og skreiv planar. Og PC’ane kom, og elevane har fått ei fin skrivemaskin kombinert med leksikon, for ikkje å snakka om eit underhaldningsmedium til bruk i kjedelege timar. Eit rett så fiffig verktøy. Og slik blir det vidare også, uansett om NDLA-læremidla vert tekne i bruk eller ikkje. Viss ikkje vi endrar ein del grunnleggande strukturar, og tek innover oss at læring ikkje er det same i dag som for 20 år sidan.

Lag ein av NDLA er berre bøker på nett, rett nok med hyperlinkane si velsigning. Og så er det praktisk at ein kan ha video, lyd og tekst på same stad – boka er altså virtuell. Det er ikkje vanskeleg å innlemma NDLA-ressursar i undervisninga, slik ho ser ut i dei fleste klasserom i dag. Spørsmålet er om dette er det vi vil? Eg meiner det er ganske så poenglaust. Det er ikkje slik skulen tek innover seg røynda.

Det er blitt mote å snakka om eit paradigmeskifte. Det er store ord å ta i munnen. Eg trur likevel at det er rett, at vi står midt oppi ei grunnleggande endring i måten vi arbeider, er saman, tenkjer, lærer på. Men lag ein av NDLA representerer ikkje aleine eit slikt paradigmeskifte. Alle motstandarar av store omveltingar i skulen kan såleis slappa av, NDLA er ingen trojansk hest. Det må mykje farlegare saker til!

Vi kan starta med å øydelegga timeplanstrukturen. To timar her og to timar der er eigna for god gammaldags lærarstyrt undervisning, først går vi gjennom lærestoffet, så gjer de oppgåver. Lat oss få heile dagar for faga, slik at vi kan konsentrera oss, variera, og arbeida med større oppgåver. Slik kan eg få tid til å vera ein skikkeleg rettleiar for alle elevane, og det blir ro over arbeidet. Spør lærarane på Sandvika vgs om kva dei syns om ei slik organisering! Og les om korleis ein då kan organisera t. d. norskundervisninga. Ein kan få meir samarbeid mellom lærarane som underviser på same trinn, i same fag. Og det er lenge sidan klasseromsundervisning var svaret på noko som helst. Namnebytet til «basisgrupper» har ikkje hatt noko med strukturendring å gjera. Av og til kan vi samla 90, nokre gonger er 10 fint, ofte er 4 bra.

Så kan vi sjå på korleis lærarane lærer i 2009. Kven skulle hindre elevane i å laga eit liknande nettverk som Del og bruk? I den augneblinken dei ser gevinsten, gjer dei det. Då vert daria og andre slike sider berre ein vits. Her snakkar vi verkeleg om ein trojansk hest. Eit slikt nettsamfunn vil gi elevar høve til å diskutere fag, undervisning, utveksle gode tips om både det eine og det andre, alle oppgåver og svar vert gjort tilgjengelege. For eit potensiale! Og våre idear om fusk har lite med ein slik røyndom å gjera. Eg håpar dei gjer det. Snart.

Eg ser at det manglar noko viktig her, nemleg kvifor. Kvifor er slik endringar naudsynte? Fordi det ikkje lenger handlar om kunnskapsformidling. Det handlar om konstruksjon av kunnskap. Eleven må få hjelp til finna fram til all verdas kjelder, men det stoppar ikkje der: Ho må få hjelp til å få meining ut av det ho finn. Dette er krevjande for elev og lærar, og det tek tid. Klasseromsundervisning vil ikkje vera givande nok, effektivt nok, det vil ikkje gi nok kvalitet på arbeidet. Av og til ja, men ikkje alltid. Lengre økter, meir konsentrasjon, meir variasjon, omsyn til at elevane lærer ulikt, alt dette fører ut av eit statisk, lukka rom med kateter framme og pultar i bussformasjon.

Så eg seier: Velkomen til NDLA sine digitale læremiddel, eg har ikkje hatt nokon glede av korkje Signatur 1 eller At Work 1 i år likevel. Men tru berre ikkje at det er noko særleg til endring.

Image: «I have rised up by my university+books…»
http://www.flickr.com/photos/94374529@N00/3286679721

Advertisements

Kva med faget???

Ein vanleg kommentar frå lærarar, anten det gjeld nye pedagogiske idear, eller meir bruk at IKT i skulen, er «Men kva med faget, då?». Eg har vore innom dette tidlegare, særleg lærarar i vidaregåande likar å halda fagfana høgt. Misforstå meg rett, eg er sjølvsagt utruleg glad for at lærarane er opptekne av faga sine, noko anna hadde jo vore tragisk. Men kva meiner dei eigentleg med «faget»? Det kan det vera interessant å sjå litt nærare på.

Sidan eg no er norsklærar først og fremst, tek eg tak i norskfaget. Kva er eigentleg «norskfaget»? Og kvar fins det? Fins det kanskje fleire norskfag? Er i så fall nokre norskfag viktigare enn andre norskfag? Og kven sitt fag er det?

Lat oss byrja med geografien, stader norskfaget fins. Norskfaget fins i fleire læreplanverk. For tida er det K06 som fortel oss kva norskfaget er frå 1. klasse på barneskulen til Vg3 på vidaregåande. Er det då læreplanen lærarar siktar til når dei seier «faget»? Neppe. Utvatning av faget, meinte mange norsklærarar om K06. Kva med lærebøkene då? Lærebøkene er på mange måtar konkretiseringa av læreplanen. Men mange lærarar vil nok protestere på at boka=faget. Faget er mykje meir enn læreboka (sjølv om eg mistenker ein del for å gjera unntak for Ord i tid, eit mytisk lærebokverk frå mi tid som elev). Dersom faget var læreboka, trengte ein vel ikkje godt utdanna faglærarar? Nei, faget fins også i læraren. Og no blir det innvikla. For er det det same faget som fins i kvar lærar? Neppe. Faget i den einskilde læraren er ein sum av kunnskap og erfaringar, frå si eiga skuletid, frå universitet og høgskular. Og desse erfaringane er ikkje gjort i vakuum, dei er gjort i og farga av ei historisk tid, slik at faget for ein student på 70-talet er ei anna erfaring enn for ein student på nittitalet.

Denne vesle geografitimen fortel oss at norskfaget fins fleire stader, samstundes. Og då har vi også fått eit slags svar på kva norskfaget er: Det er så mangt. Og endå har vi ikkje studert staden der norskfaget verkeleg eksisterer; i norsktimen. For dette faget, som fins i læreplanar og lærebøker og i læraren, syner seg først der, i praksis. Læraren sitt norskfag må bli eleven sitt norskfag. Eller? Eg vil heller seia at eleven må skaffa seg eit norskfag, og læraren må hjelpa til. Viss ikkje læraren klarar å hjelpa eleven med dette, har det ikkje noko betydning kvar norskfaget elles eksisterer. Det er ikkje problematisk å vera einig i dette i teorien, men du, så vanskeleg det er i praksis. Læraren sitt norskfag skal sjølvsagt gjera læraren i stand til dette, men faren er at det lett fungerer motsett. Kor mange gonger har ikkje eg, utan suksess, prøvd å flytta delar av mitt norskfag inn i hovudet på elevar? Heilt ærleg, kor mange gonger har ikkje eg, og andre, kome hovudristande ut av timen og sagt, sjølvsagt sjølvironisk og med humor, at det var perler for svin?

Så korleis kan læraren sitt norskfag, saman med faget i planane, og dei andre krava som vert stilt til kva kompetanse ein elev skal ha, verke godt saman og hjelpe eleven til å få sitt eige norskfag, i staden for at det kjennest som om «faget» kjem i skvis og vert skubba på sidelinja?
Vi må tenkja over kva vi kan. Kva faget vårt eigentleg handlar om. For meg handlar norskfaget om nokre av dei viktigaste sidene ved det å vera menneske. Det handlar om å vera saman med andre gjennom språk. Korleis kan vi forstå andre? Det handlar om refleksjon over kva eit menneske rommar, gjennom tekstar. Kva er godt, kva er rett, kva er vi i stand til? Det handlar om mennesket som eit historisk vesen, som står i ein stor samanheng, konstruert av språk.

Når eg seier «faget», tenkjer eg på desse store, viktige sidene ved det. Det er dette som gjer at eg torer å gå inn i eit klasserom og meine at eg har noko viktig å gi dei som oppheld seg der. I vår tid er språk og kommunikasjon i høg grad flytta over på weben. Det har skjedd enormt raskt. Eg har ikkje oversynet over alle konsekvensane det vil få, men at det må inn i det viktigaste faget i skulen, det er eg heilt overtydd om. Mitt fag er viktig når det gjeld å hjelpa elevane til å forstå dei prosessane dei tek del i, og å setja dette inn i ein stor samanheng. Det ville vera synd og skam om eg ikkje skulle bruka faget mitt til å hjelpa dei med dette.

Så svaret mitt på spørsmålet er: Faget er viktigare enn nokon gong. Ta det med inn i samtida, inn på weben, gi det til elevane.