Kva med faget???

Ein vanleg kommentar frå lærarar, anten det gjeld nye pedagogiske idear, eller meir bruk at IKT i skulen, er «Men kva med faget, då?». Eg har vore innom dette tidlegare, særleg lærarar i vidaregåande likar å halda fagfana høgt. Misforstå meg rett, eg er sjølvsagt utruleg glad for at lærarane er opptekne av faga sine, noko anna hadde jo vore tragisk. Men kva meiner dei eigentleg med «faget»? Det kan det vera interessant å sjå litt nærare på.

Sidan eg no er norsklærar først og fremst, tek eg tak i norskfaget. Kva er eigentleg «norskfaget»? Og kvar fins det? Fins det kanskje fleire norskfag? Er i så fall nokre norskfag viktigare enn andre norskfag? Og kven sitt fag er det?

Lat oss byrja med geografien, stader norskfaget fins. Norskfaget fins i fleire læreplanverk. For tida er det K06 som fortel oss kva norskfaget er frå 1. klasse på barneskulen til Vg3 på vidaregåande. Er det då læreplanen lærarar siktar til når dei seier «faget»? Neppe. Utvatning av faget, meinte mange norsklærarar om K06. Kva med lærebøkene då? Lærebøkene er på mange måtar konkretiseringa av læreplanen. Men mange lærarar vil nok protestere på at boka=faget. Faget er mykje meir enn læreboka (sjølv om eg mistenker ein del for å gjera unntak for Ord i tid, eit mytisk lærebokverk frå mi tid som elev). Dersom faget var læreboka, trengte ein vel ikkje godt utdanna faglærarar? Nei, faget fins også i læraren. Og no blir det innvikla. For er det det same faget som fins i kvar lærar? Neppe. Faget i den einskilde læraren er ein sum av kunnskap og erfaringar, frå si eiga skuletid, frå universitet og høgskular. Og desse erfaringane er ikkje gjort i vakuum, dei er gjort i og farga av ei historisk tid, slik at faget for ein student på 70-talet er ei anna erfaring enn for ein student på nittitalet.

Denne vesle geografitimen fortel oss at norskfaget fins fleire stader, samstundes. Og då har vi også fått eit slags svar på kva norskfaget er: Det er så mangt. Og endå har vi ikkje studert staden der norskfaget verkeleg eksisterer; i norsktimen. For dette faget, som fins i læreplanar og lærebøker og i læraren, syner seg først der, i praksis. Læraren sitt norskfag må bli eleven sitt norskfag. Eller? Eg vil heller seia at eleven må skaffa seg eit norskfag, og læraren må hjelpa til. Viss ikkje læraren klarar å hjelpa eleven med dette, har det ikkje noko betydning kvar norskfaget elles eksisterer. Det er ikkje problematisk å vera einig i dette i teorien, men du, så vanskeleg det er i praksis. Læraren sitt norskfag skal sjølvsagt gjera læraren i stand til dette, men faren er at det lett fungerer motsett. Kor mange gonger har ikkje eg, utan suksess, prøvd å flytta delar av mitt norskfag inn i hovudet på elevar? Heilt ærleg, kor mange gonger har ikkje eg, og andre, kome hovudristande ut av timen og sagt, sjølvsagt sjølvironisk og med humor, at det var perler for svin?

Så korleis kan læraren sitt norskfag, saman med faget i planane, og dei andre krava som vert stilt til kva kompetanse ein elev skal ha, verke godt saman og hjelpe eleven til å få sitt eige norskfag, i staden for at det kjennest som om «faget» kjem i skvis og vert skubba på sidelinja?
Vi må tenkja over kva vi kan. Kva faget vårt eigentleg handlar om. For meg handlar norskfaget om nokre av dei viktigaste sidene ved det å vera menneske. Det handlar om å vera saman med andre gjennom språk. Korleis kan vi forstå andre? Det handlar om refleksjon over kva eit menneske rommar, gjennom tekstar. Kva er godt, kva er rett, kva er vi i stand til? Det handlar om mennesket som eit historisk vesen, som står i ein stor samanheng, konstruert av språk.

Når eg seier «faget», tenkjer eg på desse store, viktige sidene ved det. Det er dette som gjer at eg torer å gå inn i eit klasserom og meine at eg har noko viktig å gi dei som oppheld seg der. I vår tid er språk og kommunikasjon i høg grad flytta over på weben. Det har skjedd enormt raskt. Eg har ikkje oversynet over alle konsekvensane det vil få, men at det må inn i det viktigaste faget i skulen, det er eg heilt overtydd om. Mitt fag er viktig når det gjeld å hjelpa elevane til å forstå dei prosessane dei tek del i, og å setja dette inn i ein stor samanheng. Det ville vera synd og skam om eg ikkje skulle bruka faget mitt til å hjelpa dei med dette.

Så svaret mitt på spørsmålet er: Faget er viktigare enn nokon gong. Ta det med inn i samtida, inn på weben, gi det til elevane.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Kva med faget???”

  1. Veldig godt skrevet, gir rom for ettertanke. Det slår meg at bedre kommunikasjon, et tydeligere metaspråk om hva det faglige består av, antagelig vil lette på situasjonen. Vi har mye taus kunnskap om dette, og som du påpeker er det ikke nødvendigvis det samme vi mener hver gang vi snakker om «norskfaget». Derfor tror jeg at en vei å gå er for en bedre og mer enhetlig forståelseer gjennom mer diskusjon, åpenhet og samarbeid om innhold, oppgaver og vurderingskriterier. Norskfaget er heldigvis alt langt fremme i å ta i bruk nettet i forhold til andre deler av skolen, men det er mye arbeid igjen før det er like naturlig å bruke nett som læreboka var før.

  2. Takk for kommentar! Eg er sjølvsagt heilt einig med deg, meir diskusjon og samarbeid er vegen å gå. Og vi må tora å reflektera kritisk over eigen praksis, og stilla dei heilt grunnleggjande spørsmåla: Kvifor gjer vi det vi gjer?

  3. Dette var et fint innlegg, jeg har ikke tenkt på det på den måten. Som forholdsvis fersk lærer enda finner jeg stadig noe nytt som bor i veggene på en skole, der finnes det nok også en del «fag»:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s