Ein mage full av sommarfuglar

mayan butterflies
Uha! Alt på onsdag ramlar det inn ei mengd med totalt ukjende unge menneske, og sidan det er første dagen, set dei seg pent ned og ser på MEG. Skrekkblanda fryd er eit særdeles dekkjande uttrykk for den kjensla eg får av å tenkja på det. Eg har så mange ynskje for korleis det skal bli, så mange ambisjonar på både deira og mine vegne. Og eg veit alt no at eg ikkje kjem til å få til alt, og det må eg berre leva med.

Eg går altså i gang med ein Vg1 klasse på studiespesialiserande, i norsk og engelsk. Her skal eg også vera kontaktlærar for halvparten av elevane. I tillegg skal eg ha norsk i ein Vg1 klasse på elektrofag. I norsken på studiespesialiserande er eg så heldig å få halda fram det gode samarbeidet frå Vg3 i fjor, dei same lærarane får no Vg1. Vi hadde eit planleggingsmøte alt før sommaren, og eg gler meg utruleg til å gå i gang med å setja dei gode tankane som kom fram der, ut i praksis. To hovudprinsipp i det vi skal gjera: Vi skal setja saman eit litteraturkorpus som elevane skal lesa gjennom ganske tidleg i skuleåret, som vi så skal koma attende til i løpet av året, med ulike innfallsvinklar. Vi håpar at dei slik skal få koma djupare inn i stoffet, og læra meir om å lesa tekstar og å skriva om tekstar. Det andre viktige prinsippet er at vi skal bygga opp skrivekompetansen ved å berre jobba med og vurdera nokre tekstelement i gongen. Døme: Vi skriv kanskje eit lesarinnlegg tidleg i haust, i arbeidet med dette vert legg vi vekt på å bygga opp eit godt argument – og eit godt avsnitt, og så er det berre desse elementa som vert vurderte. Eg håpar dette vil verka motiverande på elevane, og at dei vil føla at dei får lov å læra seg noko skikkeleg, lov å meistra.

I norsk på yrkesfag og i engelsk på studiespesialiserande, vert den store endringa og utfordringa å ikkje ha lærebok. I YF norsk er eg svært trygg på at eg har gjort eit godt val (her har lærarane på vår skule vore fristilte i høve til lærebokspørsmålet), eg har brukt boka svært lite i året som gjekk. I engelsk er eg meir spent, det er eit omfattande fag, ndla-ressursen er heilt ny – framleis ikkje heilt ferdig, og det krev ein del nytenking og kreativitet, ikkje minst frå elevane si side. Det er ingen grunn til å tru at ikkje dei har fått med seg ein del av all den negative omtalen ndla og digitale læringsressursar fekk i vår, og det er slett ikkje sikkert alle er så positive i utgangspunktet. Men eg gler meg voldsomt til å ta fatt!

Eit spørsmål som eg tumlar mykje med, er kor mange digitale verktøy eg skal introdusera for elevane og i kva tempo. Her er det fleire moment som spelar inn. På den eine sida kunne eg godt tenkja meg å starta frå dag ein med ein wiki, bloggar, delicious og ei netvibesside som haldt oversynet over alt dette, og gjerne nokon til. Men så er det slik at nokre elevar har ikkje vore borti it’s learning, ingen har brukt skolearena, mange er svake i god organisering av filer, etc. Her vil eg gjerne ha innspel, og eg trur eg må laga ein slags fornuftig «årsplan» for digital kompetanse hjå elevane mine.

Vel, det var litt tankesortering etter første dag på jobben. Eg ynskjer alle sommarfuglmagane lukke til med skulestart!