Læringsstilar revisited

So happy =)Det er tida for doku-såpe/realityshow frå norsk skule. NRK starta med sin «Lærerne», som føl lærarar og klassar ved Årvoll skole i Oslo. Styrken ved serien er at han viser kor mange ulike utfordringar ein lærar må takle i løpet av skuledagen, og eg syns også lærarportretta er fine. Eg får ein valdsam respekt for desse menneska. Men eg hadde liksom ikkje venta noko anna av NRK, oppvaksen i monopoltida som eg er, har eg lyseblå tiltru at eg skal bli servert noko solid. Litt annleis var det då eg svitsja over til TVNorge, for å sjå deira «Blanke ark». Tidlegare dokumentarar med titlar som «Verdens største svulst», har gjort meg skeptisk, det har også alle realityseriane på kanalen. Men etter første episode av «Blanke ark» var eg både glad og inspirert (Eit lite sidespor: Det har blitt skrive klokt i BT om kor vidt det er etisk rett å utsetja barn i sårbare situasjonar for den type eksponering som desse seriane gjev. Eg trur nok mange har tenkt på dette. Eg vel å ikkje gå meir inn i denne diskusjonen her).

«Blanke ark» let oss bli kjende med ei gruppe ungdommar frå ulike stader i Norge, alle på niande trinn. Det dei har felles, er at dei ligg langt etter klassekameratane fagleg. Første episode viste oss at dei var på ei helgesamling i lag med ein lærar, der dei lærte om sin eigen læringsstil. Vidare skal dei tilbake til klassane sine, og bli undervist ved hjelp av den kunnskapen lærarane no får om læringsstilen deira. Det er særleg norsk og matematikk som skal jobbast med.

For meg vart dette ei inspirerande stadfesting om at undervisning basert på tanken på at vi ikkje lærer likt, lever i beste velgåande i nokre miljø, og eg fekk mot og styrke til å blogga litt om læringsstilar.

Mitt møte med tankane og teoriane om at vi alle har vår læringsstil, fann stad for ca 5 år sidan, på eit kurs med Lena Boström, arrangert av Utdanningsforbundet. Eg blei umiddelbart tiltalt av dette, av ulike grunnar. Det viktigaste var nok at eg kjende att så mange elevar eg hadde hatt i det ho skildra, særleg elevar på yrkesfag. Samstundes skjøna eg raskt at Boström var oppteken av faglege resultat og hadde teoretisk belegg for det ho snakka om. Vi var to kollegaer på dette kurset, og det enda med at vi fekk Boström på besøk på vår skule.

Mange var, og er, skeptiske til å legga om undervisninga etter teorien om læringsstilar. Mange følte nok at elevane vart diagnostiserte, og sett i båsar. Det er så fjernt frå grunntanken som ein kan koma. Poenget er å finna sterke og svake sider, og gi elevane høve til å starta innlæringa si der dei er sterkast, og så gå vidare til å arbeida med å utvikla det ein strevar med. Det er definitivt ikkje slik at elevar som lærer best ved å få bruka kroppen sin mykje, skal sleppa å lesa og skriva. Det ville vera å ikkje bu dei på det samfunnet dei skal ut i. Ei anna, og akk, så vanleg og så ofte nytta, motførestilling, er at dette tek for mykje tid, og at vi ikkje har rom og ressursar til dette. Det er klart at det hadde vore herleg med ferdigprodusert materiale, mange grupperom, etc. Men det er mykje ein kan gjera med det ein har. Ta i bruk større delar av skulen til undervisning, la elevane læra ved å laga materiell sjølve, f. eks. Den siste motførestillinga eg vil nemna, er den om at «Dette blir kaos». Nei, det treng det ikkje bli, men det krev god struktur og planlegging. Og klare krav til elevane.

For meg er det viktigaste med læringsstilar det grunnsynet som ligg i botn: Alle kan lære. Nokon kjem berre til å bruka litt meir tid. Eg har alltid hata utsegner om at «dette er for vanskeleg for elevane». Eller, «dette er for vanskeleg for yrkesfag-elevar»! Her ligg det eit elevsyn under som eg ikkje kan godta. Det ein eigentleg seier, er at elevane kan ikkje læra dette på den måten eg har tenkt å undervise på, og eg er ikkje innstilt på, eller i stand til å sjå at ein kan gjera dette på nokon annan måte. Det var vel fleire enn meg som såg den utruleg sterke britiske serien, om dei vaksne som skulle læra å lesa. Vi møtte intelligente, flotte personar, som ikkje hadde klart å læra å lesa på skulen. Kvifor? Slik skulen var, var det for vanskeleg for dei.

Eg jobbar alt for dårleg med dette for tida. Det drukna litt i Kunnskapsløft, vurderingsforskrift og PC-didaktikk. Men det har ein svært naturleg plass i dette biletet, så eg håpar eg kan finna litt meir tilbake til ein meir læringsstilsorientert undervisning etterkvart. Det har elevane fortent.

Advertisements

Kan alle legge ned våpna, og kome opp av skyttergravene ei lita stund?

Yotsuba: Tagged!?Dei siste dagane har lærarar som har tatt i bruk digitale verktøy for alvor i undervisninga si, og som er positivt innstilt til dette, fått så hatten passar i Bergens Tidende og på nettsidene til Lektorlaget. Eg viser til kjemikeren sitt oversyn over bloggreaksjonar på dette. Det har vorte skrive så mykje bra om dette at eg let innvendingane eg måtte ha til innhaldet i oppslaget i Bt og artikkelen hjå Lektorlaget, ligge. Mitt problem er at dette gjer det enda vanskelegare å få i gang konstruktive dialogar på skulane om bruken av digitale verktøy. Ordbruken i gullkorn og overskrifter er eigna til å piske opp stemninga, og lage merkelege «for eller mot»-konstruksjonar. Det trengte vi verkeleg ikkje.

June viser til ei undersøking som fortel at dei aller fleste lærarane i Hordaland er positive til bruk av IKT i skulen. Likevel veit vi at det er mykje frustrasjon ute og går. Mange lærarar er lei av elevar som nyttar Facebook og MSN i timen. Opplæringsdirektøren har måtta tole ganske så sterke karakteristikkar både i aviser og på nett, for si haldning til dette, og for måten Hordaland implementerer bruken av digitale læremiddel på – det går for fort, kvaliteten er for dårleg, handlefridomen er trua. I dette klimaet er det vanskeleg å seia til kollegaer at eg ikkje syns MSN og Facebook er eit problem, og at eg syns Fjeld står for ei klok haldning. I dette klimaet er det vanskeleg å seia at læreboka i engelsk ikkje var noko stort tap, og at vi nok kjem til å fikse å vera uten. For vi kjem aldri lenger enn til slike påstandar. Det vi burde snakka om, var korleis vi må endra pedagogikken vår for å møte framtida. Men det ligg heile tida noko vondt og destruktivt under diskusjonane. Seier eg at vi må endre pedagogikken, høyrer andre at eg seier at dei ikkje er flinke nok. Seier eg at MSN/FB ikkje er eit problem dersom ein underviser på litt andre måtar, høyrer andre at eg trur eg fiksar absolutt alt i mine timar, og at andre ikkje får til nokon ting. Og så vidare. Dette er det som er hovudproblemet med PC’ane i klasserommet.

Korleis i alle dagar kjem vi i ein dialog som ikkje endar i skyttergravskrig, slik avisene vil ha det? Det går utover alle.