Læringsstilar revisited

So happy =)Det er tida for doku-såpe/realityshow frå norsk skule. NRK starta med sin «Lærerne», som føl lærarar og klassar ved Årvoll skole i Oslo. Styrken ved serien er at han viser kor mange ulike utfordringar ein lærar må takle i løpet av skuledagen, og eg syns også lærarportretta er fine. Eg får ein valdsam respekt for desse menneska. Men eg hadde liksom ikkje venta noko anna av NRK, oppvaksen i monopoltida som eg er, har eg lyseblå tiltru at eg skal bli servert noko solid. Litt annleis var det då eg svitsja over til TVNorge, for å sjå deira «Blanke ark». Tidlegare dokumentarar med titlar som «Verdens største svulst», har gjort meg skeptisk, det har også alle realityseriane på kanalen. Men etter første episode av «Blanke ark» var eg både glad og inspirert (Eit lite sidespor: Det har blitt skrive klokt i BT om kor vidt det er etisk rett å utsetja barn i sårbare situasjonar for den type eksponering som desse seriane gjev. Eg trur nok mange har tenkt på dette. Eg vel å ikkje gå meir inn i denne diskusjonen her).

«Blanke ark» let oss bli kjende med ei gruppe ungdommar frå ulike stader i Norge, alle på niande trinn. Det dei har felles, er at dei ligg langt etter klassekameratane fagleg. Første episode viste oss at dei var på ei helgesamling i lag med ein lærar, der dei lærte om sin eigen læringsstil. Vidare skal dei tilbake til klassane sine, og bli undervist ved hjelp av den kunnskapen lærarane no får om læringsstilen deira. Det er særleg norsk og matematikk som skal jobbast med.

For meg vart dette ei inspirerande stadfesting om at undervisning basert på tanken på at vi ikkje lærer likt, lever i beste velgåande i nokre miljø, og eg fekk mot og styrke til å blogga litt om læringsstilar.

Mitt møte med tankane og teoriane om at vi alle har vår læringsstil, fann stad for ca 5 år sidan, på eit kurs med Lena Boström, arrangert av Utdanningsforbundet. Eg blei umiddelbart tiltalt av dette, av ulike grunnar. Det viktigaste var nok at eg kjende att så mange elevar eg hadde hatt i det ho skildra, særleg elevar på yrkesfag. Samstundes skjøna eg raskt at Boström var oppteken av faglege resultat og hadde teoretisk belegg for det ho snakka om. Vi var to kollegaer på dette kurset, og det enda med at vi fekk Boström på besøk på vår skule.

Mange var, og er, skeptiske til å legga om undervisninga etter teorien om læringsstilar. Mange følte nok at elevane vart diagnostiserte, og sett i båsar. Det er så fjernt frå grunntanken som ein kan koma. Poenget er å finna sterke og svake sider, og gi elevane høve til å starta innlæringa si der dei er sterkast, og så gå vidare til å arbeida med å utvikla det ein strevar med. Det er definitivt ikkje slik at elevar som lærer best ved å få bruka kroppen sin mykje, skal sleppa å lesa og skriva. Det ville vera å ikkje bu dei på det samfunnet dei skal ut i. Ei anna, og akk, så vanleg og så ofte nytta, motførestilling, er at dette tek for mykje tid, og at vi ikkje har rom og ressursar til dette. Det er klart at det hadde vore herleg med ferdigprodusert materiale, mange grupperom, etc. Men det er mykje ein kan gjera med det ein har. Ta i bruk større delar av skulen til undervisning, la elevane læra ved å laga materiell sjølve, f. eks. Den siste motførestillinga eg vil nemna, er den om at «Dette blir kaos». Nei, det treng det ikkje bli, men det krev god struktur og planlegging. Og klare krav til elevane.

For meg er det viktigaste med læringsstilar det grunnsynet som ligg i botn: Alle kan lære. Nokon kjem berre til å bruka litt meir tid. Eg har alltid hata utsegner om at «dette er for vanskeleg for elevane». Eller, «dette er for vanskeleg for yrkesfag-elevar»! Her ligg det eit elevsyn under som eg ikkje kan godta. Det ein eigentleg seier, er at elevane kan ikkje læra dette på den måten eg har tenkt å undervise på, og eg er ikkje innstilt på, eller i stand til å sjå at ein kan gjera dette på nokon annan måte. Det var vel fleire enn meg som såg den utruleg sterke britiske serien, om dei vaksne som skulle læra å lesa. Vi møtte intelligente, flotte personar, som ikkje hadde klart å læra å lesa på skulen. Kvifor? Slik skulen var, var det for vanskeleg for dei.

Eg jobbar alt for dårleg med dette for tida. Det drukna litt i Kunnskapsløft, vurderingsforskrift og PC-didaktikk. Men det har ein svært naturleg plass i dette biletet, så eg håpar eg kan finna litt meir tilbake til ein meir læringsstilsorientert undervisning etterkvart. Det har elevane fortent.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Læringsstilar revisited”

  1. Vi har teke testen til Blanke Ark. Nokre fann ut det at det stemte. Andre synes ikkje testen stemd i det heile. Det viktigaste var at vi fekk snakka om at alle ikkje lærar på same måten.

    Er ein negativ, og det er eg ofte, kan ein sjå på Blanke Ark som ein reklame film for opplæringsmateriell. Samstundes tenkjer eg at det er mykje debatt om kva som er best bok eller pc, og lite snakk om alt konkretiseringsmateriell som trass alt fins.

    Og så til slutt, litt om «Kan ikkje lesa, kan ikkje skriva»-serien. Sjølv om læraren var tøff og utan tvil flink, så tykte eg han bruka lite moderne metodar.

    Er det nokon som bruker lynmeldingar i skriveopplæringa?

  2. Du peker på mange spennende ting her. Først vil jeg si at jeg, i likhet med deg og svensken, tror at elever/studenter har ulike læringsstiler. Alle kan sikkert lære noe på den ene måten læreren ønsker, men effekten blir da ikke optimal. Noen foretrekker nemlig visualisering, andre tekst. Noen liker å gjøre noe i praksis, andre trenger eksempler og demonstrasjon, noen vil prøve og feile selv. Noen liker epler og andre liker bananer.

    Dette får meg til å tenke på fortrinnet med nettopp IKT-bruk. Hele poenget med IKT er at det som skjer digitalt kan effektiviseres og gjenbrukes. Særlig gjenbruk er viktig! I stedet for at læreren skal bruke timen på å velge at «nå presenterer jeg noe på tavle/powerpoint» og la det være opplegget, så kan læreren legge opp til «selvstudium» der powerpointen legges ut slik at de som vil, kan lese gjennom den. Andre kan jobbe med boka, eller en frivillig oppgave. Læreren kan neste semester lage en videosnutt slik at de som ikke vil jobbe med powerpointen, heller kan se videoen. Neste semester etter det igjen, kan læreren kanskje lage en flervalgstest. Poenget er: Ved å gjenbruke får en tid til å stadig lage nytt stoff eller nye aktiviteter, og slik møte nye læringsstiler. Enda bedre: Hvis en samarbeider med andre trenger en ikke lage alt nytt selv, for da kan en dele og utveksle og slik spare tid samtidig som en tilbyr en mye bredere innfallsvinkel til stoffet.

    Elevene/studentene som får presentert mange ulike alternative aktiviteter og læringsressurser må kunne velge på en god måte. Her kommer læringsmålene inn, og jeg tror det da er essensielt å få elevene/studentene til å faktisk forstå innholdet i læringsmålene og å kunne avgjøre selv hvorvidt målene er oppnådd eller ikke. Det er en egen utfordring.

    Jeg liker uansett fokuset ditt: Alle er vi forskjellige, og lærere bør strebe etter å variere opplegg og ressurser, ikke bare fra tema til tema, men også å tilby flere alternativer for hvert tema. Da lærer elevene/studentene også en tredje viktig ting: Nemlig å styre sin egen læring etter målene og ikke bare slavisk gjøre det de får beskjed om. Det er vel kanskje dette som er viktigst av alt: å lære å lære!

    Jeg skal prøve å endre praksis for min egen del, for jeg må innrømme at det er lett å tenke i retning av at alle får samme opplegg, eller at jeg som lærer må ha full kontroll og styre alt. Det er også lett å rett og slett bli lat og tenke at det de har nå, er godt nok. Takk for at du setter fokus på dette med læringsstiler!

  3. Flott innlegg! Læringsstilene er en av flere tenkemåter som fort kan gå ut av glemmeboka når vi skal arbeide med nye metoder i klasserommet. Selv var jeg ukjent med læringsstilene da jeg var ferdig lektor, og ble introdusert til forskjellige varianter av dem av kollegene mine ved Trondheim International School.

    Noen problemer finnes dog: Kritikken av (særlig) Dunn og Dunns modell for læringsstiler er berettiget hvis stilene blir brukt til å skille mellom forskjellige elevtyper.

    Jeg bruker stilene mer som en huskeliste for pedagogisk variasjon, og for å minne meg selv på at andre lærer annerledes enn meg (jeg er så å si ikke-visuell).

  4. Og så fant eg denne «læringstilar er noko tull»-videoen

    Og så skal eg hugse på, Svend Andreas, at er ikkje er berre eg, men også elevane som har ansvar læringsarbeidet i morgon.

    Med eitt vart førebuingstida stuttare.

  5. Eg har lese innlegget og kommentarane, og eg har sett filmen som avviser teorien om læringsstilar. Eg trur likevel at teorien inneheld mykje kunnskap som er viktig for oss som er lærarar, men eg snakkar ikkje lenger så mykje om det. Eg synest at svært mange trekkjer konklusjonar på sviktande grunnlag, som at det vert altfor mykje arbeid for læraren, og at det blir kaos i klasserommet når alle elevar skal få gjere som dei sjølve vil. Då sukkar eg litt oppgitt og teier still, og driv stilt med mitt. Dette er det eg har lært:
    Alle kan lære, men ein del av dei må motiverast.
    Elevar er ulike og har ulik åtferd i klasserommet.
    Ein del elevar treng meir variasjon og har større behov for rørsle.
    Skal elevar lære, må læraren syte for plan, framdrift og ro.
    Alle må arbeide hardt.
    Og til filmen: Sjølvsagt er det eit innhald/»content» som skal lærast, men det må då vere ulike måtar å internalisere dette innhaldet på.
    Eg kom i kontakt med Rita Dunn og teorien om læringsstilar for ti år sidan, men har ikkje omfattande praksis sidan eg den gongen var rektor. No er eg lærar, og eg ville aldri ha gått tilbake til lærarstilling etter å ha vore i administrasjon i tjue år utan å ha denne teorien å stø meg på.
    «Med blanke ark» er inspirerande. Synd At Rita Dunn ikkje får oppleve å sjå denne serien. Ho døydde 1. august i år, om lag 80 år gamal, og ho heldt fram med å arbeide til kort tid før ho gjekk bort.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s