Å stenga verda ute

Av og til kan det vera godt å stenga verda ute. Krype under dyna litt, eller berre drikka ein kopp te og stirra ut i lufta. Behovet er ikkje blitt mindre etter at nettbruken min har eksplodert. Eg merkar at eg somme tider treng å kobla ut, bokstaveleg tala. Alle mine gode vener på Twitter postar stadig nye lenker som eg skulle ha sjekka ut, men det vert for mykje, og eg kjenner eg blir litt stressa av det. “Lenkestress” har eg kalla det for meg sjølv. Det hjelp ikkje at eg kan merka dei som favorittar og lesa “seinare”, “seinare” har det kome hundre nye! RSS er ei velsigning, men det er det same der. Alltid nye blogginnlegg og artiklar eg skulle ha lese. Det er så ein kan lengta etter tida då BT, Dagbladet og NRK fortalte meg det eg trengte å vita. Eg er ingen stor multitaskar heller, eg må ha ting kvar for seg, stort sett. Eg ser heilt klart at eg er i ein prosess der det å takla store informasjons- og kommunikasjonsmoglegheiter er utfordringa. Når slår eg av? Kva skal eg velga?

Denne veka har alle lærarane i vgs i Hordaland fått eit system som heiter Tigru på PC’ane sine. Det gjer at vi kan slå av nettet for elevane når vi ynskjer det. Eg ser heilt klart det praktiske i dette. Eg syns på mange måtar at det er ei god ordning. Men vi burde ta oss tid til å reflektera over kva det er vi gjer med å ta i bruk eit slikt system. Kva oppnår vi med å stenga verda ute frå klasserommet? Når er det greitt å gjera dette? Og kva etiske implikasjonar har det?

På same måte som eg har behov for å vera utan nett av og til, har nok elevane det. Det kan vera godt å konsentrera seg om ein ting, mange skriv om korleis dei må slå av twitter når dei skal skriva eller retta. Men på same måte som meg, treng elevane å sjølve finna ut kvar deira grenser går, kva dei taklar av inntrykk på ein gong, og korleis dei arbeider best mogleg. Gjer dei det om eg bestemmer når nettet går ut? Kanskje er dei ikkje mogne nok til å takla ei slik stor og vanskeleg utfordring. Men når er dei det? Og når skal dei få øva på dette? Etter vidaregåande?

Ein annan ting er at ei slik stenging berre er ein illusjon. Nettet er i rommet likevel, elevane har telefonar med annan nettilgang. Vi klarar aldri å stenga det heilt ute. For mange er det andre nettverk i nærleiken av skulen, som dei kan koma innpå. Står vi ikkje i fare for å gjera det til ein sport å omgå stenginga, i staden for å læra elevane å tenkja over sin eigen nettbruk?

Ja, vi har ei eksamensordning som ikkje tillet nettilgang. Det er viktig å øva på eksamensforma. Eg ser det. Men er det berre på prøvar vi skal ta i bruk Tigru? Er vi einige om det? Kva med han der som aldri klarar å halda seg unna Facebook i timen? Er det ikkje greitt å slå av nettet for han nokre timar, så mykje han lærer? Eller når du som lærar skal snakka, elevane vil ha oppe maskina for å ta notat, og du veit dei går på nettet i staden? Då er det vel greitt?
Ja, kanskje? Vi skal berre vera klare over kva vi gjer. Vi gjev oss sjølve høvet til å driva skule slik vi kunne det før verda endra seg så fundamentalt. Vi bør i alle høve vera ærlege nok til å innrømma det. Og kvifor vil vi det? Fordi det framleis er den beste skulen? Ja vel, seier eg, gi meg argumenta. Det kan godt henda dei held. Men eg vil ha dei, for om vi ikkje diskuterer grunnlaget for dette, om vi ikkje veit kvifor vi skal ha rett til å stenga verda ute, vi berre vil det, så er det ikkje godt nok.

Bilete: ‘Clarity’
http://www.flickr.com/photos/61436699@N00/1208632794