Å stenga verda ute

Av og til kan det vera godt å stenga verda ute. Krype under dyna litt, eller berre drikka ein kopp te og stirra ut i lufta. Behovet er ikkje blitt mindre etter at nettbruken min har eksplodert. Eg merkar at eg somme tider treng å kobla ut, bokstaveleg tala. Alle mine gode vener på Twitter postar stadig nye lenker som eg skulle ha sjekka ut, men det vert for mykje, og eg kjenner eg blir litt stressa av det. «Lenkestress» har eg kalla det for meg sjølv. Det hjelp ikkje at eg kan merka dei som favorittar og lesa «seinare», «seinare» har det kome hundre nye! RSS er ei velsigning, men det er det same der. Alltid nye blogginnlegg og artiklar eg skulle ha lese. Det er så ein kan lengta etter tida då BT, Dagbladet og NRK fortalte meg det eg trengte å vita. Eg er ingen stor multitaskar heller, eg må ha ting kvar for seg, stort sett. Eg ser heilt klart at eg er i ein prosess der det å takla store informasjons- og kommunikasjonsmoglegheiter er utfordringa. Når slår eg av? Kva skal eg velga?

Denne veka har alle lærarane i vgs i Hordaland fått eit system som heiter Tigru på PC’ane sine. Det gjer at vi kan slå av nettet for elevane når vi ynskjer det. Eg ser heilt klart det praktiske i dette. Eg syns på mange måtar at det er ei god ordning. Men vi burde ta oss tid til å reflektera over kva det er vi gjer med å ta i bruk eit slikt system. Kva oppnår vi med å stenga verda ute frå klasserommet? Når er det greitt å gjera dette? Og kva etiske implikasjonar har det?

På same måte som eg har behov for å vera utan nett av og til, har nok elevane det. Det kan vera godt å konsentrera seg om ein ting, mange skriv om korleis dei må slå av twitter når dei skal skriva eller retta. Men på same måte som meg, treng elevane å sjølve finna ut kvar deira grenser går, kva dei taklar av inntrykk på ein gong, og korleis dei arbeider best mogleg. Gjer dei det om eg bestemmer når nettet går ut? Kanskje er dei ikkje mogne nok til å takla ei slik stor og vanskeleg utfordring. Men når er dei det? Og når skal dei få øva på dette? Etter vidaregåande?

Ein annan ting er at ei slik stenging berre er ein illusjon. Nettet er i rommet likevel, elevane har telefonar med annan nettilgang. Vi klarar aldri å stenga det heilt ute. For mange er det andre nettverk i nærleiken av skulen, som dei kan koma innpå. Står vi ikkje i fare for å gjera det til ein sport å omgå stenginga, i staden for å læra elevane å tenkja over sin eigen nettbruk?

Ja, vi har ei eksamensordning som ikkje tillet nettilgang. Det er viktig å øva på eksamensforma. Eg ser det. Men er det berre på prøvar vi skal ta i bruk Tigru? Er vi einige om det? Kva med han der som aldri klarar å halda seg unna Facebook i timen? Er det ikkje greitt å slå av nettet for han nokre timar, så mykje han lærer? Eller når du som lærar skal snakka, elevane vil ha oppe maskina for å ta notat, og du veit dei går på nettet i staden? Då er det vel greitt?
Ja, kanskje? Vi skal berre vera klare over kva vi gjer. Vi gjev oss sjølve høvet til å driva skule slik vi kunne det før verda endra seg så fundamentalt. Vi bør i alle høve vera ærlege nok til å innrømma det. Og kvifor vil vi det? Fordi det framleis er den beste skulen? Ja vel, seier eg, gi meg argumenta. Det kan godt henda dei held. Men eg vil ha dei, for om vi ikkje diskuterer grunnlaget for dette, om vi ikkje veit kvifor vi skal ha rett til å stenga verda ute, vi berre vil det, så er det ikkje godt nok.

Bilete: «Clarity»
http://www.flickr.com/photos/61436699@N00/1208632794

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

7 thoughts on “Å stenga verda ute”

  1. Viktig at vi tar oss tid til å reflektere rundt disse tingene. Nettet er her, på godt og på vondt. Diskusjonen for og i mot bruken- og graden av bruk i skolen er interessant og nødvendig.

    Jeg skal forsøke meg på en aldri så liten nettfri kveld! 🙂

  2. Kjende meg så utruleg godt att på fleire felt, både frå klasserommet og meir privat. Har merka at eg kvir meg for å opne google reader, det ligg jo så mange oppdateringar der som berre gir meg dårleg samvet, fordi eg ikkje rekk å halde meg oppdatert.

  3. Godt innlegg, og mange interessante refleksjoner. Lenkestress var et godt ord, jeg kjenner også på det mange ganger, men tenker at man kan ikke få med seg alt, og skruer bare av. Jeg har blitt mye flinkere til det nå enn før:) Jeg ønsker i utgangspunktet ikke stenging, og frykter egentlig at det kan bli en lettvint løsning for å stenge ute verden, som du sier. Jeg tror det handler mer om hvordan vi organiserer (eller kanskje designer?) skoledagen, timene og klasserommet.

  4. Godt skrive. I periodar er det godt å oversjå lenkene totalt, det må sannsynlegvis mange øva seg på.

    Eg bruker Feeddemon for å lesa RSS på windows-pcane mine og den har ein fantastisk funksjon. Dersom det er meir enn 1000 uleste element så kjem det eit varsel opp (Panicbutton), her vel du rett og slett å merka alt som lest, eller alt som er eldre enn 24 timar som lest og så bortetter. Den er i bruk ja. I tillegg har eg kategorisert straumane i t.d. it-nytt, edu.no, edu, søk, delogbruk. Er det mykje i innboksen så merker eg it-nytt som lest, skummer edu og konsentrerer meg om edu.no, der eg ofte finn nyttige ting.

    Men enkelte veker dropper eg heile RSS programmet. Er det viktig nok så dukkar det sikkert opp igjen, og det er forskjell på «må lesast» og «burde ha vore lest». Går eg glipp av noko? Tja, sikkert, men det er sannsynlegvis ikkje noko tap.

    Eg pleier å ha Øystein Sunde sin «Kjekt å ha» i bakhovudet…

  5. Forresten, det er eit anna perspektiv her og. Når det gjeld stenging av internett meiner eg at det greit å ha slik programvare. Me har Browse Control på jobb. Men eg brukar det ikkje sjølv, dette handlar meir om klasseromsleiing, elevane eg har veit at PC-en skal vere av og borte frå pulten når timane med meg startar. Ikkje alle er villige til å ta kampen i starten av skuleåret.

    Og så det uteknologiske: Elevane er vant til «stress» og multitasking heile tida. Kva skjer om ein ber alle i klassen leggje seg ned på golvet, lukka augene, slappa heilt av og berre lytta i nokre minutt? Og skru gjerne av telefonen og pcen på førehand…

  6. Du tek opp mykje interessant som vanleg! Eg innser at desse spørsmåla er vanskelege. Men er det ikkje slik at læraren bør ha ein viss kontroll på det som skjer i klasseromet? På den andre side, vi burde gi elevane meir ansvar tidlegare. Skulen og ikkje minst universitetet går i feil retning der, spør du meg.

    Her kunne eg surra meg LANGT ut i alle digresjonar som vanleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s