Dersom vi opnar nettet, døyr eksamen – eller?

Denne veka vart eg gjort merksam på at Danmark set i gang forsøk med ope nett på eksamen alt frå dette skuleåret, og reknar med å ha gjennomført det i heile Danmark til neste år. Mellom anna er faga dansk og matematikk med i forsøket. Kjem vi etter? Det er minst eit par ting å tenkja på før den tid.

Artikkelen frå Undervisningsministeriet seier at elevsvara skal gjennom ein plagieringskontroll, og i tillegg at det ikkje er lov med kommunikasjon elevane i mellom. Det står ingenting om korleis dei skal kontrollere at dette ikkje skjer. Eg ser det som ei ganske så håplaus oppgåve, så mange kanalar for kommunikasjon som fins på nettet no. Ein ting er chattekanalar, men postar ein eit spørsmål i eit ning som Del og bruk, har ein eit svar ikkje så mykje seinare. Men er stenging av kommunikasjon det einaste alternativet for ein digital eksamen?

Eg ser at eksamen sin verdi som måling av individuell kunnskap står for fall med full tilgang til kommunikasjon og nett. Då fins det to alternativ: Eksamen må måla noko anna, eller eksamen må døy. Kan vi tenkja oss eit eksamenssvar som fortel at denne eleven har saman med tre andre løyst denne oppgåva? Eleven har synt
samarbeidsevner og har teke ansvar for å laga ei god oppgåve. Eller – eksamen døyr, og blir erstatta av ei mappeinnlevering med påfølgande munnleg eksaminasjon. Eg har mest tru på denne forma.

Køyr debatt!

Bilete: “What to do first”, flickr cc