Dersom vi opnar nettet, døyr eksamen – eller?

Denne veka vart eg gjort merksam på at Danmark set i gang forsøk med ope nett på eksamen alt frå dette skuleåret, og reknar med å ha gjennomført det i heile Danmark til neste år. Mellom anna er faga dansk og matematikk med i forsøket. Kjem vi etter? Det er minst eit par ting å tenkja på før den tid.

Artikkelen frå Undervisningsministeriet seier at elevsvara skal gjennom ein plagieringskontroll, og i tillegg at det ikkje er lov med kommunikasjon elevane i mellom. Det står ingenting om korleis dei skal kontrollere at dette ikkje skjer. Eg ser det som ei ganske så håplaus oppgåve, så mange kanalar for kommunikasjon som fins på nettet no. Ein ting er chattekanalar, men postar ein eit spørsmål i eit ning som Del og bruk, har ein eit svar ikkje så mykje seinare. Men er stenging av kommunikasjon det einaste alternativet for ein digital eksamen?

Eg ser at eksamen sin verdi som måling av individuell kunnskap står for fall med full tilgang til kommunikasjon og nett. Då fins det to alternativ: Eksamen må måla noko anna, eller eksamen må døy. Kan vi tenkja oss eit eksamenssvar som fortel at denne eleven har saman med tre andre løyst denne oppgåva? Eleven har synt
samarbeidsevner og har teke ansvar for å laga ei god oppgåve. Eller – eksamen døyr, og blir erstatta av ei mappeinnlevering med påfølgande munnleg eksaminasjon. Eg har mest tru på denne forma.

Køyr debatt!

Bilete: «What to do first», flickr cc

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

5 thoughts on “Dersom vi opnar nettet, døyr eksamen – eller?”

  1. La eleven velge nivå og få oppgaver tilpasset nivået (lavt, middels, høyt). Samle i presentasjonsmappe/digital portefølje gjennom året – og la dette vise elevens faktiske kompetanse. Bort med eksamen!

  2. I mellomtida må me slita med tryggleiksproblema omkring avvikling av noverande eksamen. Dersom eg hadde vore elev i dag, hadde eg truleg installert programvare på pcen min som gjer det mogeleg å kommunisera med omverda sjølv om internett vert stengt.

  3. Eg er einig i det du skriv om ein eksamensform der nettet er tilgjengelig. Eg har sjølv erfaring frå egen skulegang, og kvar gang opplevde skulen at fleire juksa. Å hindre juks er særs vanskeleg, og på datamaskinane er mogelegheitene for mange. Eg ser for meg at eksamenar i større grad bør bestå av at elevane vekslar mellom innlevering av mappe og muntlege fremføringar, slik du sjølv nemner i innlegget ditt.

  4. Eg tykkjer det er nødvendig med ein debatt om kva slags krav og rammar ein eksamen bør innebere. Den tradisjonelle eksamensformen kor elevane får nokre timar til rådigheit til å skrive om eit utvalt tema frå pensum, har i lang tid vore omdiskutert. Det kan argumenterast for at elevane ikkje får vist kva dei faktisk mestrer. Eg er personleg også tilhengar av ein mappevurdering. Dersom læraren har fokus på korleis dette kan stimulere til motivasjon gjennom heile semesteret, kan dette bidra til økt læring – noko eit «skippertaket» før ein skuleeksamen ikkje gjer i like stor grad. Digitale ferdigheiter er eit av kompetansemåla i LK-06, og ein kan sjølvsagt argumentere for at det er vesentleg at elevar vert testa i denne ferdigheita. Som ein ung aktør i dagens samfunn er det nyttig å kunne ta i bruk informasjon frå Internett, og å vere medviten om kva for nokre kildar ein bør vere kritisk til. Men dersom det skal vere lovleg å bruke Internett under ein skuleeksamen, korleis skal en da få eit innblikk i evna eleven har til eiga refleksjon?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s