Treng ein ein lærar for å læra noko?

Nei, det gjer ein ikkje. Alle veit at barn lærer ekstremt avanserte ferdigheiter og tek til seg enorme mengder kunnskap FØR dei byrjar på skulen. Å utvikle eit språk er jo noko barn klarer berre ved å vera i eit språkfellesskap. Ein treng jo forsåvidt ikkje skular heller, for å læra noko. Eg lærer stadig vekk noko nytt, og eg har ikkje gått på skule på aldri så lang tid. Eg nektar også å vera med på ein teori om at det er fordi eg stadig oppheld meg på skular! 🙂 Så kvifor treng vi lærarar? Vel, det må jo vera fordi dei er ekspertar på noko. Og etterkvart som barn blir eldre, kan vi ikkje stola på at berre det å slenga rundt i eit eller anna miljø, vil gjera at dei lærer. I alle høve ikkje det vi vil at dei skal læra. Vi treng ekspertar på dei områda samfunnet har bestemt at det er verdifullt å lære om.

No er det berre det vesle utidige faktum at desse «områda» som lærarane er ekspertar på, endrar seg i rasande fart! Det skal noko til å følgja med. Og dessutan har elevar tilgang til både ikkje-autoriserte og autoriserte ekspertar via nettet. Tenk om desse er vel så bra som læraren? Og tenk om elevane har lyst å læra noko utanfor dei områda lærar-ekspertane syns er viktige? Ja, då har han ikkje lærarar til å hjelpa seg, og kan like godt finna seg ein annan stad å vera, eit anna miljø for å læra. Ei litt anna side av dette er jo «Hole-in-the-wall»-prosjektet til Dr. Sugata Mitra, som syner at ungar kan tileigna seg eit nytt språk, og avanserte kunnskapar, berre veld hjelp av ein PC kobla til nettet. Ingen lærar naudsynt!

Dette må vi ta inn over oss. Vi må finne oss ei anna lærarrolle snarast, elles er vi rett og slett ikkje nødvendige. Will Richardson skriv denne veka om «Teachers as Master Learners». Han knyter an til George Siemens, som skriv om «Teaching in Social and Technological Networks». Omtrent samstundes publiserer David Warlick sin bloggpost, som er inne på noko av det same. Richardson brukar analogien til «apprenticeship», altså at vi kan sjå på elevane som lærlingar i faget «å læra». Og læraren vert då meisteren, som ikkje så mykje veit, som kan. Læraren må kunne å læra, i eit moderne samfunn, som inkluderer dei rike høva til læring vi finn i på nettet:

We can’t teach kids to learn unless we are learners ourselves, and our understanding of learning has to encompass the rich, passion-based interactions that take place in these social learning spaces online. Sure, I expect my daughter’s science teacher to have some content expertise around science, no doubt. But more, I expect him to be able to show her how to learn more about science on her own, without him, to give her the mindset and the skills to create new science, not just know old science.

Dette inneber at det er heilt naudsynt å endra praksis i eigen læring, å starta å læra på nettet, å skapa seg eit læringsnettverk. Det er den aller viktigaste etterutdanninga for lærarar i dag.

«Blogging er berre for personar med enormt eksponeringsbehov». «Twitter er berre tull». «Eg forstår ikkje når du har tid til all denne nettbruken».

-Våg å lata vera seier eg, våg å lata vera.

Advertisements

Norsk vg1 haust 09

Då held eg fram med å dela haustens røynsler, planer og vurderingsskjema, denne gongen i norskfaget, vg1, studiespesialiserande. Eg var tidleg i haust inne på nokre av tankane vi hadde om kva vi ville få til. Kven er vi? -I haust har det vore eit team på tre, som har jobba utruleg godt saman, hatt store diskusjonar og lært mykje! Tusen takk til Mona og Hege!

Sjølv om nemninga «grunnkurs» forsvann med Reform-94, tykkjer eg det er meiningsfullt å tenkja på Vg1 som eit år der mykje grunnleggjande ferdigheiter og kunnskap skal inn. I haust konsentrerte vi oss særleg om oppbygging av tekstar og kjeldebruk. I tillegg ville vi gjerne etablera ei tekstsamling som vi kunne koma attende til i vår. Slik håpa vi på å få elevane til å lesa tekstane fleire gonger, og få ei forståing av at det går an å lesa tekstar på ulike måtar. Vi knytte tekstane opp til måla i læreplanen om å samanlikne eldre og nyare tekstar, og i tillegg nytta vi tekstane til adaptasjonsøving. I vår kjem tekstanalysen inn, og håpet er at det då er ein føremon at dei kjenner tekstane. Munnleg øving har vore knytt til presentasjonen, den kjende og kjære, grei og ty til tidleg i vg1 når det å stå framfor ei ukjend forsamling er ei stor utfordring. Då er det godt å kjenna sjangeren. Men vi drilla på kjeldebruk, og gode powerpointark her, og det var det slett ikkje alle som var like vande med frå før. Før jul introduserte vi den litterære samtalen, eit spennande prosjekt elevane likte godt.

Nokre ord om vurdering og vurderingsskjema: Skjema har vore nytta i opplæringa, difor er dei fleste svært detaljerte og inneheld referansar til lærebok. Dei har også ein progresjon, der t.d avsnittsoppbygging er nøye skildra i skjemaet for debattinnlegg, seinare reknar vi det som kjent kva vi meiner med god avsnittsoppbygging. Skjemaa kan bli mykje betre, men det positive er at mot slutten av terminen begynte elevane verkeleg å forstå poenget, dei kom med innvendingar til formuleringar i skjemaet, og kunne vera med på å laga formuleringar sjølve.

Så versågod, håpar nokon kan ha nytte av dette! 🙂 Det er sikkert meir som kunne vore kommentert, spør gjerne.

Plan fram til haustferien
Eigenvurdering appell
Vurderingsskjema presentasjon
Arbeid med debattinnlegg
Vurderingsskjema debattinnlegg
Arbeid med bokmelding
Vurderingsskjema bokmelding
Tekstar i fortid og samtid
Vurderingsskjema heildagsprøve
Vurdering litterær samtale
Sjekkliste kortsvar