Norsk vg1 haust 09

Då held eg fram med å dela haustens røynsler, planer og vurderingsskjema, denne gongen i norskfaget, vg1, studiespesialiserande. Eg var tidleg i haust inne på nokre av tankane vi hadde om kva vi ville få til. Kven er vi? -I haust har det vore eit team på tre, som har jobba utruleg godt saman, hatt store diskusjonar og lært mykje! Tusen takk til Mona og Hege!

Sjølv om nemninga «grunnkurs» forsvann med Reform-94, tykkjer eg det er meiningsfullt å tenkja på Vg1 som eit år der mykje grunnleggjande ferdigheiter og kunnskap skal inn. I haust konsentrerte vi oss særleg om oppbygging av tekstar og kjeldebruk. I tillegg ville vi gjerne etablera ei tekstsamling som vi kunne koma attende til i vår. Slik håpa vi på å få elevane til å lesa tekstane fleire gonger, og få ei forståing av at det går an å lesa tekstar på ulike måtar. Vi knytte tekstane opp til måla i læreplanen om å samanlikne eldre og nyare tekstar, og i tillegg nytta vi tekstane til adaptasjonsøving. I vår kjem tekstanalysen inn, og håpet er at det då er ein føremon at dei kjenner tekstane. Munnleg øving har vore knytt til presentasjonen, den kjende og kjære, grei og ty til tidleg i vg1 når det å stå framfor ei ukjend forsamling er ei stor utfordring. Då er det godt å kjenna sjangeren. Men vi drilla på kjeldebruk, og gode powerpointark her, og det var det slett ikkje alle som var like vande med frå før. Før jul introduserte vi den litterære samtalen, eit spennande prosjekt elevane likte godt.

Nokre ord om vurdering og vurderingsskjema: Skjema har vore nytta i opplæringa, difor er dei fleste svært detaljerte og inneheld referansar til lærebok. Dei har også ein progresjon, der t.d avsnittsoppbygging er nøye skildra i skjemaet for debattinnlegg, seinare reknar vi det som kjent kva vi meiner med god avsnittsoppbygging. Skjemaa kan bli mykje betre, men det positive er at mot slutten av terminen begynte elevane verkeleg å forstå poenget, dei kom med innvendingar til formuleringar i skjemaet, og kunne vera med på å laga formuleringar sjølve.

Så versågod, håpar nokon kan ha nytte av dette! 🙂 Det er sikkert meir som kunne vore kommentert, spør gjerne.

Plan fram til haustferien
Eigenvurdering appell
Vurderingsskjema presentasjon
Arbeid med debattinnlegg
Vurderingsskjema debattinnlegg
Arbeid med bokmelding
Vurderingsskjema bokmelding
Tekstar i fortid og samtid
Vurderingsskjema heildagsprøve
Vurdering litterær samtale
Sjekkliste kortsvar

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

6 thoughts on “Norsk vg1 haust 09”

  1. Dette var jammen flott, og håper du tilgir at dette umiddelbart blir stjålet av meg 🙂 (med kildehenvisning selvfølgelig)

  2. Ønskjer deg lykke til i den nye jobben! Du er djupt sakna her borte på Knarvik. Håpar du held fram med å blogge om erfaringane dine, slik at det dryp litt inspirasjon på oss sjølv om du ikkje er her meir!

  3. Eva: Det heiter deling, ikkje stjeling! 🙂 Flott at du kan bruke det. Marita: Bra du fann noko interessant!
    Hege: Så kjekt at du kommenterte! Eg tar det som ei godkjenning av mi framstilling av hausten. 😉 Hels alle!

  4. Absolutt einig i at vi har hatt eit veldig godt samarbeid på VG1. Vi jobbar hardt med å halde oppe nivået på VG1-møta no når du er vekke. Heldigvis har vi fått inn ein dyktig erstattar i Guro! No er det utenkjeleg å gå tilbake til gamlemåten (utan samarbeid, berre sporadiske samtalar og tips på arbeidsrommet).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s