Treng ein ein lærar for å læra noko?

Nei, det gjer ein ikkje. Alle veit at barn lærer ekstremt avanserte ferdigheiter og tek til seg enorme mengder kunnskap FØR dei byrjar på skulen. Å utvikle eit språk er jo noko barn klarer berre ved å vera i eit språkfellesskap. Ein treng jo forsåvidt ikkje skular heller, for å læra noko. Eg lærer stadig vekk noko nytt, og eg har ikkje gått på skule på aldri så lang tid. Eg nektar også å vera med på ein teori om at det er fordi eg stadig oppheld meg på skular! 🙂 Så kvifor treng vi lærarar? Vel, det må jo vera fordi dei er ekspertar på noko. Og etterkvart som barn blir eldre, kan vi ikkje stola på at berre det å slenga rundt i eit eller anna miljø, vil gjera at dei lærer. I alle høve ikkje det vi vil at dei skal læra. Vi treng ekspertar på dei områda samfunnet har bestemt at det er verdifullt å lære om.

No er det berre det vesle utidige faktum at desse «områda» som lærarane er ekspertar på, endrar seg i rasande fart! Det skal noko til å følgja med. Og dessutan har elevar tilgang til både ikkje-autoriserte og autoriserte ekspertar via nettet. Tenk om desse er vel så bra som læraren? Og tenk om elevane har lyst å læra noko utanfor dei områda lærar-ekspertane syns er viktige? Ja, då har han ikkje lærarar til å hjelpa seg, og kan like godt finna seg ein annan stad å vera, eit anna miljø for å læra. Ei litt anna side av dette er jo «Hole-in-the-wall»-prosjektet til Dr. Sugata Mitra, som syner at ungar kan tileigna seg eit nytt språk, og avanserte kunnskapar, berre veld hjelp av ein PC kobla til nettet. Ingen lærar naudsynt!

Dette må vi ta inn over oss. Vi må finne oss ei anna lærarrolle snarast, elles er vi rett og slett ikkje nødvendige. Will Richardson skriv denne veka om «Teachers as Master Learners». Han knyter an til George Siemens, som skriv om «Teaching in Social and Technological Networks». Omtrent samstundes publiserer David Warlick sin bloggpost, som er inne på noko av det same. Richardson brukar analogien til «apprenticeship», altså at vi kan sjå på elevane som lærlingar i faget «å læra». Og læraren vert då meisteren, som ikkje så mykje veit, som kan. Læraren må kunne å læra, i eit moderne samfunn, som inkluderer dei rike høva til læring vi finn i på nettet:

We can’t teach kids to learn unless we are learners ourselves, and our understanding of learning has to encompass the rich, passion-based interactions that take place in these social learning spaces online. Sure, I expect my daughter’s science teacher to have some content expertise around science, no doubt. But more, I expect him to be able to show her how to learn more about science on her own, without him, to give her the mindset and the skills to create new science, not just know old science.

Dette inneber at det er heilt naudsynt å endra praksis i eigen læring, å starta å læra på nettet, å skapa seg eit læringsnettverk. Det er den aller viktigaste etterutdanninga for lærarar i dag.

«Blogging er berre for personar med enormt eksponeringsbehov». «Twitter er berre tull». «Eg forstår ikkje når du har tid til all denne nettbruken».

-Våg å lata vera seier eg, våg å lata vera.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

27 thoughts on “Treng ein ein lærar for å læra noko?”

  1. Er ikke dette noe skolen alltid har «krevd»? Hva er annerledes nå i forhold til for 30 år siden? Det var jo også dette med “apprenticeship” som var Ivar Bjørgens annliggende når han innførte begrepet «ansvar for egen læring».

    P.S. Jeg må si at jeg er litt provosert av filmen fra youtube som Einar la ut lenke til i en tidligere kommentar. Er vi så sikre på at lærere som ikke er så digitalt flinke er utdaterte? Er det ikke på tide å vise mer respekt for den kompetansen som disse lærerne har?

  2. Tor Espen: Ein kravde vel ikkje at lærarar etablerte personlege læringsnettverk på nettet for 30 år sidan? At det under her ligg ein del implikasjonar vedrørande læringssyn, er jo klart, og dei tankane er jo ikkje så nye, men kva skjer i skulen?

    Når det gjeld videoen, har vel eg ikkje sett så alvorleg på det. Men for meg er det inga motsetjing mellom å krevje av lærarane at dei no får opp farten digitalt, og ha respekt for det dei alt kan. Eg har faktisk så stor tru på og så stor respekt for medmenneska mine, at eg trur dei er i stand til stadig å lære nye ting!

  3. Tor Espen: Det er vel ingen som påstår at typografene som kjempet for jobbene sine i forrige århundre (og tapte) var utdaterte? Tvert i mot, de var topp kvalifiserte fagfolk, og de var høyt lønnet. Er det ikke mulig å se visse paralleller til lærernes situasjon i dag?

  4. Interessant debatt. Tor Espen har rett, synes jeg, i at vi har hatt en debatt om læringssyn lenge, ikke bare knytta til teknologi. Og der mener jeg at lærernes felles ansvar for å lære av hverandre og utvikle sin egen kunnskapsbase gjennom kommunikasjon med hverandre på ulike plan har kommet i skyggen av motetrendene «elevens ansvar for egen læring», «læreren som veileder» osv. En kan komme langt ved å tilrettelegge systematisk for slik kunnskapsutvikling med de en møter fysisk på egen skole og mellom skoler. Så kommer nettet med en mengde nye forum å meddele seg i, og det er utrolig spennende perspektiver, så å si at ikke noe er nytt, blir feil. Men fremdeles er læringssyndebatten grunnleggende. Skape profesjonskunnskap sammen? Eller vente på at andre innfører en ny motebølge?

  5. Jens Petter: Eg er heilt einig i at læringssynsdebatten er grunnleggande, og det vert alt for lite diskutert, både i bloggar og på lærarrom! Sjølv har eg nettopp byrja på ein heilt ny vidaregåande skule som går klart ut og seier at «vi har eit sosiokulturelt læringssyn»: http://ngv.hfk.no/templates/SchoolSubsite.aspx?id=29755 Kanskje fleire kunne koma ut og definera kva dei står for? Det er ei nyttig øving.

  6. Jeg vil vel muligens si at jeg selv har et sociokulturelt læringssyn og jeg synes at det dere skriver om den pedagogiske profilen er flott!

    Dette innebærer jo nettopp at læreren — som deltaker i et læringsfellesskap — selv må være lærende. Men dette er jo ikke nye tanker men har sine røtter til Vygotsky som levde på begynnelsen av forrige århundre.

    Det jeg er litt usikker på er om den nye teknologien er så revolusjonerende som vi tror sånn læringsteoretisk sett. Ulike web 2.0 (eller 3.0?) applikasjoner er ulike artifakter som den lærende må beherske. Dette er ikke nytt. Det er bare en ny type artifakter nå.

    Når det gjelder filmen, så må jeg si at det jeg reagerer på er ikke meningsinnhodet, men måten det blir kommunisrert på. Men det skal ikke du Magreta stå til ansvar for… 🙂

  7. At digitalt oppgåande lærarar no finn saman på nettet og lærer av einanan er bra. Men endå viktigare er det at dei tek ansvar for å heva kompetansen til sine medkolleger som slit med å hengja med. Då gjer dei elevane ei stor teneste.

  8. Arvid: Dei lærarane som diskuterer og lærer på nettet tek vel dette ansvaret heile tida, både på eigen arbeidsplass og på div kurs og konferansar? Viss du impliserer at dette er ei «klubb» som ikkje tek det ansvaret, blir eg faktisk ganske provosert.

  9. Eg etterlyser vel eigentleg ein delingskultur og erfaringsutveksling som du Margreta er eit glimrande døme på. Då du t.d. la ut undervisningsopplegg for engelsk VG1 på bloggen din, markedsførte eg dette øyeblikkeleg dette på eigen arbeidsplass.
    Sjølv har eg halde meg mykje innafor rammene til LMSen i Hordaland, og her er mine røynsler litt blanda. I mange år trudde eg at ein LMS ville vera ein stad fleire lærarar ville våga seg frampå og dela\ytra seg avdi dette er ein avgrensa kommunikasjonkanal og ikkje for heile verda.
    Så opplever eg at digitalt oppegåande lærarar hoppar galant bukk over LMSen og bloggar i veg. Glimarande!
    Men det store fleirtalet av lærarar er framleis tause….

  10. Det er mulig at lærerne er overflødige som kunnskapsformidlere, forutsatt av at det ikke fantes en læreplan. Unge (som voksne) har enkelt for å tilegne seg ny kunnskap og erfaringer, men hvilke felt dette skjer innenfor, er et spørsmål om interesser. Nynorsk som sidemål, for eksempel, må mine elever lære gjennom å skrive, skrive, skrive og lære teori. Kravene de er stilt ovenfor, er høyere enn enn flere av de nynorske bidragene her fremviser.

    Hva som skal stå i læreplanen er annen diskusjon, men at læreren er viktig i kunnskapsformidlingen er soleklart fra mitt ståsted. At lærerens rolle innebærer mye mer enn kunnskapsformidling i våre moderne tider er også soleklart (jeg jobber på ungdomsskolen, så det er mitt erfaringsgrunnlag).

    Ellers har lærerne som var ferdig utdannet og hadde jobbet i mange år før datamaskinen og Internett kom på banen, min dypeste sympati. I vidergående skole finnes det veldig mange av disse, og det må være skoleeiers ansvar at forholdet til nye medier er iskaldt hos mange av disse, siden trenden (i alle fall i mitt fylke) er at opplæring og oppfølging i stor grad legges på lærerne selv, og seniorgenerasjonen av lærere blir skoletapere på tross av at de har høy kompetanse og mestrer fagene sine godt.

    Ellers ser jeg på min egen rolle som lærer, at den sosiale biten teller minst 60%. Og det er satt av 90 minutter i uken..

  11. Arvid: Sjølvsagt treng me endå meir erfaringsutveksling og deling, og å få fleire med. Trur du ikkje at eit nettsamfunn som del og bruk bidreg positivt i denne utviklinga? Mange er tause der og, men 4000 medlemmer er jo i seg sjølv eit positivt teikn på ynskje om erfaringsutveksling og deling.

  12. Lise: Eg har vel blanda nokre infinitivsendingar no att då, det var kjekt at nokon hadde glede av det. For øvrig er det vel akkurat ideen om kunnskapsformidling eg er ute etter. Kva veit vi om korleis læring skjer? Kva læringssyn har vi? Kva vil det seia å formidla kunnskap? Eg har undervist i sidemål i mange år – tenk det – og eg veit jo at det ikkje er min tavlegjennomgang av grammatikk dei lærer mest av. Dei fleste av dei lærer stort sett ingenting av det – dei må jobbe med det sjølve, og eg må rettleie. Likevel føler både elevar og lærar at det er rett og godt å bruka tid på ein slik gjennomgang. Kvifor det?

    Synd at du opplever at det ikkje blir satsa på opplæring, eg har nok meir positive røynsler, og dessutan har eg hatt mange flotte godt vaksne kollegaer som har tatt i mot opplæring, og ikkje treng sympati, berre gode kollegar som kan hjelpa meir og rettleia meir. Og det gjer eg med glede!

  13. Del og bruk er eit flott tiltak som har framtida for seg. Men eg er også oppteken av den såkalla «strekken i laget» som ein kan observera blant kolleger.
    Det er sjølvsagt skuleleiinga sitt ansvar å syrgja for opplæring. Men opplæring hjelper ikkje mykje dersom kunnskapen ikkje vert teke i bruk. På den enkelte skule må ein ha systemer for at dette kan skje t.d. gjennom teamarbeid\fagseksjonsarbeid. Det er her digitalt kompetente lærarar kan bidra til å gjera mindre sikre kolleger meir sikre .
    Ein elev på min skule hadde eit tankevekkande innlegg i BA om hennar opplevingar av meir eller mindre digitalt sikre lærarar. Innlegget hennar gjorde meg endå sikrare på kor viktig det er at lærarar hjelper og støttar einannan. Det er difor viktig at lærarar med kompetanse tek ansvar for å heva kompetansen til sine medkolleger som slit med å hengja med som eg skreiv i mitt fyrste innlegg.

  14. margreta, jeg diskuterer gjerne med deg jeg, men da må du lese det jeg skriver uten å tolke fortløpende.

    Jeg gir blanke i hvor godt nynorsk folk skriver på nett, jeg kommenterte at kravene dagens elever (tiende klasse har jeg) møter når det gjelder sidemål, er høyere enn enn hva mange nynorskbrukere stiller til deg selv. Eller samfunnet stiller til voksne mennesker som skriver. Selv har jeg bokmål som hovedmål, og bruker ordbok når jeg retter nynorsk. Litt, i alle fall.

    Jeg er veldig glad i digitale medier, og har aldri lagt bakpå her. Min mor derimot, 62 og ansatt i Hordaland fylke, strever. En rådgiver på skolen min gir seg til sommeren, og det digitale som han strever med mestring av er grunnen til at han blir heltidspensjonist.

    Det er klart at vi pedagoger som satser digitalt må utveksle ideer, tanker og opplegg. Det er ingen grunn til å finne opp kruttet på nytt hver gang vi trenger et undervisningsopplegg, men jeg synes at vi i enda noen år må ta oss av dem som gjerne hadde sett at skolen var kvitt de digitale mediene en gang for alle – for vi vet jo at ikke kommer til å skje. Og det har definitivt noe med alder å gjøre, dette, selv om det også er mange «gamlinger» som henger med. Heldigvis står det godt til blant de jeg jobber nærmest med, men for en del år siden hadde jeg «hjelpe-kollegaer-med-it’s learning» innbakt i posten min.

    Angående for eksempelvis nynorskundervisning, trenger vi litt tavleundervisning for å fortelle fagets spilleregler, og mye, mye øving. Og læreren er veldig viktig i den øve-biten, gode tilbakemeldinger er alfa omega. Mener jeg.

  15. Hei.

    Her en dag ble jeg stilt ovenfor et spørsmål fra ei venninne. Spørsmålet lød som følger: «Hvorfor trenger vi lærere egentlig?» Jeg ble meget provosert og mener at jobben som lærer er en av de viktigste i dagens samfunn fo å kunne få det til å fungere. Lærere er med på å danne grunnlaget for at unge skal kunne vokse opp og ta del i samfunnet som egne individer. Og ja, kanskje kunne enklte barn ha fått en god oppdragelse både faglig og sosialt igjennom læring i hjemmet. Men dette omfatter likevel en svært liten prosentanndel. Om barn ikke skulle gått på skole, måtte foreldre vært veiledere og en mye større del av barnets utvikling. Men svært mange foreldre har ikke den kompetansen, både i henhold til faglig innsikt og pedagosisk veiledning. Derfor trenger vi skole og derfor trenger vi lærere. Vi trenger pedagogisk trente personer som vet hvordan ulike barn lærer best og hvordan man utvikler kompetanser. Greit det at noen mener barn kunne lært nynorsk som sidemål hjemme på lik linje som på skolen. Men hvilket grunnlag har de for å uttale seg om dette? Det er ikke slik at alle barn og unge lærer ting kjemperaskt og på samme måte. Det trengs en fagperson for å kartlegge og se hvordan et barn skal utvikle kompetansen sin på best mulig måte i forhold til f.eks. nynorsk. Barn kunne alltids selv eller ved hjelp av foreldre ha lært en del, men dette gir barnet begrensede muligheter til å nå «taket» sitt innenfor hver kompetanse. På toppen av det hele er skolen en arena for sosialisering, hvor barn lærer å ta del i et felleskap, samtidig som de får internalisert egne verdisett. Etisk undervisning og verdiformidling innenfor skolens rammer er uerstattelig i forhold til hvordan et barn vokser opp til å bli. Vi trenger lærere. Lærere er med på å forme framtiden!

    Mvh Sindre (Lærerstudent).

  16. Hei Sindre! Så hyggeleg at du har funne bloggen min! Eg er er heilt einig med deg i at lærarar er viktige, men eg trur rolla må endrast ein del. Det var det eg prøvde å få fram i innlegget mitt. Eg trur nok også at i denne debatten vil det vera stor skilnad på alder og erfaring hos elevane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s