Litt om den nye jobben min – endeleg

Eg starta altså som fagleiar på Nordahl Grieg vidaregåande skule i februar, etter 12 år meir og mindre samanhengande jobb som lærar på Knarvik vidaregåande skule. Det var eit val som kravde litt tenking; det ville innebera store omskifte, også privat, med flytting. Men eg har alltid tenkt at eg bør ta utfordringar som kjem min veg, og stillingsutlysinga fortalde om draumejobben.

Og det er det! Mange spør meg kva eg EIGENTLEG gjer på, i og med at skulen ikkje opnar før i august. Eg skal prøva å seia litt om det. Mine arbeidsområde er ansvar for utviklinga av den pedagogiske bruken av IKT på skulen, og for samarbeidet skulen skal ha med UiB og med næringslivet. Mykje tid har gått med til arbeidet med utviklingsplanen vår, i samarbeid med dei andre i leiinga. Det har vore utruleg givande, og ein god måte å verta kjende på. Å få diskutere pedagogiske spørsmål med så flinke og engasjerte folk, få bryne seg på nye innfallsvinklar og tenkemåtar, er eit privilegium. Du finn rektor sine tankar om prosessen så langt på hennar blogg. På mandag førstkomande har vi invitert lærarutdanninga v. UiB til eit møte med utgangspunkt i utkastet til plan. Vi gler oss til å få deira innspel og til vidare samarbeid.

Skulen satsar tungt på forskningsbasert undervisning og teknologi. Det er eit mål for oss å hjelpe til med auka rekruttering i realfaga. Litt merkeleg at ein norsklærar skal jobba mykje med denne satsinga? Det er så spennande! Vi har fått ein pangstart på dette arbeidet med eit samarbeid med Mat-nat og Vilvite-senteret. Det er nok ikkje mi forteneste, men eg gler meg til å arbeida med det. Og eg lærer noko nytt kvar dag.

Når det gjeld kva grep vi skal ta innan pedagogisk bruk av IKT, skal eg koma tilbake til dette når utviklingsplanen er komen litt lenger.

Sjølvsagt driv vi også med meir trivielle ting, det er ein heil del som skal vera på plass når ein opnar ein skule! Rutinar og skjema, etc. Vi delar arbeidet mellom oss på desse tinga. Og ikkje minst må vi tenkje på opningsvekene – der alt er nytt for alle, både lærarar og elevar. Korleis får alle ein god start? Det er IKKJE trivielt, men frykteleg viktig.

No etterkvart har det gått opp for meg kva som har hendt. Eg har fått enorme utfordringar på ein ny arbeidsplass med nye nysgjerrige, kompetente, reflekterte, kritiske kollegaer. Kvar dag møter eg nye tankar og må utfordra meg sjølv. Eg har det fantastisk!

Inspirasjon frå Dei gode døma 2010: Stephen Heppell

Årets store konferanse i Hordaland, Dei gode døma, er over. Det var to flotte dagar saman med tidlegare og noverande kollegaer, og ikkje minst mange venner frå twitter, facebook og bloggosfæren. Eg undrar meg over kor godt eg føler eg kjenner desse menneska som eg møter for første, kanskje andre eller tredje gong. Sosiale medier har gjort livet mitt rikare, og dei som då tenkjer at eg må ha hatt eit trasig liv i utgangspunktet, syns eg synd i.

For meg kom den store inspirasjonen denne gongen frå professor Stephen Heppell. Dei to føredraga hans var fulle av gode døme på skular der born og unge får realisera sitt enorme potensial: “How good can our children be?” Vi bør ikkje stenga for teknologi, forbi mobiltelefonar, etc, for ungane kan bruka dette til læring på måtar som vi ikkje har fantasi til å førestilla oss. I det heile bør vi høyra mykje meir på ungane når vi planlegg skular og læring.

Eg skal ikkje prøva å gjengi alle dei gode poenga til Heppell, eg tilrår alle å sjå føredraga hans. I staden vil eg ta fram eitt moment: Skulen som ein institusjon born, foreldre, lærarar, leiarar og lokalsamfunn er stolte av! Vi bør i mykje større grad løfte fram arbeidet elevane gjer og vise det fram, i lokalsamfunnet, til foreldra. Heppell føreslo å bygga læringssenter i storgata, i butikkar som vert nedlagte pga auka netthandel. Dette var både eit konkret forslag, og ein metafor for kva som bør vera i sentrum i samfunnet i dette hundreåret: læring. Han snakka også om lærarar som hadde som ambisjon at alle elevane deira skulle vera stolte av å gå i deira klasse. Og om elevar som sat saman tre og tre og fortalte kvarandre kva dei hadde gjort på skulen den dagen som dei var stolte av: Praisepod!

Det er utruleg spennande tider å vera lærar i, tenk så priviligerte vi er som får vera med i denne enorme utviklinga. Vi har alltid hatt eit viktig yrke, no er det viktigare enn nokonsinne: Korleis hjelper vi born og unge til å bli så gode som dei kan? Korleis førebur vi dei på å leva i ei verd som utviklar seg i eit enormt tempo? Korleis skal vi gjera ungdomane stolte over å gå på vår skule? I vår klasse? Korleis gjer vi dei stolte av seg sjølve? Er vi stolte av oss sjølve? Og kan vi vera det, samstundes som vi torer å vera i ein situasjon der vi ikkje har alle svara, samstundes som vi torer å la ungane overraske oss? Og der vi heile tida torer å spørja oss sjølve korleis vi kan bli litt betre?