Inspirasjon frå Dei gode døma 2010: Stephen Heppell

Årets store konferanse i Hordaland, Dei gode døma, er over. Det var to flotte dagar saman med tidlegare og noverande kollegaer, og ikkje minst mange venner frå twitter, facebook og bloggosfæren. Eg undrar meg over kor godt eg føler eg kjenner desse menneska som eg møter for første, kanskje andre eller tredje gong. Sosiale medier har gjort livet mitt rikare, og dei som då tenkjer at eg må ha hatt eit trasig liv i utgangspunktet, syns eg synd i.

For meg kom den store inspirasjonen denne gongen frå professor Stephen Heppell. Dei to føredraga hans var fulle av gode døme på skular der born og unge får realisera sitt enorme potensial: «How good can our children be?» Vi bør ikkje stenga for teknologi, forbi mobiltelefonar, etc, for ungane kan bruka dette til læring på måtar som vi ikkje har fantasi til å førestilla oss. I det heile bør vi høyra mykje meir på ungane når vi planlegg skular og læring.

Eg skal ikkje prøva å gjengi alle dei gode poenga til Heppell, eg tilrår alle å sjå føredraga hans. I staden vil eg ta fram eitt moment: Skulen som ein institusjon born, foreldre, lærarar, leiarar og lokalsamfunn er stolte av! Vi bør i mykje større grad løfte fram arbeidet elevane gjer og vise det fram, i lokalsamfunnet, til foreldra. Heppell føreslo å bygga læringssenter i storgata, i butikkar som vert nedlagte pga auka netthandel. Dette var både eit konkret forslag, og ein metafor for kva som bør vera i sentrum i samfunnet i dette hundreåret: læring. Han snakka også om lærarar som hadde som ambisjon at alle elevane deira skulle vera stolte av å gå i deira klasse. Og om elevar som sat saman tre og tre og fortalte kvarandre kva dei hadde gjort på skulen den dagen som dei var stolte av: Praisepod!

Det er utruleg spennande tider å vera lærar i, tenk så priviligerte vi er som får vera med i denne enorme utviklinga. Vi har alltid hatt eit viktig yrke, no er det viktigare enn nokonsinne: Korleis hjelper vi born og unge til å bli så gode som dei kan? Korleis førebur vi dei på å leva i ei verd som utviklar seg i eit enormt tempo? Korleis skal vi gjera ungdomane stolte over å gå på vår skule? I vår klasse? Korleis gjer vi dei stolte av seg sjølve? Er vi stolte av oss sjølve? Og kan vi vera det, samstundes som vi torer å vera i ein situasjon der vi ikkje har alle svara, samstundes som vi torer å la ungane overraske oss? Og der vi heile tida torer å spørja oss sjølve korleis vi kan bli litt betre?

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s