Her er så underlig

Det er tidleg mai 2010 i Norge. Same veka som ein pedagogikkprofessor i Oslo skriv i papiravisa Klassekampen at eitt hovud, eit papir og ein penn er nok til eksamen, sit nærare 800 skulefolk og nikkar i takt i Trondheim medan Arne Krokan stiller diagnosen på norsk skule, og antyder konnektivisme og sosialkonstruktivisme som medisin. Det er til å få vondt i hovudet av: Kva er røynda? Kvar er skulen eigentleg? Kven var på konferanse? Kven er denne pedagogikkprofessoren?

Eg veit ikkje heilt om eg vil reise på fleire slike konferansar. Tenkologien som vi alle hyller, gjer at eg kan sitja heime og sjå føredraga. Det sparar CO2. Inviterer du meg til ein workshop der vi skal snakke saman og forplikte oss, derimot, kjem eg. Snakke om kva? Om dei vanskelige tinga, om dei store, vanskelege, strukturelle endringane. Vi har ein skule full av teknologi, som køyrer i eit paradigme som ikkje er tilpassa teknologien. La meg bli tydeleg: Formidlingspedagogikken lever i beste velgåande. Det burde den ikkje. Den burde vera stein dau. Den byggjer på eit kunnskapssyn der læraren er den som sit på mest kunnskap, som skal overleverast elevane. I slike klasserom er internett ei kjelde til irritasjon og maktesløyse. Og vi veit det, og vi står framme og underheld som best vi kan like vel. Med pultar i bussformasjon. Vi plasserer elevane i klasser basert på eitt einaste kriterium: alder, fordi vi trur det er nøytralt og rettferdig, sjølv om vi veit at to 14-åringar kan omtrent vera på kvar sin planet utviklingsmessig. Vi har eit vurderingssystem som måler individuell kunnskap. Genuint samarbeid tel ikkje på karakteren. Eg har skrive utviklingsplan med kollegaene mine den siste månaden. Vi har samskrive i eit Google-dokument, fordelt område, kome saman, diskutert og revidert, omdisponert, skrive vidare der andre har starta. Kva om vi skulle få karakter på dette? Umogeleg. George Siemens seier at kunnskapen ligg i nettverk, at den er organisk og flytande. Vi lærer saman. Korleis vurdere denne type læring? Forskning seier dessutan at tilbakemelding som blir gitt saman med ein karakter, har ingen effekt. Vi gir slik tilbakemelding likevel. Er det ikkje på tide å avskaffa karakterane? Og eksamen – individuell, utan kommunikasjon, men med datamaskin. Måler den noko relevant, noko samfunnet i 2010 treng kunnskap om? Lat meg ta norskfaget som døme. Norsklærarar rettar seg forderva, pga at eksamensforma krev at eleven kan skriva ein lang tekst aleine. Så dei trener på dette. Og når dei kjenner at noko er gale, er den einaste løysinga å slutte med eigen karakter i sidemål. Skulle vi ikkje heller seia at vi treng ein annan skrivekompetanse i vår tid? Kva er viktig å kunna? Ikkje minst har vi eit stort problem med fusk. Elevar fuskar i veg ved hjelp av teknologien, og gudane skal vite at det er god hjelp å få. Fusk er eit symptom på eit system som er rotna på rot, det poenget ikkje er å læra, men å spela i det Michael Wesch kallar «The getting by-game».

Vi kan ikkje venta på at pedagogikkprofessorane skal ta tak i dette. Eg trur ikkje det kjem frå Udir heller, med det første. Eg gidd ikkje sitja å klaga av den grunn. Lat oss koma saman, setja oss ned, og sjå på kva vi har som er verdt å ta vare på, og kva som bør hivast på skraphaugen. Lat oss koma opp med ein relevant skule som tek det vi høyrer på konferanse på alvor. Lat oss så søka Udir om å prøva det ut. Eg er sikker på vi får det, lat Udir gjerne delta i prosessen. Nokon må starta.

Bilete: Image: «her name is headache.»
her name is headache.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

19 thoughts on “Her er så underlig”

  1. Godt tenkt og skrevet! det ser jo ut til at dere på ngvgs er i ferd med å skape noe i retning av det du skriver om. jeg tror nøkkelord er relevans og mestring. Som du sier må det tenkes nytt: hva er autentisk og viktig i 2010-20-30?
    du stiller viktige spørsmål og kommer med gode svar. jeg er med!

  2. Godt skrevet, og jeg blir gjerne med på en slik prosess – så da er vi vel allerede to?

  3. Eg stiller, både på pow wow og praktisk utviklingsarbeid!
    Eg trur faktisk eg held på med eit LMS-liknande system som passar ypparleg med konnektivisme og web 2.0. Held på med utprøving og kam seia litt meir om det snart…

  4. Bra innlegg!

    Jeg har en negativ-til-konnektivisme-hatt i skapet som jeg gjerne tar med meg til en workshop en dag om det trengs, for å gi litt futt til diskusjonen.

  5. Tusen takk for positive og engasjerte kommentarar! Eg lovar å jobba for å få til ei samling. Martin: Du kan få koma med hatten din, viss den er av aluminiumsfolie! 😉

  6. RE: «Formidlingspedagogikken lever i beste velgåande. Det burde den ikkje. Den burde vera stein dau. Den byggjer på eit kunnskapssyn der læraren er den som sit på mest kunnskap, som skal overleverast elevane. I slike klasserom er internett ei kjelde til irritasjon og maktesløyse.»

    Kan ikke to ting være rett? Jeg sitter på kunnskap elevene ikke har, som de bør ha, og som de får på aller lettest/mest effektiv måte hvis jeg formidler den til dem. Men jeg (bruker min kunnskap når jeg) veileder dem i og sørger for at de bruker den digitale verdenen også. Vi/de skriver i google docs, gjør oppgaver raskt sammen i etherpad. Jeg vil ha både «buss» og digitale fellesskap. (Karakterer er jeg mot. Høyere utdanning kan gjøre opptaket sitt sjøl!)

  7. @randi det er helt sant – formidlingen må bare tilpasses bedre enn før. Stikkord: varighet, noteringsverktøy, pres.verktøy osv. Men babyen må før all del ikke ut med badevannet!

  8. Interssante, og etter mitt syn riktige refleksjoner …siden vi er naboskoler bør vi samsnakke i nærmeste fremtid om hva som skal til for å få elevene opp på dette nivået. Hadde vært interessant å vite hvilke kompetanser dere mener elevene bør ha når de kommer til dere?

  9. Er digitalisering av opplæringa det som skal til for å eliminere fråfallet i vidaregåande opplæring og å skape dugande borgarar av dei oppveksande slektene? Er det karakterar, klasseinndeling og møblering av opplæringsrom som er gamaldagse og hindrar ei positiv utvikling? Er det eit under at me i det heile er der me er i dag? Er me her meir på trass av, enn på grunn av den opplæringa me har vore gjennom?
    Er det fasinasjon over teknologien som ligg under ønsket om å digitalisere opplæringa?

  10. Du og du, kor kjekt med så mange kommentarar! Tusen takk!

    Randi: Eg trur læraren er og blir ekstremt viktig. Det syner jo også forsking. Eg er viss på at læraren har kunnskap som er verdifull for elevane. Men eg trur læraren kan bruka kunnskapen sin til å laga læringssituasjonar der eleven spør etter kunnskap, og set denne inn i ein relevant og meiningsfull samanheng. At eg står framme og formidlar til 30 stk er effektivt. Men på prøven viser det seg at berre 50% fekk det med seg. Vi går likevel vidare i pensum. Dette har i alle høve vore stuasjonen i fleire av mine klasserom gjennom åra.

    Jens: Eg anar dine svar på spørsmåla under her! 😉 Eg trur vel samfunnet er i ferd med å gjennomgå så grunnleggande endringar at vår skulegang i vår tid omtrent ikkje kan samanliknast med det vi no ser. Dessutan trur eg ikkje det var så storveges den tida heller, eg var ein vinnar i det spelet, eg kjenner mange som ikkje var det.

  11. Jeg kjenner meg godt igjen i frustrasjonen over hvor sakte det går å forandre ting i skolen. Din nye skole ser jo ut til å ha veldig spennende ting på gang med et klart pedagogisk prinsippsom skal gjennomsyre hele organisasjonen, og det skal bli interessant å følge dere når dere kommer i gang!

    Samtidig synes jeg det er vanskelig å komme utenom en del av disse føringene som betinger mye av det vi gjør: alle elevene skal ha individuelle karakterer en eller gang (kanskje bare helt til slutt, hvis vi tar ny vurderingsforskrift helt bokstavelig?); sluttvurderingen av alle elever skjer i form av en individuell eksamen der det ikke bare ikke oppmuntres til samarbeid, men der dette er strengt forbudt. Elevene skal komkurrere om plasser i høyere utdanning på basis av disse tallene og stort sett ingenting annet.

    Det var tankevekkende å lese ditt innlegg i leseren og deretter komme rett på Bjørn Helges oppsummering fra NKUL. Han lister opp «momenter jeg tror blir viktige i det videre arbeidet mot velfungerende IKT-klasserom og -metodikk». Selv om han også peker på «propper i systemet», ser han massevis av handlingsrom for forbedring innenfor dagens skole. Jeg tror dere begge vil i samme retning. Men skulle jeg bruke merkelapper fra helt andre endringsprosesser ville jeg kanskje kalt hans tilnærming revisjonistisk og din revolusjonær!

    Er vi klar for revolusjon? Kan vi gjennomføre revolusjon uten å sprenge rammene for eksamens- og sorteringsregimet som styrer så mye av det vi driver med i dag? Når jeg ser på utviklingen i fraværet (nå har til og med media begynt å interessere seg for det), tenker jeg av og til at det mest realistiske alternativet til dagens skole er et system med frivillig skolegang der alle enten går opp som privatister eller der høyere utdanning driver sine egne opptak. Da kunne vi konsentrere oss om læring istedet for eksamensforberedelse.

    Men jeg er en ganske forsiktig person. Jeg synes vi skal pushe grensene (åpne for nye eksamensformer med tilgang til internett, for eksempel), men inntil videre er jeg nok mer tilbøyelig til å legge mer arbeid i de «revisjonistiske» tiltakene for å mer ut av det vi gjør i dag med de rammene vi har.

  12. Jørn: Som vanleg god og grundig kommentar. Eg er ein varm tilhengar av å finne handlingsrommet og ta det i bruk. Bjørn Helge si liste er heilt strålande. Men eg har ikkje problem med å starta arbeidet med å tenkja på konsekvensane Bjørn Helge si liste lagar: dess meir av dette, dess mindre høver rammene. Difor vil eg gjerne gjera to ting på ein gong! 🙂

  13. Tankevekkjande. Eg trur likevel individuelle ferdigheiter er grunnleggjande for godt samarbeid og gode nettverk. Som i alt lagspel.

  14. @johanhj Enig.
    I noen situasjoner tror jeg til og med manglende individuelle ferdigheter er livsfarlige. Sparer den lange tiraden om dette til workshopen 😉

  15. Johan og Martin: No har eg vel aldri sagt at eg er i mot individuell kunnskap og individuelle ferdigheiter. Men vi treng å verdsetja noko anna også, meir enn nokon gong før.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s