Å starte ein skule

Det er laurdag 21.august 2010, og Nordahl Grieg videregående skole er i gang. På tysdag som kjem er det stor offisiell opning, der elevar som har gått på skulen i fire dagar på det tidspunktet, står for underhaldning, guiding, dokumentasjon og anna aktivitet i bygget. Under kyndig leiing av lærarar som har arbeidd på skulen ca ei og ei halv veke. Same ettermiddag er det ope hus, også med elevar og lærarar i spissen. Det går rykter om ein eigen TV-kanal i emning, Facebook-grupper og -sider blir oppretta…det myldrar! Oppi dette har vi starta arbeidet i faga. Dei fleste elevane har fått PC. Eg trur vi seier oss nøgde med starten! Eg har god tru på at fortsetjinga også blir fantastisk. Eg er utruleg stolt av kva vi har fått til på så kort tid. Og eg er stolt av at dette har mykje med arbeidet leiargruppa har lagt ned på førehand å gjera. Resten av dette blogginnlegget skal handla om våren og sommarens arbeid, kva har vi gjort, og kva har eg lært.

I februar/mars var leiargruppa stort sett på plass. I løpet av nokre hektiske månader skulle vi bli samansveisa, bygga ein organisasjon, laga ein utviklingsplan og læra å leia ein skule. Samstundes skulle potensielle lærarar intervjuast og tilsetjast, samarbeidsplanane med UiB vidareutviklast. Eit bygg skulle ferdigstillast. Pluss ein del anna. Heldigvis hadde rektor Lin jobba med skulen i eitt og eit halvt år allereie. Og ass.rektor Lise, adm. leiar Bjørn Hallvard og fagleiar Anita hadde også nokre månader bak seg. Og ikkje minst: Lin og Lise hadde stor kompetanse i leiing i ein lærande organisasjon.

Vi starta arbeidet med utviklingsplanen tidleg. Gjennom dette arbeidet lærte vi alle utruleg mykje. I ein lærande organisasjon deler ein kompetanse og driv med metarefleksjon, og ein søker stadig å utfordra sine mentale modellar. Ein spør heile tida: Kvifor? Kan vi gjere dette på andre måtar? Eg utfordra og blei utfordra heile tida. Resultatet vart eit dokument som framleis ikkje er ferdig, no er det lærarane sin tur å setja sitt preg på det. Eit viktigare resultat vart ei leiargruppe der alle kjenner eigarskap til planen, og planen gir oss ei felles retning. Vi veit kvar vi vil, og vi vil same veg.

I løpet av våren har eg også erfart og lært at distribuert leiing er alfa og omega i ein lærande organisasjon. I våre møte må alle deltakarar ta ansvar for møteleiing og referatskriving kvar sin gong. Vi evaluerer alltid møta i til slutt, og alle må delta. Å ansvarleggjere alle i organisasjonen er utruleg effektivt. Våre møte fører til resultat og avgjerder, ingen misbrukar andre si tid. Eg kjenner ansvar for alt leiinga driv med, ikkje berre «mitt» område.

Til slutt: Eg har lært at vi ikkje har dårleg tid i skulen. Vi kan faktisk velge å gripe det handlingsrommet vi har, og forme vår eigen kvardag. Det fins eit rom mellom forskrifter og læreplanar, og skulekvardagen. Alt handlar om organisering og leiing. Og då meiner eg leiing på alle nivå.

Lin sa på den første planleggingsdagen at å jobbe på Nordahl Grieg skal vera eit av livets goder. For meg er dette sanning alt.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s