Arven frå romantikken

Noko av det kjekkaste eg veit som norsklærar, er å jobba med romantikken. Eg har ein sterk og langvarig kjærleik til perioden. Ut frå spennande filosofiske idear veks det fram eit nytt Europa, Noreg vaknar som nasjon, kunstarane får genistatus og produserer verk som framleis grip oss. Det moderne spirer fram. Men det eg syns er aller viktigast i klasserommet, er å hjelpa elevane til å sjå at store delar av romantikkens estetikk og tankegods framleis lever i beste velgåande. Vi er på mange måtar barn av romantikken, om vi likar det eller ikkje. Naturestetikken vår kjem derfrå. Utan den, ingen monstermast-debatt. Våre idear om nasjonen, om oss sjølve som noko særskilt – “typisk norsk”, kjem derfrå. Og ikkje minst kjem våre tankar om kunst derfrå. Vi hyller framleis det inspirerte geniet.

Men romantikkens kunstestetikk har ikkje hatt så heldige konsekvensar i skulen. Så seint som på slutten av 1980-talet, då eg var gymnasiast, var ein anten flink i norsk, eller ikkje. Ein kunne rett nok verta betre i rettskriving, men det å strukturera ein tekst, å skriva ei god novelle – det var ikkje noko ein kunne læra på skulen. Eg leverte pliktoppfyllande inn stilane mine og fekk dei att – med ein eller annan karakter rundt 5 på, og litt skryt. Eg var flink i norsk. Kvifor – kva det var eg gjorde rett, eller kvifor det ikkje gjekk endå betre, ante eg lite om.

Heldigvis øydela nokre gode norsklærarar dette pardigmet omtrent på denne tida. Laila Aase skal ha mykje av æra for å løfta fram klassisismens skriveopplæring, der eksemplum spela ei stor rolle. Elevar fekk jobbe med eksempeltekstar, herme etter dei, plukke dei frå kvarandre og sjå på delane. Skriveopplæringa vart mykje betre av dette, og ein kunne læra å skriva godt, på linje med å læra andre ferdigheiter.

Men framleis sit arven frå romantikken att i skulen. Vårt bilete av eleven har framleis det romantiske geniet som ideal. Aleine, med bøkene, veks ideane fram, og aleine skriv han inspirerte meisterverk. Det er det eleven kan produsera aleine, som betyr noko. Det å arbeida saman med andre er vel og bra, for å trena på sosiale ferdigheiter, men produkta som kjem ut av det, har lita vekt. Elevane forstår dette – skal dei skriva saman, deler dei oppgåva opp i passande delar, og så limer dei i hop til slutt. Og eigentleg forstår ingen vitsen, særleg ikkje dei flinkaste, det hadde vore mykje lettare å berre gjera alt sjølv.

Det er berre det, at livet utanom skulen har gått vidare. Det fins få arbeidssituasjonar der ein sit aleine og jobbar fram sine geniale idear. Samarbeidsevner er noko av det viktigaste arbeidgjevarar ser etter, og ein jobbar fram rapportar, produktidear, finansieringsløysingar etc, saman. Til og med forskarane, dei mest geniale, jobbar i prosjekt.

Skal vi for alvor bryta med romantikkens geniestetikk i skulen, må vi gjera noko med eksamen. Eksamen er heilt og haldent bygt på denne tanken om at det ein kan produsera aleine og uforstyrra, er det som har verdi. Det å kunna noko, betyr å kunna noko aleine. Og berre det. Norskeksamen er eit kroneksempel. Skriv ein lang tekst aleine. Eller skriv ein kort og ein lang tekst aleine. Det er klart at internett er ein stor trussel mot dette. Diskusjonar med andre om viktige problemstillingar blir fusk. Samskriving blir fusk.

Eg trur det er viktig å sjå på kva slags førestillingar som gøymer seg bak det vi gjer og står for. Eg trur romantikken fins i skulen framleis, og eg trur vi bør bli kvitt han, som noko anna enn historisk stoff. Eg kan framleis gleda meg over å undervisa i perioden og peika på kor store konsekvensar han har hatt, men eg kan ikkje tillata meg å ha det romantiske geniet som ideal for elevane mine.

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

8 thoughts on “Arven frå romantikken”

  1. Interessant lesning. Jeg har nettopp sitert Ken Robinsom i et blogginnlegg: “Great learning happens in groups”. Det er vel ingen som lever og arbeider i et vakuum!? Det må vi forberede elevene på, og ta konsekvensene av, i alle fag.

  2. Finfin ploggpost, Margreta. Flott at du blogger igjen!
    Jeg viste den til elevene mine som et godt eksempel på hvordan man kan si mye fornuftig med få ord, og den skapte livlig debatt om både læring, eksamen, romantiske verdier i skolen og gruppearbeid.
    Jeg har tre reaksjoner på det du skriver:
    1 Hvordan kan vi sørge for at flest mulig blir best mulig til å skrive, lese og reflektere over tekst?
    2 Vi må fortsatt jobbe med gruppe- og prosjektarbeid, men være mye mer bevisst på å innlære bevissthet og arbeidsrutiner som sikrer et godt læringsutbytte.
    3 Eksamen (og karakterfordelingen i norsk) MÅ forandres. Pr i dag kommer vi ikke unna at eksamen legger (alfor) sterke føringer for norskarbeidet i (særlig) vg3.
    Jeg har levert artikkel til Norsklærerens neste nummer der jeg tar opp en del av disse problemstillingene. Det ble ikke riktig så klartenkt (min feil) og utdypende (plassbegrensingens feil) som jeg skulle ønske, men det er da en start.

  3. Takk for kommentar Bjørn Helge! Veldig enig i det du skriver, og gleder meg til å lese artikkelen din. Jeg er med i en enquet om temaet i samme nr, tror jeg. Jeg tror også veldig på en systematisk skriveopplæring som strekker seg over tre år, der man jobber med noen ferdigheter i slengen, og lar elevene få mestre før man går videre. Korte tekster. Lite retting i helgene! 🙂

  4. Vil du vere norsklæraren min? Eg set pris på korleis du vevar romantikken inn her, du gav meg noko å tenkje på. Eg kjenner meg att i det du seier om å dele opp tekstar, om den einsame genieleven, og også om samarbeid som metode, som vert skufla bort som ein uviktighet idet Prøven med stor P kjem.

    Det heng jo ikkje saman at ein på død og liv skal “vere vener” og pare saman dei gode og dei dårlige for å skape likhet og samarbeid, slik at samtlige elevar er misnøgde med korleis ting vert gjennomført, både dei som må dytte dei mindre flinke elevane fram og gjerne gjere firdobbelt immanent arbeid sidan det er ting dei kan frå før, og elevane som vert dytta fram og aldri lærer noko, for så å sende samtlige elevar åleine inn til avgjerande eksamen. Det er dømt til å gå gale. Nesten, uansett.

    Eg er forsåvidt nokså skeptisk til konseptet karakterar, og til å dele inn klassar slik det vert gjort no, med alder som avgjerande (einaste) faktor. Menmen.

    Beklager at eg berre hijackar bloggen din slik som dette, men eg trur nok eg kjem til å lese meir her, i alle høve skal ein døme etter dei to øverste innlegga dine 🙂
    (Forresten så er knappen eg no skal trykkje på for å sende kommentaren feilstava)

  5. Hei Det som er! Tusen takk for kommentar, så kjekt å få ein ny lesar! Samarbeid er krevjande, og ofte trur eg ein rett og slett ikkje tenkjer på at også det skal lærast.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s