BETT 2012

Mitt første besøk på BETT er over, og det har vore nokre interessante dagar på mange måtar. Eg hadde blitt kraftig advart på førehand om kor kaotisk og stort det heile var, kor viktig det var med ein plan for besøket, osv. Eg laga ingen plan, i staden justerte eg ambisjonane, og eg er godt nøgd med det eg fekk ut av det. Vi snubla nesten inn på Stephen Heppel sin stand, og der var det akkurat klart for presentasjon av Saltash.net, ein skule (11-18) i Cornwall. Deira utgangspunkt for å satse digitalt, var nettopp at dei ligg i Cornwall, ganske langt ute på landet. Ved å gå frå Saltash til Saltash.net, kunne verda komme nærare. Dei har, i motsetnad til dei aller fleste britiske skular, opna for bruk at sosiale media, mobiltelefonar, etc. Dette gjer dei i kombinasjon med ekstensiv opplæring i nettvett – noko som sjølvsagt gir litt meir meining når nettet faktisk vert brukt fritt. Dei er ein skule med jordbruksfag, og dette har gitt spennande prosjekt som t. d. Recharge the Battery:


Eg kjem definitivt til å kontakta Dan Roberts som hadde presentasjonen, for å få vita meir, for dei er tydelegvis på veg til ein stad der læring ikkje lenger er avgrensa til klasserommet som han seier i videoen, og eg vil gjerne vita kva som skjer med timeplanar og faggrenser. Sjekk ut webkameraet Pigcam forresten!

Eg hadde også ein interessant prat med Connected, som utviklar Playstation brukt i læring. Det eg likte utruleg godt med deira tilnærming til GBL(game based learning), var at dei utviklar programvare som gjer at elevane kan laga spela sjølve. Dei må altså konstruera figurar, problem (som då sjølvsagt kan knyttast til mål i læreplanen) og storyboard. Seinare kan dei dela spela sine med andre på nett. Dette trur eg har stort potensiale, og eg kjem til å skriva meir om dette, førebels slit eg litt med at nettsida deira er litt lite konkret.

Til slutt: Messa fløymde over av læringsplattformar i alle fasongar, og kontroll/styringsverktøy for skulane. Litt kjedeleg. Eg er også einig med Eva som skriv om at det meste framleis handlar om fancy formidling. Men innimellom er det altså lyspunkt som Saltash!

Idealisme og realisme

Eg er ein idealist. Eg lever med eitt bein i dagdraumane og bileta av korleis verda burde vera, og eitt i kvardagen. Eg er i skulen for å endra verda. For å bety noko for nokon, for å utgjera ein skilnad for nokon. Eg har søkt makt no, eg sit i skuleleiinga. Det er fordi eg trur eg kan påverka, gjera endå meir frå ein slik posisjon. Skal ungdomane våre tora å ta det store ansvaret vi ventar av dei, må vi både setja dei i stand til å agera i ei stadig skiftande verd med informasjonsoverflod, vi må gi dei mot til å følgja draumane sine, og kunnskap til å handla på. Vi må gi dei medvitne verdiar, så dei kan velgja mellom rett og gale. Eg ser det som mi oppgåve å få dette til. Eg syns ikkje skulefolk skal ha mindre ambisjonar.

I februar arrangerer vi vår andre framtidskonferanse. Det er ein 3-dagars konferanse for elevane på vår skule. Innhaldet er ei blanding av mindre workshops og store føredrag, og temaet i år er “Teknologi og menneskeverd”. Målet med framtidskonferansen er å inspirera elevane til å våga å tenkja store tankar om framtida, til å ynskja å ta ansvar, og til å finna det motet som skal til. Det gjer vi mellom anna ved å invitera kunnskapsrike og spennande menneske som kan snakka med elevane våre om sider ved denne tematikken. Menneske som kombinerer idealisme og realisme. Mads Gilbert, Eskil Pedersen og Øyvind Strømmen, Jon Wessel-Aas og Synnøve Kvamme, er berre nokre av dei som kjem.

Det er det som skjer i kvardagen som betyr mest, sjølvsagt. Alle timane saman med kunnskapsrike og gode lærarar. Men eg håpar at det å gi elevane noko ekstra, fordi dei er det viktigaste og finaste vi veit, også kan bety noko.

Så – idealisme er grunnleggande, vågar eg å påstå. Også må ein ha eit klima der idealisme kan kombinerast med realisme, der idear kan bli til røyndom. Der du kan leika saman med andre som seier “Det er klart vi får det til!”, i staden for “Joda, men…”. Det kjennest fint å sjå dagdraumar bli til røyndom.

daydreaming