Kjenn deg sjølv

Image: 'The thinker'
http://www.flickr.com/photos/53611153@N00/5827849044
Ein fin morgon. Eg står opp 20 min seinare enn vanleg og gir meg god tid med kaffien. Bestemmer meg for ein seinare buss. Legg eit par brikker i Wordfeud, sjekkar Facebook, sjekkar Twitter. Der finn eg ei lenke frå Bjørn Helge om tidslinjer i googledocs, og plutseleg får eg ein ide til eit forum for elevar. Meir om dette seinare dersom det vert noko av, ikkje alle gode idear er realiserbare, men nokon er. Det viktige er å ordna seg slik at ein «høyrer» sine eigne gode idear. Og det neste som hender, er at eg startar å utforme dette blogginnlegget i hovudet, det blir litt vanskeleg å koma seg ut av huset, for hovudet vil ikkje svitsja frå kreativ modus til kvardag – pusse tennene, kle seg, låse døra. Eg må konsentrere meg for å vita OM eg faktisk pussa tennene eller ikkje. Hovudet skriv blogginnlegg. Heldigvis har eg iPad m 3G, og kan bruka bussturen til jobb til å få skriva ned den gode ideen, og starta blogginnlegget. Er eg heldig, får eg fullført det på jobb, før eg må snakka mykje med andre og starta med andre oppgåver.

Eg er heldig. Eg kan ofte bruka flexitidordninga til å laga meg slike morgonar. I det siste har eg blitt flinkare til å faktisk gjera det. Ein gong i veka, prøver eg å få til. Det er ein gevinst for jobben, og heldigvis har eg leiarar som ser det. Eg treng litt aleinetid for å vera kreativ. Og det er eg faktisk tilsett for å vera.

Det er mange år sidan eg fann ut at slike stunder om morgonen er den beste tida mi, og ganske mange år sidan eg fann ut at eg kan vera kreativ, få gode idear om eg sit slik og glor. No har eg nett lese ei bok av Susan Cain: Quiet. The Power of Introverts in a World That Can’t Stop Talking. Den handlar som tittelen seier, om skilnaden mellom introverte og ekstroverte menneske, og korleis det amerikanske samfunnet i løpet av det 20. århundret vart meir og meir eit samfunn for ekstroverte. Dette er ikkje heilt overførtbart til det norske samfunnet, men det som eg tek med meg etter å ha lese boka, er endå ei stadfesting av kor viktig det er at ungane våre får lov å ta utgangspunkt i seg sjølve, også i læringsarbeidet sitt. Vi bør bruka mykje meir tid, heilt frå barneskulen, til å la ungane fortelja oss, og seg sjølve, korleis dei likar å lære, korleis dei kjenner seg i gruppesamansetningar, om dei likar å sitja aleine å jobba, etc. Og så må vi gi dei høve til å velga strategiar som høver dei, og til å utvikla fleire strategiar etterkvart. Korleis er det for elevar som har det som meg, at dei treng litt aleinetid for å tenkja godt om noko, å koma i klasserommet om morgonen og bli kasta rett inn i eit gruppearbeid? Gir vi slike elevar tid og ro til å tenkja? Og kva med dei som fungerer best om kvelden? Kunne dei fått fri nokre morgontimar, og i staden jobba på kveldstid og levert arbeid digitalt?

Det handlar ikkje om at individualisme er saliggjerande til ein kvar tid. Skulen skal også læra elevar å setja til side eigne behov til fordel for felleskapen. Elevar som ikkje taklar gruppearbeid må trena på det. Elevar som ikkje kan konsentrera seg aleine, må trena på det. Men det handlar om å bevisstgjera elevane på kven dei er, kva dei treng og korleis dei skal jobba for å utvikla seg. Det handlar også om å sjå alle, og godkjenna ulike veremåtar. Også når det fører oss ut av eit rigid system der alle gjer det same samstundes heile tida.

For meg er det godt å bli sett for den eg er, og få rom til å utnytta mine sterke sider. Det er ikkje minst godt å vita kva som er dei sterke sidene mine, då er det også lettare å akseptera dei svake, og gjerne jobba litt med dei. Brukar vi nok tid på å snakka om dette med elevar, eller er det berre nokre spørsmål i ein oppstartssamtale som vi ikkje føl opp?

Advertisements