Kjetteri: Livet utan It’s learning

Eg kjenner mange svært gode lærarar som er glade i læringsplattformen sin, f. eks it’s learning. Eg brukar it’s learning sjølv, kvar dag. Kan vi tenkja oss skulen utan læringsplattform? Og kvifor bør vi i alle høve tora å utfordra oss sjølve på at det kan vera mogleg?

Mi største innvending mot læringsplattformen, er at det er eit lukka system. What goes in, stays in. Dette støttar opp om skulen som eit lukka system utanfor samfunnet, der alt er på liksom. Elevprodukt blir laga for læraren. Det er utruleg enkelt i 2012 å laga meir utovervende produksjonssituasjonar, f. eks ein blogg. Ein elev hjå oss fekk respons på bloggen sin av forfattaren av den artikkelen ho hadde skrive om. Kva gjer det med skrivelyst og kjensle av betydning? Les forøvrig denne flotte artikkelen om ein lærar som bloggar med 6-åringar.

Dessutan: Rollene i læringsplattformen støttar eit lærarsyn der læraren legg alle premissane for opplæringa. Elevane er deltakarar på eit lågare nivå med færre rettar. Elevane kan ikkje t. d. legga ut eit oppslag i eit fag, sånn utan vidare, om dei skulle komma over eit tips til medelevar, etc. Lærar er produsent av informasjon, elevar er konsumentar og reprodusentar. Kvifor er Facebook-sider der elevar og lærarar diskuterer fag så vellukka, kvifor vel ein ikkje diskusjonsforum i it’s learning?

Kan vi klara oss uten LMS? Kven tapar på ein skule som ikkje brukar LMS? Læraren eller elevane? Eller begge? Eller ingen? Håpar dette var spisst nok til å få ein skikkeleg debatt!

Advertisements

Apple Teacher Institute 2-5 april 2012, Cheltenham College

Då var eg vel heime att frå kurs i bruk av iPad i skulen, og det er tid for ei lita oppsummering. Det aller kjekkaste med dette kurset var workshop-profilen det hadde, her var det korte innføringar (5 min) i korleis div appar verkar, og så var vi igang med å laga produkt med dei. Det seier litt om kor enkle desse verktøya er i bruk. Her var det lite pedagogisk refleksjon, og det var heilt greitt, faktisk. Lær å bruke, og tenk og diskuter i ettertid korleis dette vil gje pedagogisk meirverdi i ditt klasserom. Det var også kjekt å vera saman med lærarar frå barnetrinn og ungdomstrinn, som gjerne har andre tilnærmingar til bruken av iPad. Det blir spennande å sjå om dette vil ta av i norsk grunnskule, det er tydeleg at britiske lærarar ser eit enormt potensiale. I alle høve dei som var på kurs! Eg forstår godt kvifor, igjen, det enkle og intuitive.

Anne og eg laga ei iBook i iBooks Author som sluttprodukt, der vi skildra appane vi lærte å bruke, og viste fram produkta våre. Vi filma boka for å vise den i sluttpresentasjonane. Her er filmen:

Norwegian iBook from ATI 2012 from Teacher Institute on Vimeo.

Dersom nokon er interessert, send meg ei epostadresse, så deler vi boka via Dropbox. Du treng ein iPhone eller iPad for å opne boka i iBooks.

På Vimeo ligg også alle dei andre sluttprodukta som vart framvist, eg vil sterkt tilrå å ta ein kikk. Eg fall spesielt for denne, som ei gruppe walisiske lærarar laga:

Three Welsh Folk Tales from Teacher Institute on Vimeo.

Som sagt, lite pedagogisk refleksjon frå kurshaldarane, men eLearningLaura, ein av deltakarane på kurset, laga ein video om Workflows in the Classroom, som eg absolutt vil tilrå. Kort oppsummert: planlegg godt før du set i gang i klasserommet, vit kva mål du har for læringa, lag ei løype gjennom app-bruken.

Oppsummert: Det aller beste med bruk av iPad i klasserommet, er brukarvennligheita. Du treng lite tid på innføring før elevane går i gang. Tidsbruk på f.eks ein film, er heller ikkje avskrekkande, og alt kan gjerast på iPad’en. Vi brukte to timar på animasjonsfilmen vår, totalt. Ipad vil, brukt rett, generera mykje elevaktivitet. Og eg vil absolutt tilrå lærarar å reisa på Apple Teacher Institute neste år.