Digital eksamen! No!

Sist veke hadde eg den store gleda av å besøka BI2020, ein dagskonferanse på BI i Oslo, saman med to elevar som gav nokre smakebitar på korleis dei jobbar digitalt. Det var ein stor suksess, som dei som er interesserte, kan lesa om i blogginnlegg frå Tor Haugnes og June Breivik. Kort sagt var omkvedet etter presentasjonen at høgskule- og universiteta ikkje er heilt klare til å møta elevane sine forventningar til digitale arbeidsmåtar.

Eg trur dei har litt tid på seg. Det er nok sant, som elevane sa, vi kan tilpassa oss. Det som hastar, slik eg ser det, er å digitalisera eksamen. Eg vil seia det så sterkt som at dei høgskulane og universiteta som kan tilby bruk av elektronisk tekstbehandling til eksamen, vil ha eit enormt konkurransefortrinn som dei bør vita å bruka. Å skriva eksamen for hand krev ein heilt annan måte å tenkja på enn det ein er vane med i 2012. Redigeringsfunksjonane i tekstbehandling gir heilt andre måtar å bygga opp tekst på. Eg trur ikkje studentar som skriv for hand på eksamen får vist sitt beste. Og det vil vi vel at dei skal?

Dette er trinn 1. Så langt er det vi er komne i vgs. Neste trinn er å ta innover seg at internett eksisterer. Her har vi alle ein veg å gå. I vår initierte Utdanningsdirektoratet forsøk med bruk av internett på eksamen. Vår skule deltok, og dette var vel og bra. Men forsøket gjekk etter mitt vit altfor beskjedent til verks. Ikkje berre var det få fag som deltok, men kommunikasjon var framleis ikkje tillete. Ein opna altså nettet, og så måtte elevane bli påpassa av vakter slik at dei ikkje fuska. Ein treng ganske mange vakter, for å seia det slik. Eg ser ikkje heilt for meg at denne forma har framtida for seg, ho blir altfor ressurskrevjande for skulane.

Og då har vi kome dit, at vgs kan læra av universitet og høgskule, som i mange år har hatt heimeeksamen med påfølgande munnleg eksamen. Eg meiner at dette er vegen å gå for å kunna bruka digitale verktøy på gode måtar til eksamen. Først oppgåver som kan løysast med alle hjelpemiddel tilgjengelege og gjerne i samarbeid med andre, med høge krav til kjeldebruk. Deretter munnleg eksaminering med utgangspunkt i oppgåva. Ein treng ikkje tenkja seg 14 dagars heimeeksamen, ein kan både tenkja oppgåver av mindre omfag, og mappearbeid gjennom året.

Slik det er i dag, hindrar eksamensforma verkelege, grunnleggjande endringar i vgs, som tek den digitale revolusjonen på alvor.

Kva skal vi gjera med kunnskapsaktivistane?

“Kunnskapsaktivister”, kallar Monitor 2011 dei. Du kjenner dei sikkert. Faktisk er det store sjansar for at du er ein av dei, sidan du har rota deg inn på denne bloggen. Kunnskapsaktivisten er eit oppkomme av nye idear som han ikkje er redd for å prøva ut i klasserommet. IKT i klasserommet opnar for endå fleire moglegheiter enn han såg før. Han har tankar om korleis skulen og klasserommet burde vera som han prøver å få med seg leiinga på. Han reiser gjerne på konferansar der han treff likesinna. For heime på skulen, der er han sørgeleg aleine.

Kunnskapsaktivisten er ein ressurs for leiinga på skulen, men også ei hovudpine. Dei vil gjerne støtta og oppmuntra, men mange av ideeane til kunnskapsaktivisten vil involvera andre lærarar og det er ikkje alltid dei har så lyst på endring. Så dei gjer det som er lettast: Dei oppmuntrar og støttar ved å lata han få reisa på dei konferansane han vil, og prøva ut det han ynskjer i sitt eige klasserom, så lenge det ikkje er altfor dyrt og revolusjonært. Av og til legg han fram på skulen kva han driv med. Han får mange klapp på skuldra, så skjer det ikkje så mykje meir.

Er dette eit problem? Ja og nei. Eg kjenner mange av desse eldsjelene, og gudene skal vita at dei inspirerer og skapar kreativitet rundt seg – særleg ved hjelp av blogging og twitter. Mange har fått fart på seg etter å ha høyrt ein kunnskapsaktivist på ein konferanse. Dei er ein uvurderleg ressurs for skule-Noreg. Men nokre av dei slit seg heilt ut. Og det er knallhardt å stå på i eit lett uinteressert kollegium, sjølv om leiinga ikkje motarbeider. Og skulen nyttar ikkje kunnskapsaktivisten sin kompetanse på nokon god måte, dei får lite att. Han kan faktisk bli ei sovepute for leiinga.

Så kva skal vi gjera? Korleis blir slike eldsjeler tatt godt vare på slik at deira kunnskap og kompetanse kjem heile skulen til gode? Korleis sørger leiinga for ei brei kompetanseheving og utvikling der alle er med? Køyr debatt!