Ny gammal munnleg eksamensordning

På torsdag hadde eg det privilegiet å få diskutera kunnskapsleiing for framtida med Paul Chaffey, saman med andre i leiargruppa vår. Noko av det viktigaste vi snakka om, var at det bør bli mykje meir dialog mellom skuleleiarar og andre delar av samfunnet, både offentleg og privat sektor. Kva skal vi utdanne til? Kva er framtidas kompetanse?

Etter møtet fekk eg høringsforslaget frå Utdanningsdirektoratet vedrørande endringar i eksamensforma til munnleg eksamen rett i fjeset på Facebook. Nokre dagar vert kontrastane større enn andre. No går diskusjonen på Twitter og sikkert andre stader, om detaljane i høyringsforslaget. Kort sagt, for dei uinvidde: Anten fjernar ein førebuingsdelen heilt, gir kandidaten to dagar på å lesa, og så er det eksamen. Ellers gir ein 24 timar førebuing, men fjernar ein førebudd presentasjon, og nektar kandidaten notat. Det gjeld forøvrig sjølvsagt det første forslaget også.
Eg er deprimert over den manglande evnen og viljen til å heva blikket ein smule. Ikkje i direktoratet, dette er vel det nivået dei skal ligga på, men i departementet, som har bedt om høyringsforslaget. Ein ser problem med noverande munnlege eksamensordning. Då går vi attende til det andre vi kjenner til, det vi hadde før. Kva med å seia: Har vi eksamensformer som måler den kompetansen vi meiner er viktig for framtida? Bør vi sjå litt på heilskapen her?
Harvard-professor Tony Wagner har blitt kjend for sine «Seven skills» vi treng i framtida:
1. Problem-solving and critical thinking;
2. Collaboration across networks and leading by influence;
3. Agility and adaptability;
4. Initiative and entrepreneurship;
5. Effective written and oral communication;
6. Accessing and analyzing information;
7. Curiosity and imagination
Her er det mykje å diskutera. Mykje av dette er alt inne i læreplanane våre. Heldigvis. Men eksamen heng milevis etter. Kunne dette vera eit utgangspunkt for å tenkja nytt? Eller er det ingen interesse for det? Eksamensordningane har mykje å seia for det som skjer i skulekvardagen. Dette høyringsforslaget fører ikkje skulen framover.
(Dersom nokon er interessert i kva konkrete endringar eg ser for meg, kan dei lesa dette innlegget)
Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

4 thoughts on “Ny gammal munnleg eksamensordning”

  1. Eg er fullstendig samd med det du seier. Las først høyringsutkastet i dag, og er enno så sint at eg rister. Har 10. klasse i norsk og naturfag, og eg er i alle fall glad for at vi får bruke 48 timar førebuing i vår. Det er ikkje vanskeleg å avsløre elevar som har fått andre til å lage presentasjonen sin dersom sensor gjer jobben sin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s