Den skuledebatten eg ynskjer meg

Denne veka skreiv Sjur Holsen ein kommentar i BT, der han kalla norsk skuledebatt provinsiell. Bakgrunnen var Khan Academy og dei utfordringane denne type nettskular gir. Sjur Holsen har heilt rett. Det er snart val, og vi skal diskutere karakterar frå 5. klasse og skulemat. Alle meiner noko om skule, også journalistar. Dei har jo gått der.

Eg meiner skulesystemet har rotna på rot. Det er ikkje eit norsk fenomen, det gjeld i alle land som har adoptert industrisamfunnet sin skulemodell frå 1800-talet og framover. Ein samlebandmodell for effektiv drift var løysinga for å kunna utdanna massane den gongen. Modellen har vi framleis: Alle på same alder på eit trinn, 30 elevar – 1 lærar, alle lærer det same samstundes, går like fort framover og tek eksamen samstundes. Og når modellen ikkje fungerer, lappar vi på han, med støtteundervisning, etc. Men vi er framleis inne i modellen – sjølv om vi freistar å stange mot rammene. Om nokon skulle tru at eg har tenkt alle desse kloke tankane heilt sjølv, så kan dei lesa Clayton Christensen si bok Disrupting Class, eller sjå Ken Robinson sitt fantastiske føredrag…. eller sjå Sugata Mitra sitt siste føredrag på TED.

Systemet har vore rote lenge. Men teknologiutviklinga tvingar oss til å sjå det. Og det går fort. Så er det ikkje berre berre å finne heilt andre måtar å drive skule på, sånn i ei handvending. Men mange prøver mykje interessant. Den amerikanske RISC-rørsla er eit døme. Ingen karakterar, ein går vidare når ein meistrar det ein driv med. OECD snakkar om «innovative learning enviroments», det er mykje kunnskap å hente der. 

Eg skulle ynskje Kunnskapsdepartementet ville ta dette alvorleg, og starte ein stor dialog om korleis skulen skal vera i framtida. Ein av mine kjepphestar er at då må vi snakka om læringssyn – og menneskesyn. For industrimodellen har gitt oss ein god del grums i bagasjen. Det er vanskeleg å få folk – både i og utanfor skulen, til å slutta å snakka om «sterke» og «svake» elevar. Eller «dei som VIL læra» og dei som ikkje vil. Sjølv om vi veit at systemet passar for visse typar, og ikkje for andre. Som misser sjølvrespekten og dett ut. På guteromma sit det ein stor gjeng av dei «som ikkje VIL», og samarbeider tett med andre, oppviser stor kreativitet og løyser ekstreme utfordringar – i dataspel. Er det nokon vi treng, så er det folk med slike ferdigheiter. Til dømes.

Så kjære Sjur Holsen, kjære Kristin Halvorsen, kan ikkje vi alle ta den verkeleg store debatten, både i aviser og politikardebattar? Kva treng vi å kunna i framtida? Og kva skule treng vi?