Kva er god læring og kvar føregår det?

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserte Ingunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen. Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten «The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise» (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).
45983813The nature of learning cover 150
I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som «blended learning» og «informal learning» er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet «Horisontal Connectedness», som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.
OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.
Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok «Net Smart» og det han kallar «Crap Detection». Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
Photo 23.01.14 20 47 48
Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

7 thoughts on “Kva er god læring og kvar føregår det?”

  1. “Champions aren’t made in gyms. Champions are made from something they have deep inside them-a desire, a dream, a vision. They have to have the skill, and the will. But the will must be stronger than the skill.”
    ― Muhammad Ali

    Connectedness, men alle kilder du drikker av er ikke gode, alle som blogger er ikke mer verdt å lytte til fordi de er på nett, vår tid på jorden er begrenset, støy er ikke bare høye lyder, sosiale media er kanskje ikke særlig sosiale, en lærer men tekster i teksten, i oss lever mange liv, men spørsmål er kanskje bedre enn svar, dialog defineres ikke av teknologi, undringens tid er forhåpentlig ikke forbi,

    “So in America when the sun goes down and I sit on the old broken-down river pier watching the long, long skies over New Jersey and sense all that raw land that rolls in one unbelievable huge bulge over to the West Coast, and all that road going, and all the people dreaming in the immensity of it, and in Iowa I know by now the children must be crying in the land where they let the children cry, and tonight the stars’ll be out, and don’t you know that God is Pooh Bear? The evening star must be drooping and shedding her sparkler dims on the prairie, which is just before the coming of complete night that blesses the earth, darkens all the rivers, cups the peaks and folds the final shore in, and nobody, nobody knows what’s going to happen to anybody besides the forlorn rags of growing old, I think of Dean Moriarty, I even think of Old Dean Moriarty the father we never found, I think of Dean Moriarty.”
    ― Jack Kerouac, On the Road

  2. Eg starta dagen på kontoret med å lesa eit kapitel av ei bok, nei ikkje Kerouac, men eg las eit vakkert avsnitt nett no. Takk, Børge. Det er fint du minnar om dagane som det kvar dag blir mindre av. Eg òg vil ha meir tid til undring. Ny teknologi gjer vel alt mykje raskare og då kan me sitta i fred å undra oss.

    Kapitlet eg las heite «Kompleksitet – system og samspill i naturens mangfold». Boka nemner «smarte ski», «smarte klede», «smarte hus», «smarte bilar» og «smarte medisinar» men ikkje «smart læring». Eg skal snart lese boka «Smart læring» av Arne Krokan og då finn eg vel ut om eg får meir tid å undra meg, meir tid til å læra noko nytt eller meit tid til å vera smart.

  3. Kjell Arild, håper du bruker påsken til det! Dette er en av de viktigste bøkene skrevet på norsk – på lenge! 🙂 Som Smart-nettverksdeltaker er det en dyd av nødvendighet ;-D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s