Ein norsklærar vender attende

Dette har hendt: Eg har vore på mitt livs eventyr, og det er ikkje slutt enno. Det å få vera med på å bygga opp ein skule frå grunnen av har vore altoppslukande, og heilt fantastisk. Men det har ikkje vore mogleg å fordjupa seg i noko som helst anna. Difor har norsklærar Tveisme vore pensjonert, og dei store debattane som har vore kring norskfaget, har eg fulgt med eit halvt auga. Men no skal eg altså dyppa ei lita tå ned i norskfaget igjen. Eg skal dela ein påbyggsklasse med ein annan lærar, og er på den måten attende til utgangpunktet, der eg starta for snart 17 år sidan. Også fordi eg igjen skal få samarbeida med og læra av ein superdyktig kollega. Det treng eg, fire år utanfor faget er lenge. Mykje har hendt i faget også. Og då er vi ved poenget med dette innlegget. Eg treng hjelp til å forstå ein del av det som har føregått. Det som kjem vidare her, kjem nok til å høyrast ganske kritisk ut, kanskje til og med konservativt. (Gulp!) Men eg ynskjer ikkje først og fremst å kritisera, eg treng hjelp til å finna kjeldene, diskusjonane og det som har ført fram til den læreplanrevisjonen eg no sit med.

Det er lurer mest på, er endringa i sjangertermar. Borte er novelle, kåseri, artikkel og essay, inne er «kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster»(vg 3 påbygg). Kva er grunngjevinga for dette? Eg reagerer særleg på inndelinga kreative, informative og argumenterande. For det første: Er det noko i vegen for at ein tekst kan vera alt dette? For det andre: Vil ikkje dette berre vera tildekkande, og føre til at ein lærar seier til eleven at «kreativ» tyder anten novelle, kåseri eller essay, og «informativ» tyder artikkel? Er meininga at elevane skal få større fridom til å eksperimentera? Men då må lærarar vera villige til å vera med på leiken. Eg meiner eksamensoppgåva som vart gjeven i hovudmål i år, der eleven skulle skriva ein kreativ tekst, var eit godt døme på at dette er tildekkande og forvirrande. Elevar valde forteljing eller novelle-sjangeren, og det viste seg å vera feil. Fordi oppgåva sa dei skulle reflektera. Men kva om elevane let ein hovudperson i ei novelle reflektera over tematikken i tekstane som var oppgitt? Er det framleis feil?

Så har eg nokre kommentarar til læreplanmåla for påbygg. Her er to ulike læreplanmål:

1. skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål

2. skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster

Kvifor er ikkje dette eitt mål? Ja, eg ser skilnaden, men det kan då umogleg vera meininga at elevane skriva informative tekstar som ikkje har utgangspunkt i norskfaglege tekstar, og informative tekstar som har det? Absurd blir det om ein seier det same om litterære tolkingar. Her må det ryddast.

Og sånn bortsett frå det, det skal bli herleg å koma i gang!