Ein norsklærar vender attende

Dette har hendt: Eg har vore på mitt livs eventyr, og det er ikkje slutt enno. Det å få vera med på å bygga opp ein skule frå grunnen av har vore altoppslukande, og heilt fantastisk. Men det har ikkje vore mogleg å fordjupa seg i noko som helst anna. Difor har norsklærar Tveisme vore pensjonert, og dei store debattane som har vore kring norskfaget, har eg fulgt med eit halvt auga. Men no skal eg altså dyppa ei lita tå ned i norskfaget igjen. Eg skal dela ein påbyggsklasse med ein annan lærar, og er på den måten attende til utgangpunktet, der eg starta for snart 17 år sidan. Også fordi eg igjen skal få samarbeida med og læra av ein superdyktig kollega. Det treng eg, fire år utanfor faget er lenge. Mykje har hendt i faget også. Og då er vi ved poenget med dette innlegget. Eg treng hjelp til å forstå ein del av det som har føregått. Det som kjem vidare her, kjem nok til å høyrast ganske kritisk ut, kanskje til og med konservativt. (Gulp!) Men eg ynskjer ikkje først og fremst å kritisera, eg treng hjelp til å finna kjeldene, diskusjonane og det som har ført fram til den læreplanrevisjonen eg no sit med.

Det er lurer mest på, er endringa i sjangertermar. Borte er novelle, kåseri, artikkel og essay, inne er «kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster»(vg 3 påbygg). Kva er grunngjevinga for dette? Eg reagerer særleg på inndelinga kreative, informative og argumenterande. For det første: Er det noko i vegen for at ein tekst kan vera alt dette? For det andre: Vil ikkje dette berre vera tildekkande, og føre til at ein lærar seier til eleven at «kreativ» tyder anten novelle, kåseri eller essay, og «informativ» tyder artikkel? Er meininga at elevane skal få større fridom til å eksperimentera? Men då må lærarar vera villige til å vera med på leiken. Eg meiner eksamensoppgåva som vart gjeven i hovudmål i år, der eleven skulle skriva ein kreativ tekst, var eit godt døme på at dette er tildekkande og forvirrande. Elevar valde forteljing eller novelle-sjangeren, og det viste seg å vera feil. Fordi oppgåva sa dei skulle reflektera. Men kva om elevane let ein hovudperson i ei novelle reflektera over tematikken i tekstane som var oppgitt? Er det framleis feil?

Så har eg nokre kommentarar til læreplanmåla for påbygg. Her er to ulike læreplanmål:

1. skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål

2. skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster

Kvifor er ikkje dette eitt mål? Ja, eg ser skilnaden, men det kan då umogleg vera meininga at elevane skriva informative tekstar som ikkje har utgangspunkt i norskfaglege tekstar, og informative tekstar som har det? Absurd blir det om ein seier det same om litterære tolkingar. Her må det ryddast.

Og sånn bortsett frå det, det skal bli herleg å koma i gang!

 

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

3 thoughts on “Ein norsklærar vender attende”

  1. Velkommen tilbake! Eg har sjølv grubla ein del på dette. Eg veit om ein elev som skreiv resonnerande tekst på rim (kreativ) på eksamen og fekk seks. Men denne elevtypen er vel ikkje heilt gjennomsnittleg. Samstundes – sjangerkrava har vel óg vore noko strenge og ikkje heilt i takt med alle dei teksttypane som td gror fram frå all nettpraksisen. Vel – gler meg til å følge med på bloggen her, men fyrst: ferie!

  2. Tusen takk for kommentar! Eg er imponert over at nokon orkar i ferien. 🙂 Eg forstår det du seier om at det veks fram nye sjangrar og at ein har vore for rigid i sjangerkrava, men eg veit ikkje om eg tykkjer løysinga er god. Eg har fått tips om å lesa rettleinga til eksempeloppgåvene som kom i vinter, det skal eg gjera, og så håpar eg denne debatten kan ta seg opp i august, når alle har hatt velfortent ferie. Om ikkje alle streikar, då.

  3. Då har eg lese «Revidert læreplan og eksamen» frå Udir 2014. Denne rettleiinga gjev ei svært kort forklaring på dei nye sjangertermane: «I norskfaget skal elevene arbeide med et stort mangfold av tekster i ulike sjangrer og medier. Fordi sjangrer endrer seg over tid og kan variere mye, har læreplanen mer overordnete begreper for ulike typer tekster(…)». Dette er i tråd med det som blir nemnt av Hernesvold i kommentaren over, og også eit argument nokre var inne på på Twitter i går. Men mitt spørsmål er om det blir god skriveopplæring av det? Det er skilnad på å vera romsleg i ei vurdering av ein elevtekst som bryt med dei klassiske sjangrane læreplanen tidlegare opererte med, og det å driva skriveopplæring utan sjangerdefinisjonane. Eller? Det er særleg denne kreative teksten eg er skeptisk til. Vender vi oss vekk frå Laila Aase – paradigmet med sjangeropplæring og eksempeltekstar, som eg er skulert i, og tilbake til eit meir romantisk paradigme der læraren skal synsa rundt grad av kreativitet i elevtekstar, og eleven må håpa på å vera kreativ nok? Og då er vi tilbake til spørsmålet eg så gjerne vil ha svar på: Kvar er den norskfaglege, skrivepedagogiske grunngjevinga, laga av norskdidaktikarar? Kvar kjem det teoretiske bakteppet frå? Eg vil lesa!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s