Om lærarar og lektorar og førestillinga om at alt var betre før

Førestillinga om at alt var betre før, ligg djupt i oss alle. Prøv å legga inn ein liten kommentar i den retninga i uforpliktande samver; støtta kjem umiddelbart. Så er det ein del som tek seg i det, og humrar litt om Aristoteles. Men vi har det i oss, dei aller fleste. Psykologane kan sikkert forklara kvifor

Det er lærarstreik. Lærarane streikar for å få behalda ei arbeidstid på ca 43 timar i veka, der 13 timar kan nyttast kvar ein måtte ynskja, og kva tid på dagen ein måtte ynskja. Så enkelt er det, og for dei som framleis ikkje har fått det med seg, er det nok viljen og ikkje vitet, det skortar på. Men det er berre difor lærarane streikar. Ikkje fordi dei tykkjer dei har verdens dårlegaste arbeidsplass. Det skulle ein ikkje heilt tru, når ein ser kva for ytringar som kjem opp i samband med streiken. Det er så mykje som føl med ei hes, som svigerinna mi seier.

Lengst gjekk prosfessor i internasjonal pedagogikk, Arild Tjeldvoll, i sin kronikk «Lærerstreiken er en tapt sak» denne veka. «Lærerne har blitt proletarisert og skolens faglige resultater har sunket». Men det er ikkje lærarane si skuld: » Skylden ligger i den skolepolitikken som har vært ført etter krigen og den pedagogiske forskningen som trofast har støttet denne politikken. Det har vært skolepolitikk som sosialpolitikk». Somme anar nok kvar vi skal no, og ja, dit skal vi. For å seia det kort. All slags ungar og ungdomar har kome inn i vanleg skule, læraren har blitt sosialarbeidar, og fag er ikkje viktig lenger. Men forteljinga til Tjeldvoll har ein helt: Lektoren. Vi må unna oss eit sitat til: «Det som trengs er en strategi for å gjenreise den faglige skolekulturen vi hadde i tiden med realskole, landsgymnas og lektorer med seks års utdanning fra universitetet. Lektorene var så viktige at de var embetsmenn, utnevnt av Kongen i statsråd. I første del av forrige århundre utdannet de den hjernekraften som senere gjorde landet sterkt økonomisk, teknologisk og kulturelt».

Kort sagt, lærarane (dei lærarskuleutdanna) har vore så teite at dei ikkje har sett kva som skjedde med skulen, men det er ikkje deira feil, dei har blitt hjernevaska. Så mykje for støtta.

Men vi må snakka litt meir om lektorane. I BT i dag er Ingebjørn Bleidvin inne på noko av det same i kronikken «Den makteslause læraren» (takk for den). For å svara på kva som har gått så gale, viser han til to pedagogikk-forskarar som mellom anna skal ha peikt på at «Allmennlæraren tok over for den fagleg sterke lektoren». Ja, kva skal ein eigentleg med fiendar, med slike vener?

Først litt opplæring: Allmennlæraren er den gamle «læraren». Han er utdanna på lærarskulen, i gamle dagar på «seminaret», som det heitte. Han underviser primært i grunnskulen, tidlegare i folkeskule og framhaldskule. Lektoren er utdanna på universitetet, som oftast, ho har hovudfag eller master, og eitt år praktisk-pedagogisk utdanning (tidlegare eit halvt). Lektoren treff du ofte i vidaregåande skule, i bynære strok også i ungdomsskulen. Ei tredje stor gruppe er dei universitetsutdanna adjunktane, ofte i ungdomsskulen, også å sjå i vgs. Denne lektoren med sterk fagleg fordjuping har ingenting i barneskulen å gjera, til det kan ho altfor lite om ungar. Og slik har det vore, og slik er det. Konklusjon: Ingen har tatt over for lektorane! Hallo? Vi er her! Ja, for det gløymde eg å seia. Eg er lektor sjølv. Det går i grunnen greitt.

Så må eg peika på det opplagte, og eg beklagar dette. Vi lever i eit heilt anna samfunn no enn vi gjorde i glansdagane til Bleidvin og Tjeldvoll, som er 50-og 60-åra. Vi kan gjera eit tankeeksperiment: Dersom vi hadde teke vare på spesialskulane, som gjorde at vanartige born ikkje gjekk i vanleg skule, kunne vi då drive skule på same måten som den gongen? Kunne læraren, unnskyld, lektoren, ha sluppe å vera «sosialarbeidar» då? Nei. Vi har til dømes stor openheit om psykisk helse i dag. Dei aller fleste kan mykje om det. Medan ein lektor den gongen kunne lata vera å sjå at Agnes hadde blitt veldig tynn, rett og slett fordi han ikkje forsto kva han såg, er det ikkje slik no. Vi veit og vi ser, og vi gjer det vi skal. Og det er faktisk ikkje å vera sosialarbeidar! Er det noko eg er drit lei, unnskyld språket, så er det dette maset om at vi må vera sosialarbeidarar. Vi er profesjonelle lærarar, og ser vi at eleven vår har det vanskeleg,  snakkar vi med henne, er det naudsynt snakkar vi med helsesøster, eller vi tar ein telefon heim. Eller vi får hjelp av utdanna sosialarbeidarar. Og somme gonger får vi ein telefon heim, og det taklar vi heilt fint. Der kjem dei 43 timane inn.

Og så må eg seia noko om fagleg styrke og å få konsentrera seg om fag. Ta det heilt med ro. Vi elskar fag. Vi gjer det vi kan for at elevane våre skal læra mest mogleg fag. Og vi er utruleg dyktige. Vi er så dyktige at vi kan lesa følgande bombe i Kommunal rapport her om dagen: «Kanskje verdens beste skole«.

Eg innrømmer det: Eg er litt lei no. Eg håpar at streiken snart er over, og at lærarane får behalda noverande arbeidstidsordning. Og så kan vi snakka om framtida, ikkje fortida, ver så snill? Vi har nemleg ein jobb å gjera. Kloden kokar, og våre elevar må redda han. Kva skal vi i skulen gjera med det?

Då er vi i gang – på ein måte

Som eg skreiv i juni, er eg altså tilbake som norsklærar. Eg skal dela dei ti norsktimane i 3MK med ein kollega. Dessverre er kollegaen min i streik nett no, så det vert berre mine fire timar i veka for elevane. Vi må venta på at streiken er over med å legga langsiktige planar og fordela arbeid, etc. Men elevane og eg må jo begynna! I dag har elevane oppretta norskblogg. Den skal dei bruka til å dokumentera det vi gjer i norsktimane. Målgruppa er andre elevar i Norge, og norsklærarane deira. Dei har bestemt plattform, design etc sjølve, og alle har fulle rettar til å jobba med bloggen. Eg godkjenner ikkje før dei publiserer, dette er deira blogg. Det skal gå på omgang i klassen kven som har ansvaret for å dokumentera på bloggen. I dag har vi jobba med å få oversyn over det dei hugsar om norgeshistoria, for når ein kjem på påbygg, er det lenge sida ein har hatt historie. Vi brukte 3 klokketimar på arbeidet. Meir om arbeidet finn de sjølvsagt på bloggen! Spørsmål og kommentarar er svært velkomne – og norsklærarar: Del med elevane dykkar.