Gammal dame er vond å venda – men det går!

Dette er ei slags tilståing. Eller kanskje meir som eit vitnesbyrd? Den som les, får sjå. Eg er ingen gamer. Sjølv om eg har ei fortid med Space Invaders og PacMan, datt eg av lasset då TV-spela (som det heitte) kom, og eg kom aldri på att. Eg har knapt tatt i ein konsoll. Eg likar godt ordpuslespel, Mah Jong og kabalar på ipad’en, og i fjor skal eg tilstå det gjekk nokre timar på Candy Crush. Men dette er liksom ikkje ordentleg gaming, trur eg vi må seia.

Og så er det jo det, at eg jobbar på ein skule som mellom anna profilerar seg på at vi brukar spel i undervisninga. No har vi til og med søkt store midlar frå Forskningsrådet om eit innovasjonsprosjekt, der vi skal etablera eit forskningsbasert kompetansesenter for bruk av spel i undervisninga. Og eg skal leia prosjektet, om vi får det. Hm. Neidå, eg MÅ ikkje vera ein gamer for den jobben, det er andre ting eg må kunna. Men det kan jo vera greitt å vita litt? Ha trykt litt på knottane, liksom? Så eg har hatt nokre forsøk. I fjor prøvde eg å læra meg å spela Civilisation. Det gjekk ikkje. Eg skjøna aldri kva eg måtte gjera, og kva poenget EGENTLIG var. Eg forsto kva spelet handla om, i teorien, men spelinga fekk eg ikkje tak på. Så, like før ferien, kom Aleksander Husøy, ein av spelpedagogane våre, til meg med eit spel som heiter «Gone Home». Og jau, eg lova å prøve. Men eg kjeda meg. Eg var så klurete til å manøvrera, og eg brukte utruuuuleg lang tid på slikt som dei som har det i fingrane, gjer på eitt minutt. Dermed gjekk alt veldig seint, og eg fann igrunnen ikkje ut så mykje. Og så var det ferie.

Men no på fredag var eg på workshop om spel, med høve til å testa litt. Det var ein kjekk dag, og eg fekk mot og inspirasjon til å prøva igjen. Så denne veka gjekk eg laus på Gone Home igjen. Og no i ettermiddag løsna det. Etter ca 2-3 timar speling totalt, fordelt over nokre dagar. Eg fann ei hemmeleg dør. Eg fann eitt nytt kart. Eg skal ikkje seia meir om det, men brått var eg oppslukt. Og eg ser klart kvalitetane Aleksander har sett, og eg er ikkje i tvil om at eg kan bruka dette spelet i engelskundervisninga til neste år. Juhu!

Eg har lært: Det tar ikkje så langt tid som eg trudde det skulle ta å bli hekta. Eg har prøvd for kort og for lite før.
Eg har fått bekrefta: Det er gode, «litterære» – kva skal vi elles kalla det – kvalitetar i Gone Home, som heilt klart kan høyra heime i undervisning.
Mitt råd til andre gamle damer: Kom «an – vi kjem til å ha andre blikk på spela, andre innfallsviklar, det er verdifullt, også for gamerkollegaene våre! De er utfordra!

Litt lenker:

Spelpedagogane sin blogg: Her finn du mellom anna stoff om Gone Home
Artikkel om Gone Home i Mindshift

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

One thought on “Gammal dame er vond å venda – men det går!”

  1. Du viser en ureddhet som jeg synes er meget passende for en lærer som forsøker seg med spill i klasserommet. Det skal mot til for å ta steget, det kommer lettere for lærere som har mye spillerfaring, men for resten kan det være en stor utfordring.

    God jobbet og lykke til videre med spill i klasserommet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s