If You Love Somebody, Set Them Free

Utdanning har potensiale til å vera eit frigjerande prosjekt. Og eg trur at mange av oss vart tiltrukne av arbeid i skulen på grunn av nettopp det. Vi vil gi barna det dei treng for å forstå samfunnet rundt seg, og tenkja kritisk om det, slik at dei kan gjera opp si eiga meining, og forkasta andre. Men kor frigjerande vil vi eigentleg ha det? Det er det eg tenkjer mest på no, i avslutninga av årets opphald i London og på BETT. 
For utdanning kan også ha mange undertrykkjande element, og kvar er balansen mellom tradisjonsoverføring og frigjering? Det er vi som bestemmer kva ungane skal læra. Til nød får dei velga kva måte dei skal læra det på, og vala vi gir dei, er ikkje veldig ulike. Dei får ikkje bestemma når dei skal læra noko. Motivasjonen deira får versågod vera der akkurat når vi treng den. Alle gjennom same kverna, bileta frå The Wall er heilt relevante framleis.
No er det skular som prøver på andre måtar. Eg har forstått dei siste dagane at slagordet er at vi må gå frå “Just in case” til “Just in time”. Altså frå eit pensum der ungane skal læra noko dei kanskje får bruk for, til at ungane får kunnskap om noko, fordi dei akkurat der og då lurer på akkurat det. Og då er det vår venn internettet som kan trå til. Eg trur det er noko her. Men Sugata Mitra seier “Knowledge will become obsolete”. Og då ramlar eg av. Knowledge? Det kan henda vi legg ulike ting i omgrepet. Eg trur også at vekta på faktainnlæring med fordel kan reduserast, og at prosessar som td kalkulasjon kan gjerast av maskiner, men knowledge er for meg mykje meir komplekst enn det. Kunnskap om kontekst, historie, kva det vil seia å vera menneske, alt det vi treng for å skapa meining i det vi ser rundt oss. Det må vel skulen driva med? 
Teknologirevolusjonen vi er midt oppe i har også eit frigjerande potensial. Når vi kan møta menneske frå heilt andre kulturar, sjå og snakka med dei ved hjelp av teknologi, kan eg ikkje tenkja anna enn at det er verdifullt for vår felles framtid, at det kan bli avgjerande, faktisk. Eg er også heilt overtydd om at barn må læra koding. Dei må forstå maskinene i mykje høgare grad enn det til dømes eg gjer. For undertrykkingspotensialet er like enormt som frigjeringspotensialet. Overvåkinga og dei komersielle interessene har ikkje vårt beste i sinne, i alle høve ikkje heile tida. Barn må kunna vita korleis dei skal vera subjekt og ikkje objekt. 
Vi i skulen kan bruka teknologien på frigjerande vis. Vi kan også bruka han til undertrykking, eller for å vera litt meir diplomatisk, meir effektiv vidareføring av systemet. Når målstyring og resultat på testar er det som tel, er det, som Audrey Watters sa i går, kanskje elektroniske flashcards som interesserer oss mest. No kjem den adaptive teknologien for fullt til skulen. Vi kan sjå, og elevane kan sjå, kva dei har lært, kva dei treng å øva på, korleis dei “ligg an”, som vi seier i skulen. Ligg an til kva då? Bør vi kanskje spørja. 
Eg skulle ynskje skuledebatt kunne handla om slike spørsmål. Og at ikkje alle var så skråsikre. Eg synest dette er vanskelege spørsmål. Men det er ikkje farleg å tenkja på dei.